Guteleiker?

porsche 356

Eg var i leikebutikkar i går for å kjøpa ein presang til eine nevøen min – det er jo slikt eg gjerne gjer når dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje åleine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei såg, og bønene om å få det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til å tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 år, og skulle tydlegvis få eitt eller anna, så dei vandra rundt mellom reolane for å finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo – det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men så var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sånt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt på at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje så farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og såg på nye ting. Eg for min del var nyfiken på kva det var som hadde skapt store reaksjonar, så eg kikka rundt hjørna på reolen og fann – bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, så både pris og alder kunne vera grunn til å seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstå kvifor det skulle vera så farleg om jenta likte bilar/guteleiker – særleg ikkje i våre dagar når det er lagt så mykje vekt på likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at då eg var liten, så var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle få leika med dei same leikene – det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk … Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell på å gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og å gjera det fordi ungane har lyst på det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

Sinnataggen

<sinna/>Ting skal ikkje alltid vera lette her i verda. Særleg ikkje når det gjeld tekniske ting, slik som ein PC. Når det går ein periode der problema synest å ikkje gå vekk, men stadig er der i større eller mindre grad, då kjem Sinnataggen fram.

Som eit heilt tilfeldig valt døme så tek eg min eigen PC. Han kan vera litt vel treg til tider, men eg har lært meg å leva med det. Stort sett, i alle fall. Her om dagen så var det likevel ikkje nok for han å la ting gå i sirup under oppstart av program, og slike ting – neida, no var det visst på tida å laga problem under oppstarten av Windows. Som ein unge i trassalderen sette PC-en seg rett ned og nekta å gjera noko som helst. Berre sat der heilt uanfekta etter eit par små steg, og gjorde absolutt ingenting.

Eg for min del kunne vore freista til å gjera litt av kvart – diverre har eg ikkje råd til ein ny PC, så det får heller venta. I staden prøvde eg å slå av og på maskina, for å sjå om det hjelpte. Med same resultat. Av og på igjen, og prøvde å starte opp med valget “sist fungerande konfigurasjon” (eller noko i den dur.) Og då gjekk det. Eg pusta letta ut.

Det dumme med PC-ar er at dei treng restartast av og til, og slik er det òg med min. No er det ingen poeng for å gjetta at oppstarten ikkje gjekk heilt knirkefritt. Igjen hadde eg same problem, og igjen måtte eg starta opp med sist fungerande konfigurasjon. Bah! Her måtte eg til med å ta kopi av det eg ville ta vare på, og reformattere driten. Tenkte eg. Så langt kom eg ikkje.

Greit nok, eg utsette det litegrann, slik at eg ikkje skulle bli sitjande seint på kvelden og halda på med slikt. Eg hadde ikkje tenkt å slå av eller restarta PC-en med det første uansett, så det arbeidet kunne venta. Dagen etterpå? Vel – då eg sat framfor skjermen så kom det eit kort straumglimt. Lyset blinka, og PC-en byrja som vanleg med ein omstart. Jippi, liksom. Men – denne gongen fungerte alt prikkfritt. Omstarten gjekk som på skinner, og eg smilte glad og lukkeleg. Endeleg såg det ut til at problema faktisk var over. Eg stolte ikkje heilt på det, men …

Kor lenge var Eva i Paris? Ei god stund vart det (masse å shoppa?) men i dag – eller teknisk sett i går – så var det over igjen. Denne gongen var det òg skikkeleg vanskeleg å få sparka ting i gong, det måtte mange ulike forsøk til. Denne gongen er det nok, og sundagen blir nok brukt til å kopiere det siste til ein trygg plass, før eg reformatterer og innstallerer ting på nytt. Og pengar eller ei, eg skal sjå om eg ikkje greier å sjekka kva prisane er for ein god PC no om dagen…

Sinnataggen? Det er då opplagt? Med slike problem som er lagt for dagen, og frustrasjonar som følgje av dei, så dukkar Sinnataggen opp. Denne gongen er det eg som er Sinnataggen – håpar det ikkje vil vara alt for lenge.

Shopping spree

I samband med diktet “I am” i førre post, så tenkte eg eg skulle fortelja litt om kor gøy det har vore å bruka ein del av mine surt oppsparte pengar dei siste månadane. For det har det faktisk vore – ikkje fordi eg ikkje greier å halda på pengar, men fordi eg har fått så mykje att for dei.

Det er nemleg ein butikk her i byen som har eit slags avslutningssalg. Dei byrja i sommar med det, og skal halda fram til jul. Eller, i alle fall til jul, var det siste eg høyrde. Dette er jo eigentleg ganske lenge for eit salg – godbitane pleier jo å forsvinna raskt, og så sit ein igjen med massevis av ukurante storleikar, som XS og S… Det er ikkje akkurat slik her – her kjem det nye klede inn heile tida, og så vert dei lagt ut for salg meir eller mindre med ein gong. Då er det gøy!

Det kan sikkert nemnast ein del om kor stor avanse ein vanlegvis tek på kleda for at slikt skal gå an å gjera i så lang tid, men for min del er det mest interessante no at det er mulig å få tak i fleire komplette antrekk for nokre få hundrelappar. Og det har eg fått – mange flotte antrekk, og full valuta for pengane. Men så er eg innom ein gong eller meir i veka òg då, og ser om det er nye prisar eller nye plagg som freistar. Av og til er det det, andre gongar ikkje.

