Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?
Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.
Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?
Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?
Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg nyfiken og interessert i svara.

Eg høyrde uttrykket på TV i går, i samband med omtale av The Man Show – det skulle vera eit show for ekte mannfolk og andre enkle sjeler. Ikkje den mest positive meininga der, kanskje, men det blir jo sagt i fullt alvor av både menn og kvinner elles. Så var det det då: Kva legg folk i uttrykket “ekte mannfolk”?
Menn er undertrykt, det er vel slått grundig fast no? Mykje er skrive etter
Tradisjonelt sett så har kvinner brukt skjørt og kjolar, med enkelte situasjonsbestemte unntak i meir moderne tid. Enkelte kvinner tok etter kvart risikoen med å gå i bukser til vanleg òg, sjølv om dei vart sett stygt etter på grunn av det. Først mot slutten av 60-talet (etter det eg har lest) vart det vanleg – og godteke – å sjå kvinner i bukser. No for tida er det nesten omvendt: Du ser som oftast damene i bukser, sjeldnare i skjørt. Kvifor er det slik, at dei bytta ut eit behageleg plagg som skjørt med bukser?
No stiller eg vel eit unødvendig spørsmål i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje å gå rundt i butikkar for å berre sjå, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre må ha. Sånn er det berre.