Photoshop, Painter – gå heim og vogg!

Photoshop har jo vore sett på som det beste programmet for grafikk og fotomanipulering, og Painter har fått ord på seg som det beste til å simulere ekte media som oljemaling, akvarell, blyant osv. Vel – tid for å skjerpa seg, for her er konkurranse frå eit velkjent programvarefirma. Eg let videoen tala for seg sjølv:

Lindex – litt meir kvinneleg

Eg er sanneleg ikkje sikker på den eksakte ordleggjinga, men Lindex har jo lenge reklamert med at dei er litt meir kvinneleg. Utan at dei nemner kven eller kva dei samanliknar seg med, men nett no har eg lyst til å tolka dette som at ein person iført varer frå Lindex er meir kvinneleg enn når vedkomande ikkje er iført desse varene. Grunnen er nemleg eit besøk eg nyleg gjorde i ein Lindex-butikk…

Ikkje overraskande var det jo ein del fint og feminint tøy der, men eg var ikkje ute etter noko slikt denne gongen. Søte sokkar, spennande strømper, fint undertøy – men det er jo likevel ikkje noko som skiller seg så særleg ut frå andre klesbutikkar. Likevel, det var i undertøysavdelinga eg såg noko som nok kunne skilta med å gjera meg litt meir kvinneleg.

To ting som i relativt sterk grad seier “kvinne” er hoftene og puppene. Blant dei som har noko å skilta med av det sistnemnde finst det push-up BH-ar, mens dei som har mindre treng litt ekstra hjelp. Og at det finst ulikt å fylle ut litt ekstra i ein BH med, det er heller ikkje noko stor løyndom. Det er alt i frå formpressa skumgummi til silikonputer som aukar cup-storleiken. Og dette fann eg jo der, no som tidlegare. Men eg fann òg noko eg kun har sett på nettet før, på stadar som rettar seg mot transar. Eg fann falske brystvorter.

Vel, kvifor ikkje? Det kan vel vera pirrande for nokon ein kvar å ha konturen av eit par framtredande brystvorter under toppen, like mykje som litt større pupper…

Likevel, slagordet “litt meir kvinneleg” får etter kvart ei litt anna tyding for meg no, når Lindex så smått byrjar å gå transebutikkar etter i næringa. 😉

Korleis knyta ein sarong

Det vil kankje vera vanskeleg å nyta varme dagar der ein sarong vil vera rette plagget her i landet no, men kanskje det er ein del menn og kvinner som reiser til varmare strøk for å få oppleva sommar i år òg? I så fall kan det kanskje vera nyttig å læra seg ulike teknikkar for å knyta ein sarong.

Mann og kvinne i sarong

Ein del menn er kanskje skeptiske til dette, av di dei ikkje kan tenkja seg å gå i skjørt. Evt. blir nekta å gå i skjørt. Frykt ikkje – ein sarong er meir allsidig enn de kanskje trur. Sjå berre videoen. Første 2 tredjedelar viser korleis kvinner kan knyta og bera ein sarong, siste tredjedel er via mannen.

[flash http://video.google.com/googleplayer.swf?docId=3838459503429999567]

På vengene

I teikneserien Knøttene så tek hunden Sniff på seg rolla som eit flygaress – “Luftens Baron” – der han sit på hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i går og litt i dag, at eg har gått inn i rolla som “Luftens Baronesse.”

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste å finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus på sjølve kartet) for å få fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frå. Du kan starta frå diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frå det punktet du er og ser på i Google Earth.

For å ta den skjermdumpen du kan sjå her, så starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg råd å sjå akkurat kor eg bur på det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, så kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. 😉

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

Det er brunt og svart – igjen

På fleire felt har kvinner det betre enn menn. Mykje betre enn menn. Kanskje ikkje så mange som tenkjer noko over det, men det hender eg gjer det. Så, rett blikket nedover – litt til – der. Fottøy som går under namna sko, støvlar, støvlettar – der er det ikkje så mykje å skryta over på herresida. Ikkje er det dei heilt store variasjonane i utforminga av ulike skor, og når det gjeld fargar, så skal det godt gjerast å finna noko anna enn svart og nokre nyansar av brunt.

Herreskor i ulike fargar

Unntaket frå desse triste fargane er crocs og crocsimitasjonar, og til dels joggesko. No er det jo dei som meinar at crocs ikkje er sko men dei burde jo visa oss ein ting: Menn er ikkje redde for fargar. Så kvifor ikkje tore vera meir eventyrlystne og laga til litt fleire variasjonar av herreskor? Du finn jo all slags fargar i same materiale for dameskor, så det burde ikkje vera noko problem.

Tilsvarande er det for støvlar, der grønt, blått og svart er det normale. Einsfarga, evt. med eit par kvite striper. Slik har det jo vore i alle år, så kvifor endre på det? At skohandlarar fortel om at det har blitt mange menn etter kvart som etterlyser støvlar som både er mønstrete og har sprekare fargar, har ikkje hatt noko å seia for tilbodet.

Når det er slik at det er minimalt å velja mellom, så er det jo ikkje særleg freistande å kjøpa meir enn akkurat det ein må. Økonomisk sett sparar ein jo litt på det, men kvifor ikkje gje same valfridom til menn som til kvinner her? Kvifor skal ikkje menn få matche sko, klede og anna tilhøyr? Er det nokre som trur at menn ikkje bryr seg så mykje om korleis dei ser ut?

Tango for tre?

Espen Esther og Ingrid BeateDet er tid for nye sesongar av kjente, elska og hata show på TV, som t.d. “Idol”, “Jakten på kjærligheten”, “Senkveld”, “Golden goal” og så klart “Skal vi danse” – og det er sistnemnde som har ein liten ekstra vri denne tredje sesongen. Med som deltakar er rikstransen Esben Esther, så ville dansepartneren vera mann eller kvinne?

Ingrid Beate Thompson må nok seiast å vera kvinne, men så spørst det jo korleis Esben Esther vil opptre då. I det paret kan dei jo for så vidt velja mellom to kvinner og ein mann… Det er nok ikkje så heilt galt å gå ut i frå at dei nok vil prøva å variere litt på det feltet, om dei får sjansen, men litt spennande blir det å sjå korleis dei har tenkt å løyse koreografien. Om det er Esther som skal dansa, blir dei då to damer på golvet, eller vil Ingrid Beate vera “mannen” i dansen? Og sidan det har vore ein sterk tendens til at damene har blitt løfta opp frå golvet og svingt litt rundt, så kan det òg bli interessant å sjå. Klart, det er jo alltid råd å gå for litt komikk, eller i alle fall utradisjonelt, og la dama løfta mannen?

Eg for min del er òg spent på korleis dei vil gjera det poengmessig, både hjå dommarane og ikkje minst innringarane; ikkje alle har like stor sans for Esben Esther, men andre igjen kan jo ha ekstra stor sans? Underteikna har i alle fall lyst til å sjå det paret i meir enn to episodar. Kor mange episodar kjem jo likevel an på kor gode dei er – eg vil jo uansett at det beste paret skal vinna. Uansett, konkurrenten Mona Grudt trur i alle fall at han kan vinna på sjarmen, i følge Stavanger Aftenblad (papirutgåva) for det har han i alle fall, seier ho. Ho vart spurt om kven ho trur blir den tøffaste motstandaren.

Og apropos sjarme – det gledar meg å sjå at Kristian Ødegaard blir Guri Solbers sin makker denne sesongen. Han gjer seg nok godt som programleiar her òg, tenkjer eg. 🙂