Så klart, sjølv om det er billig, så kan eg ikkje kjøpa alt eg kunne tenka meg heller. Diverre. Men likevel har det blitt ein god del på meg der — og meir vil det nok bli. Det er ei stund til jul 😉

Ekte mannfolk

Eg høyrde uttrykket på TV i går, i samband med omtale av The Man Show – det skulle vera eit show for ekte mannfolk og andre enkle sjeler. Ikkje den mest positive meininga der, kanskje, men det blir jo sagt i fullt alvor av både menn og kvinner elles. Så var det det då: Kva legg folk i uttrykket “ekte mannfolk”?

Det kan jo vera så mangt, det ulike folk legg vekt på: Indre kvalitetar, korleis ein ter seg, eller kler seg. Eller noko anna. Og at ein legg vekt på det same, treng slett ikkje tyde det same som at ein meinar det same. Eller – er eg heilt på viddene no?

Berre ta det å te seg. For å vera eit ekte mannfolk, må ein då vera skikkeleg barsk, og (sterk) fysisk? Ut å hogga ved, mekka på motor/bil/sykkel, hår på brystet og vera skikkeleg muskuløs? Er det “you Jane, me tarzran” som er idealet for eit ekte mannfolk, eller kan menn òg ha sans for såkalla mjukare verdiar utan at manndomen deira skal dragast i tvil?

Når eg les litt rundt om kring, så kan det synast som ein del set ei grense for kva menn kan kle seg i: Ekte mannfolk kan kle seg i nett det dei vil, men dei vil ikkje kle seg i noko som kvinner kunne tenkast å gå med. No for tida kan dog kvinner tenka seg å gå kledd i det meste… Har ein mot nok til å gå i mot straumen og ikkje kle seg likt med alle andre, så er det fare for den manndomen? Trudde ikkje “saueflokk” skulle vera idealet?

Andre ting eg har sett nemnd? Enkelte har jo total angst for fuktighetskrem og evt. andre kremar. Sjølv synest eg ikkje det høyrest særleg mandig ut å vera redd for slikt, men det å ta vare på huda si og vera oppteken av korleis ein ser ut (bortsett frå det å vera generelt velstelt) kan synast å vera lite mandig, i følge enkelte. Eg leste for eit par år sidan eller så, eit innlegg i eit blad: Ei jente hadde møtt ein skikkeleg kjekk gut; intelligent, kunne føra gode samtalar, tiltrekkande, vakker kropp og maskulin – han var nesten perfekt. Så fann ho ut at han hadde lakkerte tånegler. Krise! Det vart ikkje noko meir mellom dei to.

Lakkerte tånegler er kanskje ikkje av det mest maskuline, men at noko så overfladisk skulle endra inntrykket frå ekte mannfolk til femi type, det heng vel eigentleg ikkje på greip? Men når eg les eller høyrer kommentarar om “ekte mannfolk” rundt om, så er det oftast svært så overflødige ting det er snakk om. Blir det berre brukt som eit pressmiddel for å få menn til å vera på ein bestemt måte, eller er det noko som kan kallast eit ekte mannfolk? Skiller det seg i så fall ut frå det å vera eit ekte kvinnfolk? (I den grad me høyrer om det, på same måte.) For min del så må det då vera at ein viser ansvar, står opp for det ein meinar, og ikkje let seg tvinga/kua til å vera nokon ein ikkje er. Uansett kjønn. Men det er mi meining, i den grad eg måtte ta uttrykket på alvor. Kva meiner andre?

Rundar av til slutt med eit passande sitat om ekte mannfolk: “Det krevest eit ekte mannfolk å gå som kvinne!” (Sagt av ein transvestitt. 🙂 )

Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg nemleg slik at eg har eit sengesett i sateng, “silk look” eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg å liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina – der var det så mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i å kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. Måndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. Då eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein – før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre når eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i går. Er det ein samanheng? I så fall har eg ikkje vant meg til å sova så godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko å gjera med leggjet… Nei – det er nok nuppefjerninga som gjer det!

Halloween

Jada, eg er klar over at det er ei heil veke og ein dag til Halloween er her – eller Allehelgensaften som det vel heiter på norsk – men det må no vera eit passande tidspunkt til å lura litt på ulike tradisjonar som måtte finnast her i landet?

At ungane enkelte stadar har byrja å kle seg ut og gå på “trick or treat”-rundar for å få godteri, det har eg fått med meg. Halloween parties der dei vaksne kler seg ut er heller ikkje uvanleg, men så er det éin liten tradisjon til eg har lest om i fleire år over i USA: Å gå utkledd på jobb. Ikkje alle, men ikkje så uvanleg heller.

Og så kjem det eg lurar på: Er det nokre her som går utkledd på jobb på Halloween, eller veit om at det blir gjort? Eg er berre nyfiken…

I drag for Rognan

»Damene« i alt for Rognan
Så har eg endeleg fått sett ein episode av “Alt for Rognan” – kanskje det var på tide? No veit eg ikkje kva eg har gått glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg å få med seg. Eg får følgja med vidare for Ã¥ sjÃ¥ korleis ting går. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.

Sjølvsagt vart det mykje lått og moro, noko anna er vel ikkje å venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frå gjengen på vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante å få med seg òg – eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall på alle, og vilje til å gjera det beste ut av det.

Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for å gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar, sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det måtte då vera pinleg å måtta kle seg i kvinneklede, men så veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten – og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok på seg sjølv til å takla slikt.

Stilige som damer var dei i alle fall. 🙂