Kjønnskvotering

Berre ein rask liten tanke etter ein litt gøyalt nytt: “Likestillingsombudet vil kvotere inn transseksuelle i offentlege stillingar.” Berre tull sjølvsagt, men tanken som slo meg er: Sett at det no skal kvoterast inn basert på kjønn – er det då mest rettferdig å kvotere med tanke på det som er mellom beina, eller det som er mellom øyrene?

Dei fleste vil kanskje ikkje ha problem med å plassere ei transseksuell mann-til-kvinne i kategorien “kvinne”, sjølv før operasjon, men kva med andre transepersonar? T.d. ein mann som lever livet som kvinne på fulltid utan å vera interessert Ã¥ endra på kroppen – skal vedkommande reknast som mann eller kvinne? Eller ein person som lever livet 50/50 som mann/kvinne? Kva bør vera avgjerande for korleis vedkommande skal kvoterast?

Mykje kan nok seiast, men kva tankar gjer de dykk sånn reint på sparket no?

Eg må læra meg å lesa i TV-programma

I går – eller onsdag – såg eg at dei reklamerte for ein liten realityserie på TV2 Zebra. “Boys will be girls.” Den skulle eg ha med meg – eg hadde lest om serien på nettet tidlegare, og det var lovande omtalar. Tre gutar som skulle få fart på musikkarriera si igjen – som jenteband. Perfekt serie. 🙂

Joda, eg fekk med meg programmet, ingen problem der. Det eg er ein smule irritert på meg sjølv over er at eg ikkje fekk med meg starten av serien. Eg trudde nemleg at dette var første program, og at eg ville få med meg utplukkinga av kandidatane, og reaksjonane deira då dei fekk veta at dei skulle opptre som eit jenteband. Den gong ei. Dette var tredje episode, og altså godt i gong (det er seks episodar til saman.) Kjedeleg. Men eg skal i alle fall ha med meg resten av serien!

Berre eit lite hjartesukk frå meg.

Menn: Kutt ned på klesbudsjettet!

dametruserDagbladet har ute ein artikkel om tollsatsane her i landet, kort og godt om kor komplisert det er, alt i hop. Og kanskje tullete, alt etter som. Uansett, det var overskrifta som fanga merksemda mi, og teksten gav jo berre enno meir oppmuntrande signal.

Kjære menn. Dersom de vil kutta litt ned på klesbudsjettet, gjer som transane og bruk truser, nattøy, singleter, slåbroker og nattskjorter for kvinner. Det blir altså lågare tollsats for det om de importerer. 😉

Eg berre greidde ikkje å halda slikt godt nytt for meg sjølv … Dessutan, dette kan jo vera ei nyttig påminning om eit tidlegare innlegg eg har. Kvifor skulle ikkje menn dra nytte av dette?

Kjoleskap

Whirlpool, Bosch, Gram, og mange fleire – er dette firma som alle har oppdaga ein ny nisje å tena pengar i? Veldig spesialisert, men likevel stor nok til å rettferdiggjera investeringar?

Dersom eg skal stola på reklamen så stemmer vel det. Eg var nemleg inne i gmail og leste litt der, då eg la merke til reklamen på sida. Nederst i reklameblokka var det eit lite ord som skreik ut etter merksemd: “Hei, sjå her – dette er noko for deg.” Eg brukte den smarte funksjonen i Opera, sette zoom til 200% og såg etter ein gong til. Joda, det var ikkje til å ta feil av. Det vart reklamert for kjoleskap.

Det høyrest bra spennande ut, synest eg. Men – nøyaktig kva funksjon har desse kjoleskapa? Kva fordelar har dei i forhold til vanlege garderobeskap? Med tanke på at produsentane helst er kjente for kvitevarer, så er det kanskje ein kombinasjon av vaskemaskin og tørkeskap, eller?

Eg må innrømma eg er litt i villreie her no. Kva er eigentleg eit kjoleskap? Har de idéar vil eg vera takknemleg om de skriv om det i ein kommentar. 🙂

Kjønn og klede

Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?

Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.

Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?

Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?

Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg nyfiken og interessert i svara.

Stay-ups eller slide-downs?

Stay upsStrømper kan gjera beina skikkeleg lekre, men det er neimen ikkje heilt problemfritt heller. Meir spesifikt tenkjer eg på stay ups. Som namnet tyder på, er desse strømpene meint å halda seg oppe utan hjelp av strømpehaldar. Korleis er så situasjonen?

