Eg gjekk berre rundt og kikka då den store sjansen til ære og lovord opna seg for meg. Å bli behandla som ei prinsesse, bli frakta rundt i limosin, bli dulla og stelt med av profesjonelle som kan det dei held på med, styla opp og fotografert, stor reportasje om meg og påfølgjande fanskare og autografskriving — alt kan bli mitt.
Teoretisk sett.
Vel, kanskje ikkje så heilt stor fanskare heller då, men pyttsann. Eg gjekk som nemnd rundt og kikka i butikkar, og plukka med meg ei lita brosjyre frå Esthetique. Dei og Dior inviterer til å bli med i kåringa av “Look of the Year” stod det der. Eg stoppa opp og kikka inni brosjyra, og fann ut at det er i samband med lanseringa av diverse nytt frå Dior at me i perioden 11. – 23. september kan få lagt makeup hjå Esthetique, og (om me ønsker det) bli teke bilete av for å bli med i kåringa om å bli “Look of the Year” og få ein draumedag som modell i Oslo. Ja, kvifor ikkje?
Eg gjekk inn eg og vart vakkert sminka etter alle kunstens reglar og i nye fargar. Plukka opp nokre tips gjorde eg òg, så no kan eg enno litt meir når eg sminkar meg sjølv. Alltid godt å plukka med seg meir kunnskap når ein kan, om både teknikkar, fargar, og gode produkt. Og til slutt så vart eg altså teke bilete av.
Så får me sjå då, korleis det går. Teoretisk sett så har eg sjansen til å bli ein av tre som går vidare til finalen i Oslo, og får SPA og ny frisyre og makeup og det, og teoretisk sett så kan eg gå av med seieren òg. Er eg heldig med teorien så kan eg altså oppleva å vera supermodell, om enn berre for ein dag. 😉