Akseptabelt?

Eg har ei venninne som er som jenter flest: Ho følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med gutar og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men – ho er likevel ikkje heilt fri til å gjera som ho vil.

Det er ikkje slik at det er “forbode” å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det – heilt til det er nokre av deira eigne. Det er då presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest venninna mi. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så venninna mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hennar? Ho seier sjølv, at ho kort og godt vil sleppa å måtta vera så “hyperfeminin” heile tida. Dvs, ho er lei av at ho alltid må vera sminka når ho går ut, uansett kva det er. Kleda må vera feminine nok – og tru det eller ei, men bukser er visst ikkje det! Det skal teoretisk sett vera “lov” – men det stillest store krav til person, situasjon og buksene for at slikt skal kunna gå. Greit nok, venninna mi trivest med å vera “hyperfeminin” og kle seg slik vet vert venta av ho, ho har ikkje noko i mot kleda. Det ho ikkje likar er at ho vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse “mørkemenn” som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel – det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer jenter som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. “Er det muleg?” spør venninna mi. Ho trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, bukser? “Kva er det med bukser som gjer at jenter og kvinner ikkje skal kunna bruka det? Er det i det heile teke akseptabelt at slike haldningar rår?”

Eit visdomsord

Mange er redde for å visa for omverda kven dei eigentleg er, av frykt for å bli utstøtt, gjort narr av, bli forlatt eller kva det no er. Då kan det kanskje vera ei trøyst å tenkja på følgjande visdomsord:

“Først går du rundt og er redd for kva andre tenkjer. Seinare bestemmer du deg for å gi blaffen i kva andre tenkjer, før du til slutt oppdagar at ingen tenkjer på deg i det heile…”

😉

Blur – Girls & Boys

Det er ein del år sidan eg høyrde ein melodi på radioen, der refrenget berre fekk meg til å stoppa opp og høyra etter: Jenter som ville vera gutar, ville ha gutane sine til å vera jenter og ein heil masse genderbending. Kva melodien heitte og kven som song, det fekk eg ikkje veta då, men etter å ha skrive refrenget (ikkje heilt korrekt) på Usenet fekk eg veta det.

Her er dei: Blur, med “Girls & Boys”

Richard Wagner

Richard WagnerEg skal innrømma at klassisk musikk er ikkje det eg høyrer mest på, men eg har likevel ein god del eg set pris på. Ein av dei eg raskt fekk sansen for er Richard Wagner – det var liksom skikkeleg trykk i musikken hans. I alle fall samanlikna med mykje av det andre eg har av klassisk musikk.

Om mannen sjølv har eg ikkje visst så mykje. Ikkje at eg har vore særleg interessert i det, så det eg har sett har vore litt sånn standardinformasjon me finn om musikk, oppvekst og giftemål og sånt i diverse leksikon. Men av og til så dukkar det opp informasjon som ikkje er så vanleg å lesa, men som dreg ting vekk frå det tørre og kjedelege. For Wagner sin del til dømes det at han kun ville ha silke og sateng inntil huda, på grunn av sår hud. Eller – var det kun det?

I eit brev til eit firma med moteskaparar i Milano viste han stor kunnskap om detaljane i ein kjole han bestilte, tilsynelatande ei gåve til kona Cosina. Det same med klede han bestilte frå ei fransk syerske – men kona skreiv aldri noko om å ha motteke noko slikt, sjølv om ho elles var veldig ivrig etter å skriva dagbok. Tradisjonen med at kleda skal vera “ei gåve til dama/kona” er visst lang, den…

Men han skal ha vist seg offentleg i dameklede òg – om enn på ein litt spesiell måte? Ein anekdote fortel at han flykta frå kreditorar kledd som ei dame … Han skal òg ha hatt på seg ei damejakke ved eit anna tidspunkt.

Eg får eit litt anna syn på mannen når eg les slikt. Både han og historie elles blir litt meir interessant – finst det fleire kjente transar i historien, kanskje? 🙂

Dana International – Lola

Her om dagen fekk eg eit besøk via israelske Google, etter eit søk etter Lola av Dana International. Videoen var ikkje klar då, men eg hadde allereie funne fram ei lenke etter å ha sjekka kvaliteten på ulike versjonar på YouTube. Den du får sjå her skal vera i bra kvalitet, om ikkje perfekt.

Språket seier meg eigentleg ikkje så mykje – men det skal visst vera om framtida for den overskridande hermafroditt? Eller noko sånt. Om det er nokre som kan fortelja kva det eigentleg handlar om så blir eg glad for det.

Det som smertar mest

Mannen kom i ein samtale med ei transseksuell, og ho fortalte om korleis den kjønnskorrigerande operasjonen hadde vore.
“Men er det ikkje vondt då, å ha mista … utstyret?” spurde mannen.
“Neida. Eg kjenner det mest i lommeboka.” svara dama.

