Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frå bza om å skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd å setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altså.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar … Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange år etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

Sånn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

Så var det å senda vidare oppfordringa, då … Tenker eg satsar på Odin og Rebecca og Helge.

Ulogisk?

Ein tanke slo meg brått her eg sat og filte neglene mine: Det seiest at kvinner frys lettare enn menn – i alle fall er det det eg har høyrt fleire gongar. Er det ikkje då litt ulogisk at i selskap, fine tilstellingar og slikt, så kler kvinnene seg lett og tynt, gjerne viser ein god del hud, mens menn kler godt på seg, gjerne i fleire lag (skjorte, vest, jakke – gjerne i tungt stoff) slik at minimalt med hud visest?

Transedans

Eg ser ikkje så overvettes mykje på TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. Både fordi eg synest det kort og godt er gøy å sjå på, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande å følgja med på Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er så veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, så Esben Esther får me sjå igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til å bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg å sjå Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpå bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er å ta transar på alvor, å setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (Så sant andre preferansar ikkje er kjende.)

Skriv du som ein mann eller ei dame?

Eg kom over ein test her om dagen, som baserer seg på resultata frå nokre israelske forskarar om ulikskapane i tekstar skrivne av menn og kvinner. Det viser seg at menn og kvinner ordleggjer seg på ulikt sett for å formidla det dei vil, og dette kan kjennast att på bestemte nøkkelord i tekstane. Nøkkelorda vert vektlagde ulikt, og ved hjelp av ein algoritme som baserer seg på desse nøkkelorda og talet på ord i teksten så kunne kjønnet på forfattaren bestemmast 80% sikkert.

Testen eg tok baserer seg på engelske tekstar, men sidan eg har skrive ein del engelsk opp gjennom åra så hadde eg noko materiale å ta av her. Eg prøvde meg med ein del ulike tekstar, og kjønnet eg i følge teksten skal ha er … Sånn rundt om halvparten mann og halvparten kvinne. Passande?

No kunne det vore artig å hatt denne testen for norsk språk, men det er nok ikkje heilt rett fram å tilpassa han norsk. I alle fall ikkje med mine kunnskapar. Likevel, til de av dykk som har nokre tekstar på engelsk: Ta testen, og fortel kor godt det stemmer overeins, då. 🙂

Oppdatert

Så har eg oppdatert bloggen min til siste versjon av WordPress. No blir det litt spennande å sjå om alle pluginane eg har innstallert fortset å virka, eller om eg må gjera noko på den fronten. Sånn ved første raske overblikk så ser det no heller fint ut.

Med den nye versjonen kjem òg noko nytt til: Tagging. Eller nøkkelord, som det òg kan kallast. For å dra nytte av dette, så måtte eg jo oppdatere temaet litt, men siden eg allereie hadde gjort dette for eit par andre jenter, så gjekk det fort og greitt. Det største arbeidet på dette feltet vil vera å gå gjennom alle dei gamle postane mine og leggja till nøkkelord til dei. Det skal no gå greitt det òg, etter kvart, men det får venta litt i første omgang. Først får eg sjekka litt at alt står bra til elles.

Dum som eit brød?

Eg er litt sjokkert eg. Sjokkert over kor dumt tilsynelatande vaksne menn kan oppføra seg. Det har å gjera med noko så daglegdags som å handla daglegvarer.

Fleire har sikkert lagt merke til varer som ligg på feil plass rundt om i butikklokala, varer som kundar finn ut dei ikkje vil ha likevel. Litt irriterande kan det kanskje vera, men men. Litt kjedelegare å oppdaga forlatte handlekorger/handlevogner i området rundt kassaapparata (der det gjerne er lange køar i slike tilfelle) men det er ikkje så ofte eg ser. Så lenge det ikkje er snakk om kjøle-/frysevarer så er det jo heller inga skade skjedd. Varene er i god behald.

Men i dag … Vel, eg hadde funne fram varene eg skulle ha, og stilte meg i ein kø der det såg ut til å vera få varer som skulle handlast. Det burde gå raskt; han som stilte seg i køen framfor meg hadde berre eit brød og nokre pastillar. Likevel, det tok ikkje lange stunda før mannfolket byrja å visa teikn til å vera litt utålmodig. Nokre sekund til og han kom med eit irritert grynt, men i staden for å leggja varene frå seg i t.d. avisstatived attmed seg og gå, så slengde han dei i frå seg på golvet og gjekk. Det var nokre som stirra etter han då …

No var det ei lita jente som var flink og gjorde det vaksne mannen ikkje greidde, og plasserte brødet i avisstativet, sånn at det var ute a vegen. Hadde han gjort det sjølv kunne eg trudd han hadde det veldig travelt og allereie var alt for seint ute, men som det er har eg ikkje særleg høge tankar om han. Kven han no er…

Det me ikkje likar, bør ingen få lov til

Som enkelte av dei som er innom bloggen min har lagt merke til, har eg ei avstemming gåande på sida her, med nye spørsmål no og då. No for tida har eg hatt spørsmålet om sminke for menn framme (det går fint an å stemme på dei som er i arkivet òg) og resultata der forundrar meg ærleg talt lite grann.

No skal eg ikkje gjera meg viktigare enn eg er og dra så bastante haldningar ut av denne statistikken, for mange er det ikkje som stemmer. Eg har nok alt for få besøkande til det. Likevel, eg undrar meg altså litt.

Spørsmålet er kort og godt om me bør få sminke for menn. Ikkje heilt uventa (vil eg tru) er det eit fleirtal som er positive til dette av dei som er innom her. Og stemmer. Dei resterande vil helst ikkje eller slett ikkje ha noko av dette. Ingen har kryssa av for at det er det samma for dei – og det er det som overraskar.

At dei som kunne tenkja seg å bruka sminke sjølv, eller vil at mannen/kjærasten skal bruka det, er positive er naturleg nok. At mange er skeptiske til å bruka sminke sjølve overraskar heller ikkje, men at ingen av desse synest det er det same kva andre måtte gjera, det overraskar. For det er jo det som ligg i valget “Samma for meg.” Kan det ha vore litt mistydingar ute og gå, at ein del av dei som har vore negative har stemt ut i frå kun seg sjølve og ikkje kva menn generelt burde kunna gjera, eller er det litt fordommar å spora her?

Uansett, det er jo stadig mogeleg å påverka resultatet, både på denne avstemminga og dei tidlegare som er i arkivet.