Ikkje før har eg skrive om Saul Williams og albumet hans som kan lastast ned gratis, før eg ser at svenske Lamont gjer det same. I samarbeid med Pirate Bay, som sponsar dei. I kjent stil har Pirate Bay endra litt på logoen sin for å visa til denne hendinga, og om du klikka på han, kjem du til ei side der du kan lasta ned albumet, i mp3, ogg vorbis eller flac, samt musikkvideen til ein av melodiane. Og lenker til heimesidene til bandet så klart, og kor du kan kjøpa den fysiske CD-en og meir til.
Lamont på si side er svært begeistra over all reklamen dei får på denne måten: Over 100.000 lasta ned albumet dei første 24 timane, og over 60.000 såg videoen. Du kan lesa om det på sidene deira, men dei er litt trege for meg nett no…
Vel – treng eg seia meir, eller er de allereie av stad for å sjekka ut dette?