Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.
Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, då hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen — eller Jordan — har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre når dei vert lagra.
Muleg enkelte vil seia at dette må lagrast enno litt lengre, men…
Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.
Arnold Layne er den første singelen Pink Floyd gav ut etter å ha signert kontrakt med EMI. Tittelfiguren i denne er visstnok basert på ein ekte person, ein transvestitt som (slemt nok) stal dametøy frå klessnorene i Cambridge. Mødrene til Syd Barret og Roger Waters skal jamnleg fått mindre undertøy på denne måten…
Musikkvideoen/”reklamefilmen” dei laga inneheld ikkje ei einaste klessnor.
Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉
Eg har hatt ein del musikkvideoar her i helgene no – men ingen karaoke. Dersom de saknar det siste, så er det ein ørliten sjanse til å få med seg det her. Berre pass på at du ikkje blunkar på feil tidspunkt… 😉
Her er videoen frå musicalen – kanskje den finaste melodien?
Musikkvideoen denne helga, av eit band som vart oppløyst etter å ha gitt ut første albumet. Eg leita lenge etter denne etter først å ha høyrt ein del av songen i musikkvideoen her, og fekk tak i det eg ville til slutt.
Personleg likar eg det bra. Håpar de set pris på musikken og videoen, de òg.
Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart – og i følgje VGTV så er det nokre som ikkje set særleg stor pris på artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, så då må han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?
Eg lurte litt på kva musikkvideo eg skulle ha denne helga, men med tanke på innhaldet i posten “Akseptabelt?” og kommentarane så langt, så passar det kanskje med “I’m what I am” med Kelly van der Veer?