Som nemnd i førre del i desse innlegga om starten min som Monica, fortalde eg korleis eg turde gå ut som kvinne offentleg i fullt dagslys, og inn på kjøpesenteret. Eg var ikkje lengre redd for kva folk eg ikkje kjente måtte tru om meg. Men – kva med dei eg kjente? Kollegaer på jobb? Ville eg tørra å stå fram for dei?
Eg gjorde jo det, men det skjedde ikkje med éin gong. Det vart først ein del gongar ut etter arbeidstid, ein del fine kommentarar frå tilfeldige personar no og då gjorde meg nok litt tryggare òg. (Sjølv om eg ikkje akkurat tek igjen alle kjenslene mine frå den tida.)
Så var det ein dag då, eg fekk eit lite gnagsår på hælen frå eit par pumps eg hadde på meg. Lite nok til at eg ikkje brydde meg om å gjera noko med det – alternativt hadde eg ikkje plaster til å setja på. Uansett, på jobben så var det irriterande nok til at eg spurde ho i resepsjonen om me hadde noko plaster; eg hadde fått eit gnagsår på hælen av nokre pumps.
– Pumps? spurte ho.
– Det er ein type sko …

Og slik kom eg ut for ei av dei eg jobba med.
Eg hadde òg eit bilete av meg sjølv som Monica, lagt ut på ei heimeside eg hadde den gongen, så eg måtte jo visa henne det. Ei venninne av henne kom innom akkurat då òg, så ho vart jo introdusert for Monica òg, av kollegaen min. Dei var begge opne og nyfikne, ingen problem der. Men – eg hadde fått plasteret eg skulle ha, så eg fór inn på kontoret mitt igjen eg.
Ikkje så alt for lenge etter det, så kom avdelingsleiaren inn til meg. Han hadde oppdaga at eit bilete av meg som dame gjekk runden blant kollegaene mine, og var litt bekymra for korleis eg ville ta det … Eg var jo litt overraska over kor raskt det gjekk, men så var det i alle fall kjent. Og nei, eg bekymra meg ikkje for eventuelle vitsar om det heller – humoren min var den same som før, og eg rekna ikkje med kollegaene mine plutseleg ville byrja å fortelja vitsar og humor som ville gå ut over meg – og skulle det dukka opp ein og annan vits skulle eg nok takla det greit. Forholdet mitt til kollegaer var som før òg. Eg måtte jo vera litt tilbakeholden med korleis eg kledde meg på jobb, mykje på grunn av kundar som måtte koma innom, men utanfor arbeidstid var det ikkje noko problem å møta dei som Monica. Der vart det då både teater-besøk og berre litt sosialt på kafé og diverse.
Så – då var eg ute av skapet? Eg trur eg vil påstå det, sjølv om eg ikkje slo på stortromma og gjorde det offentleg kjent for alle; det var nok at dei eg hadde å gjera med til dagleg eller ofte visste det. Men det vart jo veldig offentleg kjent på eit seinare tidspunkt, då.