Ein gammal vits, fortalt på ulike vis mange stadar. Men vits eller ei – dersom du er i situasjonen og har bil, så pass på forsikringa

Rustikkseksuelle kvinner

RustikkDei fleste av oss har nok høyrt om metroseksuelle menn, dvs. menn som gjerne brukar kremar for å ta vare på huda si, kanskje pynta seg litt ekstra, og kan bruka skjørt av ulikt slag utan å vera redd for manndomen sin. Men kva med dei metroseksuelle kvinnene? Dei høyrer me ikkje noko om.

Det er vel ingen logisk grunn til at merkelappen ikkje skal brukast om kvinner som ter seg på same måte? Dersom ein vil insistere på at det er kvinnelege verdiar eller kvinnelege sider dei metroseksuelle menna viser, og rettferdiggjer at merkelappen kun skal brukast på menn av den grunn, så følgjer det at kvinner som viser mannlege verdiar eller mannlege sider av seg sjølv må få ein merkelapp. Kanskje “rustikkseksuell” er passande, om det skal vera motsetnadar, at metroen er det kvinnelege og det rustikke er mannleg.

Rustikkseksuelle kvinner – ein fin klang, er det ikkje? Kvinner som kan vera litt røffe, treng ikkje bruka makeup og ekstra pynt, og trer gjerne beina inn i eit par bukser, utan å vera redde for at det skulle kunna truga det kvinnelege ved dei. Det skulle vera ein tilsvarande definisjon som av metroseksuelle menn, og typen kvinner finst jo så absolutt. Slike rustikkseksuelle kvinner finn me over alt, og har gjort det lenge – men kor ofte høyrer du om merkelappar sett på dei? Heller sjeldan, vil eg tru.

Vert det i det heile teke sett merkelappar på kvinner, på same måte som på menn når dei går litt utanfor den smale stien av konformitet? Det ser ikkje slik ut for min del – alt er visst normalt for kvinner. Kvifor så denne iveren etter å klistra opp merkelappar på menn? Er det berre eit verkemiddel til å oppnå noko anna?

Nei, eg trur nok ikkje det er særleg bevisste tankar rundt dette. Ikkje blant dei aller fleste, i alle fall, men det stoppar ikkje fleire menn frå å oppleva forskjellen på menn og kvinner slik. Fordi det er ikkje berre merkelappar det er snakk om, men òg haldningar som følgjer med.

Og eg lurer altså på kvifor denne forskjellen er der – kvifor høyrer me aldri om t.d. rustikkseksuelle kvinner?

Det går opp og ned her i livet

Før helga så leverte eg inn DVD-brennaren min, av den enkle grunn at han ikkje fungerte særleg godt. Ein liten nedtur det – bra ny PC, og eg har i grunnen ein god del som skal brennast på DVD no etter kvart. Satsar på at eg får ein fungerande brennar tilbake.

Oppturen derimot fekk eg denne helga, då eg fekk meg ein flatskjerm til ein overkommeleg pris. Med overkommeleg meinar eg her gratis. Ein fin 15 tommar som skal få plass attmed CRT-skjermen min – eg skal greia å få plass til begge, og det skal bli gøy med to skjermar. I verste fall kan eg vri flatskjermen 90° slik at han tek mindre plass horisontalt. Rettnok må eg kjøpa meg ein overgang til pluggen, men det skal eg greia å stå i.

Vel, eg kom heim att i kveld, og fekk nok å gjera med ein gong eg slo på PC-en. Masse å lesa (ikkje ferdig med det, pÃ¥ langt n¨ær) og litt prat og hjelpe ei venninne. Berre hyggeleg det. Nedturen kom ikkje før eg gjekk inn på badet for andre gong, og oppdaga at cisterna på vassklosettet hadde slått seg vrang. Vatnet hadde ikkje fylt seg opp, fordi ting hadde låst seg. Eg greidde å få ting på plass manuelt etter å ha opna cisterna, men ting er stadig ikkje bra nedi der. Det må nok grundigare arbeid til for å få ting i orden. Det kallar eg ein nedtur.

Klart, eg kan ikkje berre leggja meg etter ein slik nedtur? Heldigvis er eg glad i musikk, så kvifor ikkje berre laste ned litt? (Har litt plass på harddisken enno, sjølv om eg ikkje har fått brent ut på DVD det eg skal…) Og når eg snakkar om å laste ned, så snakkar eg om å laste skikkeleg ned: (Release 1 [3.1G] – 739 MP3s). Release 1 tyder på at det er meir i vente seinare. Prøv sjølv, hjå SXSW – eg er godt nøgd med torrentane dei gav ut i fjor, og stolar på det blir mange timar med godlyd denne gongen òg. Uansett, dette kallar eg opptur! 😉