Auga for auga

Alt eg vil med denne posten, er å dela. Det er så hyggeleg når andre deler gode lenker og opplevingar med meg, så eg må gjera ei teneste igjen, synest eg. Eg vil dela ei lenke.

Som eg har nemnd tidlegare så likar eg SF og Fantasy, og éin nettstad eg har glede av med tanke på dette, er 365 tomorrows. Som namnet hintar om er det ein ny, kort historie kvar dag, innan Science Fiction-sjangeren. Veldig greitt å abonnere på feed-en der.

Eg kom nett på det, då eg gjekk tilbake og leste ein litt eldre historie, Eye For An Eye, og tenkte at slikt skulle eg kunna hatt her òg …

Kjøpa bøker etter kilopris

Stabelen med bøker eg har kjøpt til kiloprisDenne veka har det vore Sandnesdagar her i, eh, Sandnes. Det har med andre ord vore ei veke med liv i gågata, masse ulike standar og butikkane har hatt fleire gode tilbod. Ja, ikkje berre dei i gågata då. Når det er slik, så blir ein gjerne gåande rundt og sjå litt ekstra, sånn i tilfelle du oppdagar noko gøy du ikkje visste du kunne tenkja deg … 😉

No har det jo òg vore eit ypperleg vêr – stort sett – til å gå rundt slik ute i gata. Lettkledd og nyta sola og softis, sjå på livet, og kanskje finna nokre tilbod du blir litt nyfiken på. Eitt slikt tilbod var det eine bokhandlaren som baud på.

Utanfor nemnde bokhandel var det stilt opp nokre bord der dei hadde bøker til salgs. Ikkje så uvanleg akkurat det, men her var det fleire bøker enn dei pleier stilla ut slik – og så var dei prisa pr kilo. 25 kr/kg og 50 kr/kg. Slikt stiller etter mi meining i klasse med posesalg, så her måtte eg jo berre snusa litt og sjå om det dukka opp noko interessant. No skal det jo seiast, at til ein slik kilopris så kan ting lett bli meir interessante enn det dei opprinneleg var.

Eg fann litt bøker eg. I tre omgangar. Torsdag fann eg litt, jentene i butikken vog opp, og eg betalte for 1,5 kg. Det same skjedde fredagen. Og i dag, då fann eg jammen litt til, denne gongen 860 gram bøker. Så kan du lura då: Kor mange bøker utgjer 3,86 kg? Vel – eg er ikkje heilt sikker eg, for eg la merke til at fredagen så slo dei litt av på vekta. Etter mi vekt her heime, så har eg til saman kjøpt 4,1 kg. Kor mange bøker det utgjer, det kan du sjå av biletet på sida her.

Ser du godt etter på biletet, så legg du kanskje merke til at det er stort sett éin type bøker som har fanga interessa mi. Alle bøkene er òg i same prisklasse, så om eg seier at eg etter mi vekt har fått 6 kroner i avslag, skulle det vera enkelt å finna ut kva kilopris eg har betalt, og kor mykje eg har betalt til saman.

Det skulle i alle fall vera liten tvil om at det ikkje er noko å seia på prisen…

Einaste problemet då er å finna ut kva for ei eg skal starta med. Kom gjerne med forslag 😉

Bøker du bør lesa — den definitive lista

Då eg først byrja å sjå desse listene over bøker ein bør lesa, fordi dei er bøker ein bør lesa, så brydde eg meg i grunnen ikkje. Ikkje noko særleg reaksjon frå meg over responsane på desse listene heller, men når eg no ser Tom Egeland med ei oppsummering så greier eg ikkje heilt å halda meg lengre. Med så mange ulike bøker og forfattarar på dei ulike listene, så har eg bestemt meg for å berre skjera gjennom og presentere den definitive lista over bøker du bør lesa.

Ei vanskeleg oppgåve skulle ein tru, med så mange ulike preferansar ute og går, men om ein held tunga rett i munnen så går det bra likevel. Så for å gå rett på sak, her er lista i prioritert rekkefølgje:

  • Bøkene du likar å lesa, og har glede av

No kan det jo hende det stadig er ein del som er ueinige med meg, men eg vil prøva å grunngje det utvalget eg har gjort.

Først av alt, så finst det mange bøker. Det er så mange at du ikkje greier å lesa alle, uansett. Du er nøydd å gjera eit valg, og sortere etter visse kriterium. Spørsmålet er, kva for nokre?

Ein del bøker har hatt mykje å seia, og gjort store inntrykk. Bør du lesa dei av den grunn? Dersom det berre blir eit pliktløp for at du kan seia at du har lest dei, så bør du heller lata vera. Det er nok av andre bøker å velja mellom. Dersom du er nyfiken på bøkene, fordi du har høyrt om dei, så for all del: Prøv. Men, om du oppdagar at det ikkje var noko givande så legg boka vekk. Ho vil ikkje gi deg noko om du ikkje likar ho.

Bør du lesa bøker fordi forfattarane er berømte? Eller fordi folk du ser opp til har lest dei, kanskje til og med tilrår deg å lesa dei? Eller kanskje bøkene som står på ei eller anna liste over bøker du bør lesa, av ein eller annan grunn? Svaret blir i grunnen som over.

Om du les bestemte bøker kun fordi du får veta at du bør lesa dei, så kastar du bort tida med noko som ikkje gir deg noko. Gir det deg ikkje noko, så vil det verta kjedeleg, og kanskje ta frå deg lysta til å lesa? I så fall er det jo bøker du absolutt bør unngå i staden.

Så over til lista over bøker du bør lesa: Bøker du har glede av.

Det er mykje du kan ha glede av å lesa. Bøker som lærer deg om geologi, romfart, dinosaurar. Bibelhistorie og bøker om profetiane i Bibelen kan vera spennande. Bøker om tal og matematikk kan vera fascinerande. Veldig nyttige bøker alt i hop, og har du glede av dei så er dei så absolutt givande. Men sjølv kiosklitteratur kan vera viktig og givande. Kanskje ikkje i følgje diverse litterære kriteruim, men reint personleg.

Kort oppsummert så kan eg vel seia som så, at den beste litteraturen er den som gir deg lyst til å lesa meir. Kva er vel betre enn det?