No er eg fri!

Ute i sola

[verse 1]
I mørket fant eg klede,
minikjoler gjømt vekk frå mor.
I stilla kledde eg meg i drømmer,
redd for kva dei andre tror.

[pre-chorus]
Men bakom skjermen, kom eg fram,
på ICQ og IRC fann eg ham.
Ei venninne såg meg som eg var,
i fantasien byrja eg å bli klar.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[verse 2]
Eg har gått i natta, gjømt meg i frykt,
berre mørket fekk vite kor eg var.
Men så kom dagen, ei ulykke slo hardt,
livet viste meg kva som er viktigast.

[pre-chorus]
Ein ekspeditrise, eit smil, ei hand,
på Kvadrat møtte eg ei trygg hamn.
Ingen spørsmål, ingen fordommar,
berre lys, ingen mareritt lenger kvar.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[bridge]
Eit steg i lyset, dagen er mi scene,
parykk, sminke, dette er mi stemme.
Ulykkene lærte meg, frykta er forgjeves,
no står eg sterk, heilt uanfekta.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[outro]
No er eg fri, eg er fri,
det er min tur å leve, min tur å bli.

Kvifor vera redd?

Som eg nemnde i førre innlegg, så turde eg etter kvart å prøva litt klede før eg kjøpte dei. Eller let vera, om dei ikkje passa eller var fine på meg. Ikkje at eg slapp meg heilt laus i butikkane heller, eg var stadig forsiktig og diskrét, sjølv om eg hadde hatt ei positiv oppleving.

Å gå ut som kvinne dog, og visa meg offentleg i dagslys, nei det var uaktuelt. Det fekk vera nok at eg hadde opna meg for venner på internett. Eg heldt meg stadig inne eller ute på nattestid når eg var kledd som kvinne. Det gjorde godt å gå ut slik, godt å vera ute, og ikkje vera redd for å møte folk i dagslys der dei lett kunne sjå kva eg var. Tenkte eg.

Girl walking out at night
Illustrasjonsfoto: Ute og går nattestid

Ein dag eg kom heim, var ikkje avisa levert i postkassen enno, men eg kledde meg heilt om som kvinne likevel – og heldt meg inne. Turde ikkje gå ut og henta avisa då den kom, så eg venta til etter midnatt før eg vågde meg ut og henta inn den.

Dagen etter slo tanken meg: Kvifor skal eg gå rundt å vera redd for kva totalt framande folk tenkjer om meg? Det var mange andre ting som var mykje verre og som eg kunne vera redd for. Eg var trass alt i live – og det var ikkje ei sjølvfølge: Eg hadde vore i ei ulukke, der ein person rett attmed meg var ein av dei som ikkje overlevde – og det var visst berre minuttar om å gjere for meg òg. Kva dei eg ikkje kjenner tenkjer om meg er berre uviktige bagatellar i samanlikning, og ikkje noko eg treng bry meg om uansett. Trass alt – når eg ikkje kjenner dei, kvifor skulle eg bry meg om kva dei tenkjer?

Éin ting er å tenkja det. Ein annan ting er å gjera noko med det. Så kva gjorde eg? Eg kledde meg om som kvinne, brukte parykk og sminke for å i alle fall vera ein smule overbevisande, og gjekk ut i sola. Helste på husverten då eg gjekk forbi han, og fortsette til Kvadrat for å sjå og handla. Negative kommentarar kunne eg ved dagens slutt telja på mindre enn éi hand …

Jente i skjørt og topp på kjøpesenter
Illustrasjonsfoto: Ute på kjøpesenter

Ein barriere var broten! Ikkje berre hadde eg turt å gå ut som kvinne, utan å vera redd for kva andre måtte tenkja om meg – eg hadde ikkje fått ein einaste negativ kommentar, det var vel helst litt oppmuntrande smil og positive kommentarar. Og no fekk eg kjenna på det andre hadde fortalt om på Usenet/News: Det var som å sleppa ut i fridom – aldri om eg skulle inn i fangenskap igjen. Eg var ikkje lengre redd for å visa meg som kvinne!

I byrjinga var angsten …

Sidan eg har lyst å gjenopplive denne bloggen, så har eg stilt meg spørsmålet: Korleis skal eg gjera det? Skal eg fortsetja i same stil som før, eller bør eg endra på noko? Det blir litt som å starte på nytt, så kvifor ikkje starte med starten?

For å ta det kort om dei aller tidlegaste gongane, så var eg ikkje store guten før eg fann nokre av mamma sine gamle minikjolar i skapet. Ikkje klesskapet hennar, for ho brukte dei ikkje. Men eg måtte jo prøva dei på, og dei vart fotside kjolar på meg. Var jo moro det, og etter kvart som eg vart eldre fann eg litt meir og prøvde. Men, eg heldt det hemmeleg. Gutar skulle jo ikkje bruke dameklede – og eg var litt redd for reaksjonen.

Liten gut i mammas kjole
Illustrasjonsbilete: Liten gut i mammas kjole.

Og sånn fortsette det. Etter kvart som eg vart eldre, så skaffa eg meg litt etter litt mine eigne dameklede. Og damesko. Eg prøvde ikkje på før eg kjøpte, det var for skummelt, så det var å ta sjansen på noko billig. for det måtte jo haldast hemmeleg!

