Milliways: The Restaurant at the End of the Universe

Eg fekk nokre gode minner då eg såg kva som dukka opp i RSS-lesaren min i dag frå waxy.org: Nytt (eller gammalt) om Infocom. Andy Baio har fått tak i arkivet til Infocom, med bl.a. dokument og kjeldekode til alle spela dei laga, utgitte og ikkje utgitte, og det er det sistnemnde som var spennande her. Nemleg den planlagde oppfølgjaren til “Hitchhiker’s Guide to the Galaxy” – “Milliways: The Restaurant at the End of the Universe”.

Ikkje berre var det interessant å lesa dokumenta og konversasjonar som foregjekk i firmaet under planleggjinga og diverse problem som oppstod (t.d. at Douglas Adams i kjent stil mista interessa og heldt på med andre ting, òg…) men blant kommentarane på innlegget så dukka det opp kjende namn: Utviklarar av spela.

No hadde eg jo sansen for Infocom og spela deira, men eg må innrømma: Hitchhiker fekk eg aldri spelt ferdig… Kanskje eg skulle prøva igjen? Hmmm