Det varierer jo litt då, det skal eg innrømma. Når strømpene er nye og gummirendene rundt toppen er ekstra klebrig, då sit strømpene godt. I alle fall til vanleg. Men strømper er jo ikkje nye heile tida, og evna til å klistra seg fast til låra avtek forbausande fort. Sjølv ikkje reine og nyvaska strømper får tilbake den evna dei kom med som nye. Gjer det noko? Er ikkje elastikken god nok i lag med littegrann av den anti-gli effekten gummien gir?

Ideelt sett burde det vera slik, men ein dag du anar fred og ingen fare legg du kanskje merke til at det er noko som ikkje stramar som det skulle rundt låra – er du verkeleg uheldig legg du ikkje merke til det før du lurar på kvifor folk kastar eit ekstra blikk ned på beina dine. Då kan det hende du går rundt med kne/ankelstrømper. 🙁

Kor mange er det som har opplevd slikt? Eg veit eg ikkje er åleine om det. Mektig irriterande er det i alle fall. Knestrømpene mine derimot held seg stort sett på plass – det skuldest kanskje til dels forma på leggen, men eg skulle gjerne sett at vanlege stay ups hadde lært seg eit triks der likevel. Eg er litt lei av slide downs-strømper etter kvart.

Berre eit lite hjartesukk…

Melodi Grand Prix

No har eg ingen planar om å starta på ein serie med postar om Melodi Grand Prix her – det gjer andre godt nok – men då eg via ein engelsk blogg kom over det danske bidraget til konkurransen i Finland i år syntest eg ikkje eg hadde stort anna å gjera enn å rota ned eit innlegg sjølv òg. Ikkje fordi det er eit bidrag engelske Becky håpar vinn (i skrivande stund) men fordi det passar så godt i serien med musikkvideoar eg har her 😉

Så, her er Danmark sitt bidrag: Drama Queen

Impotenspillen

Har du problem med ereksjonen? Reiser han seg når det er om å gjera å vera slapp og liten? Lite samarbeidsvillig når det gjeld? No er løysinga her: Impotenspillen Argaiv!

Argaiv - impotenspillen

Dame med ereksjon

Borte er dei dagane då ufrivillig ereksjon kunne føra til pinlege situasjonar og/eller eit ruinert image. Ein liten pille er det som skal til for at du kan slappa av, utan frykt for at veslemann handlar heilt på eiga hand og prøver å gjera seg stor og viktig.

Er du redd for å få reisning i herredusjen? Angst for kva reaksjonar det kan medføra? Ein liten pille Argaiv i forkant hjelper deg med å unngå potensielt pinlege situasjonar og rykter.

Skeptisk til å besøka naturiststrender fordi du er usikker på korleis du vil reagere? Kanskje du opptrer i eit strippeshow, og ikkje vil la tilfeldighetane rå? Ein liten pille Argaiv, og du slepp å verta flau om det er noko du absolutt vil unngå.

Eller kanskje er du ofte i situasjonar der ein ereksjon er fullstendig malplassert og kan bokstavleg talt øydeleggja alt, som når du er kledd som dame og definitivt ikkje vil gi nokre hint om at du er ei dame med “det lille ekstra”. Ein pille Argaiv før du går ut hjelper deg med å halda på løyndomen i fleire timar. Ein ekstra pille eller to i handveska hjelper på om du skal vera ute lenge.

Bruk

Argaiv hemmar ereksjon og dempar midlertidig sexlyst. Begge delar kjem tilbake når verknaden av medisinen avtek.

Dose:  1 pille pr 4–6 timar, maks 6 stk pr døgn i 3 døgn. Dosering ut over dette må ikkje gjerast utan i samråd med lege.

Biverknadar

Ved lengre tids bruk kan følgjande biverknadar oppstå:

  • Redusert hårtap
  • Meir sensitiv hud
  • Du har lettare for å frysa
  • Periodevise humørsvingingar
  • Auka brystvev (utvikling av bryst)

Lavendelolje gir deg pupper?

Muleg eg burde kjøpa aksjar i firma som lagar produkt med lavendelolje, for no blir det vel eit rush etter slike produkt? 😉

Uansett, i følgje ein artikkel i New Scientist så er det påvist at slike naturlege oljer inneheld både østrogenhermande og androgenhemmande kvalitetar. Tre unge gutar som brukte slike produkt regelmessig utvikla brystvev – men det gjekk tilbake då dei slutta med bruken.

Hmmm – kanskje eg skulle vera litt flinkare til å stella med føtene mine? Eg har litt fotkrem som inneheld lavendel …