No er det vel neppe så aktuelt for dei fleste å flytta til Japan for å arbeide i kafé, men der borte ser det ut til at ingen nisje er for liten til å satsa på. Så dersom du er mann, likar å kle deg i dameklede, og kunne tenkja deg å måtta vera kledd som dame for å jobba…
Lurar på om det hadde vore råd å gjort noko sånt her i landet…?
Dersom nokre måtte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, så må eg nok skuffa litt. Eg kom berre til å tenkja på han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen “Koi no dance site” med Morning Musume som fekk meg til å assosiere:
Rettnok oppfattar eg korkje “Temudjin” eller “djenghis khan” iteksten der (sjølv om det godt kan gå forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, så kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:
Når det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk på nettet? No byrja eg lura på korleis det høyrest ut…
Kort og godt fordi eg manglar ord. Andre er kanskje meir veltalande? Alt eg kan seia er at eg ikkje greidde å la vera å sjå og høyra til det var ferdig…