Det byrja så smått å endra seg etter eg fekk meg internett. ICQ var ein av dei stadane der eg fekk god kontakt med enkelte – og IRC, News, og ein del eg ikkje hugsar namna på. Ei av dei eg hadde kontakt med på ICQ fortalde meg ein gong om kva ho fantaserte litt om der og då: Meg i ein sexy, kort sjukepleiaruniform For kvinner. Og krølla hår og makeup, slik at eg framstod som ei vakker sjukepleierske. Som ei kvinne, med andre ord.

Dette måtte eg jo sjølvsagt protestere på. Eg hadde ikkje krølla hår … men opptakten til å opna meg litt og stå fram som transe var no lagt. Dei to eg var i samtale med då ho fortalde om fantasien sin var jo dei første eg fortalde det til, og andre? Vel, eg var veldig forsiktig med det. Eg veit eg fortalde det til éi til på eitt eller anna tidspunkt.

Men det var på internett. Korleis gjekk det på heimebane, offline? Vel – eg greidde etter kvart å gå ut som dame – i nattemørket. Slik kunne eg unngå å møte folk, og det ville i alle fall ikkje vera så lett å sjå at eg var mann om eg skulle møta nokon … Skummelt, men det kjentest godt, òg.

Men å kjøpa klede? Det var jo stadig å ta sjansen og kjøpa billig. Å prøva kleda først? Vel – kanskje om eg kunne greia å ta med meg noko til prøveromma i herreavdelinga … eg skal ikkje påstå at eg ikkje gjorde det, for det hugsar eg ikkje så klart. Men éin dag så endra det seg. Det var eit par fine kjolar eg såg, men dei kosta for mykje til å berre ta sjansen, så eg tok mot til meg og spurte ekspeditrisa om ho trudde dei ville passa … vel, meg?

Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken
Illustrasjonsbilete: Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken

Svaret og tonefallet hennar var vel ikkje heilt det eg venta meg: “Det er berre til å prøva det.” Og det sa ho som om det skulle vera den naturlegaste ting i verda. Så då prøvde eg kjolane eg. Eine passa, andre var for liten. Og eg fann ut at OK, det var ikkje farleg å prøve kleda i prøverom.

Men å gå ut som dame, nei det var stadig alt for skremmande!

SheZow

Meininga var jo å oppdatere litt her, men … det stoppa litt opp med det innlegget eg hadde i tankane. Sååå … plan B?

Eg har ingen plan B, men eg kan jo alltids gjera det enkelt og gje lenka til ein serie som gjekk på TV for ein del år sidan. Ikkje norsk TV då, men … og det gjekk berre i éin sesong.

Personleg har eg ikkje kome lenger enn til å finna ut at denne serien skal eg sjå:

Å bli ein superhelt ved hjelp av ein ring kan jo vera draumen for mange. Men … vel. Det er jo ein grunn til at eg lenker til denne serien her, sant?

Forvirra naboar?

Kom over eit bilete på nettet, ei gammal framside av eit blad. Frå 1952. Det er jo kanskje passande nok for å kunna visast her i seg sjølv, men, eg såg litt nærare på boka som ligg på bordet …

Mann som med litt kreativitet skaper ein feminin silhuett av seg sjølv på nedtrekt rullegardin

«How to confuse your neighbours»

Vel – det fekk meg jo til å tenkja på mine naboar. Er dei forvirra over meg, og kven eller kva eg er? Eg presenterer meg ikkje forskjellig frå nokre av dei, eg er meg sjølv heile tida eg, men altså – eg blir kalla både ein kjekk mann og søt dame …

Men det er vel sånn eg er, då. 🙂

Geraldine

Eg har skrive om denne videoen tidlegare. Originalen finst stadig på YouTube, men eitt eller anna har skjedd. Ein annan versjon vart posta seinare, reparert, men utan starten. Det var jo litt dumt, syntest eg.

Sååå – eg kombinerte litt eg, og fiksa litt, så no er tittelsidene og startskriket tilbake. Undertittelen viser jo med éin gong kva situasjonen er.

Gammal, men dog – skadar ikkje med ein repetisjon, eller?

Sååå – kva no?

Spørsmål og svar

OK, denne bloggen har ikkje akkurat sett så mykje aktivitet i nokså mange år no, og brått har den eit litt nytt design. Så kva skjer?

Spørsmål og svar

Kvifor har bloggen vore død så lenge?

Fordi eg ikkje har oppdatert den!

Og grunnen til det då?

Det er mange grunnar til det, men mesteparten er nok relatert til PTSD og følgjene av det som eg til slutt ikkje greidde å overvinna; konsentrasjonen og energien var vekke, og ein del fysiske plager. Sistnemnde har heldigvis blitt betre, om ikkje heilt vekke.

Vil eg starta opp igjen no då?

Det er det eg satsar på, for eg har lenge irritert meg over situasjonen. Så no vil eg prøva igjen.

Greier eg det?

Eg kryssar fingrane. Har fått litt ekstra inspirasjon ei stund no, så …

Og kor ofte vil eg blogge?

Vel, basert på det eg har sagt over så tør eg jo ikkje lova for mykje. Eg håpar eg greier å blogge kvar veke, men det er betre å blogge irregulært enn ikkje i det heile. Synest eg då, for min eigen del.

Og innhaldet?

Vil vera mykje det same som før, reknar eg med:

  • Personlege opplevingar, nye og gamle
  • Interessante artiklar frå nettet
  • Videoar
  • Musikk
  • Bilete
  • Historiar

Og elles får eg sjå på kva innspel eg kan få etter kvart.

Og alt det andre du måtte lura på?

Spør meg, så skal eg prøva å svara.