Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.
Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:
- Some like it hot.
- Mrs. Doubtfire
- Diverse Snurre Sprett-filmar
- Just like a woman
- The Rocky Horror Picture Show
- Priscilla, Queen of the Desert
- Switch
- Shrek 2
- Robotene
- Diverse Tom & Jerry
- Twin Peaks (OK, det er frå TV-serien eg har det, men…)
- Bruno (evt. The Dress Code)
- Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
- Krigen er Pyton (Privates on Parade)
- White Christmas
- Diverse Monty Python-filmar
- Alt om min far
- The Rose
- Crocodile Dundee
- Crocodile Dundee 2
- Erik the Viking
- Revenge of the nerds
- Tootsie
- Victor/Victoria
- Sorority Boys
- Yentl
- Ace Ventura: Pet Detective
- The Birdcage
- The Crying Game
- Eddie Izzard: Dress to kill
- Huckleberry Finn
- 100% menneske
- Nobody’s Perfect
- Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
- Ranma ½: Nihao My Concubine
- Ed Wood
- Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, såg eg teaterversjonen på NRK i påsken…
Oisann – det vart visst litt fleire enn eg trudde det, då eg starta å rekna opp. Rettnok måtte eg grava djupt for å få fram frå minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.
Så er det ein del fleire filmar då, som eg har bestemt meg for eg skal sjå. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…
- Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
- Connie and Carla
- Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
- Kinky Boots
- Iron Ladies
- Transamerica
- Breakfast on Pluto
- Finding Neverland
- Hedwig and the Angry Inch
Det er det eg veit eg skal sjå, men det finst sikkert mange fleire eg burde få med meg. Kjenner de til nokre, så er det eit kommentarfelt under her… 😉