Bli sminka i butikk

Makeup i butikk

Har de nokon gong prøvd å få lagt makeup i butikk? Det har eg, nokre gongar. Eg høyrer/les litt rundt om at det slett ikkje er alle som tør det, men det har aldri vore noko problem for meg, uansett kven av meg eg har vore… Det har vore heilt naturleg å behandla meg som dame, og til og med som mann – eg kan vera meg, utan å forestilla meg. Personalet i butikkane har alltid vore minst like vennlege som elles.

Eg har ikkje alltid kjøpt noko dei gongane, men eg har jo plukka opp tips og teknikkar for å få fint resultat, og det er jo alltid godt å ta med seg. Makeup kan brukast på litt utradisjonelt vis òg, har eg lært av dette.

Ein gong eg impulsivt stakk innom og vart sminka som mann forresten, sette sminkøren stor pris på det. Alt for få menn her i landet brukar makeup, meinte ho. Ho samanlikna med menn nedover i Europa, der dette var meir vanleg. For forloveden til dotter hennar (ein italienar) var dagleg makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet sitt?

Men altså, for min del har det å bli sminka i butikk vore ei udelt positiv oppleving. Prøv det, de òg, menn som kvinner.

Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hårfarging i førre innlegg, så ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke – det er gammalt nytt – men at det no vert å finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet på at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så langt er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer på er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei – har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

Hårfarging

Eg hadde lyst å fornya meg eg, så i kveld farga eg håret. Ikkje så veldig uvanleg aktivitet, akkurat – mange gjer det ganske ofte. Eg har i grunnen gjort det ein del gongar eg òg, og prøvd litt ulike fargar. Sist tok eg ein farge nokså lik den naturlege hårfargen min, berre litt meir blond, så forskjellen vart ikkje så overvettes. Ingen kommenterte det, så det vart kanskje ikkje lagt merke til i det heile. Denne gongen hadde eg lyst å endra farge litt meir tydeleg – eg tenkte meg litt meir gylden/mørkare då eg kikka på dei ulike fargane eg kunne kjøpa.

Denne gongen vart det litt tydlegare at eg har farga håret. Ikkje heilt den fargen eg såg for meg, det skal eg innrømma. Det vart nemleg litt … raudt …

Blir spennande å høyra kva kollegaer seier i morgon då. Dei kjenner meg berre som blondine der eg er no – raudhåra er det fleire år sidan eg har vore, så det er litt uvant å sjå meg sjølv i spegelen. 😉

Ein ting eg kom til å tenkja på då eg heldt på å skylja ut overskytande farge frå håret, er kven det er som fargar håret, og kor stor eller liten aksepten for det er. Er du ung og jente, så kan du skifte farge så ofte du vil, men når du blir eldre så bør du visst halda deg til éin nyanse, og kanskje helst nær den naturlege? Eit inntrykk eg har, men det kan sikkert variere med miljø. Miljøet spelar i alle fall ei rolle når det gjeld gutar: For enkelte er det heilt greit å farge med den fargen du vil, mens for andre er det ikkje akseptert. Det heng nok igjen at det er ein feminin aktivitet.

Det med at hårfarging skal vera for kvinner er nok ei haldning som gjer seg mest gjeldande blant menn, middelaldrande og oppover. Ein episode eg har i minne er frå då eg starta å farga mitt eige hår: Eg stod og såg på dei hårfargane dei hadde på salg på Cubus, då eit ektepar på rundt 50 kom og såg òg. Det viste seg at det var hårfarge til mannen dei var ute etter – men han var litt nervøs, og villa ha kona attmed seg. Kva ville andre tru om dei såg han stå der med hårfargane – åleine? At han farga håret var ikkje noko han ville andre skulle veta…

Er det litt fy-fy enno at menn fargar håret? Det eg ser treng jo ikkje vera det som gjeld generelt, og det kunne vera gøy å veta koleis det ligg an elles rundt om, for både eldre og yngre garde av både han- og hokjønn.

Transgender filmar

Just like a WomanDet er kanskje ein del som hyggar seg med filmar no i påsken. Me har jo gjerne meir tid til det no om dagane, men korleis er det om me vil kosa oss med “transefilmar” — finst det noko særleg av det? På transetreffet vart det i går etterlyst slike filmar, så kva alternativ er tilgjengelege for dei som vil kosa seg med slikt?

Dersom me tenkjer på filmar som “Tootsie” og “Some like it hot” i denne kategorien, så er det i alle fall ein del. Eg kom for eit par år sidan (eller så) over ein oversikt som har blitt laga — og det er faktisk ein god del. Sikkert ikkje like lett å få tak i alt her i landet, men likevel, det er ein del å kosa seg med. 😉

Slow Wave

Som ei av rutinene mine om sundagane, så går eg innom Slow Wave og ser kva for ein draum som har blitt laga teikneserie av denne gongen. Det kan jo til tider vera ganske sære draumar, og vel verd eit besøk…

Men kvifor kjem eg på å skriva om dette her først no, når eg har lese desse stripene lenge?

Tja…

Ragged Andy Doll in a dress

 

Opplading til Melodi Grand Prix

Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart – og i følgje VGTV så er det nokre som ikkje set særleg stor pris på artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, så då må han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?

Uansett, her er Ukraina sitt bidrag: Dancing.

Akseptabelt!

Dette er ei oppfølgjing til posten “Akseptabelt?” Muleg det kan ha noko for forståinga av denne posten om du ser han i samanheng med den førre, og muleg du vil gjera deg ulike tankar alt etter om du les denne først eller sist.


Eg har ein venn som er som gutar flest: Han følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med jenter og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men – han er likevel ikkje heilt fri til å gjera som han vil.

Det er ikkje slik at det er «forbode» å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det …

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det – heilt til det er nokre av deira eigne. Det er presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest vennen min. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så vennen mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hans? Han seier sjølv, at han kort og godt vil sleppa å måtta vera så «traust og kjedeleg» heile tida. Dvs, han er lei av at han alltid må vera røff når han går ut, uansett kva det er. Kremar for å ta vare på huda er bannlyst. Kleda må vera maskuline nok – og tru det eller ei, men trykk på gensrar er i grenseland! Skjørt? Det skal teoretisk sett vera «lov» – men det stillest store krav til person, situasjon og skjørtet for at slikt skal kunna gå: Skotte, bunadstid, og skjørtet må vera ein skotskrutete kilt. Greit nok, vennen min trivest med å gå i bukser og kleda det vert venta av han, han har ikkje noko i mot kleda. Det han ikkje likar er at han vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse «mørkemenn» som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel – det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer gutar som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. «Er det muleg?» spør vennen mi. Han trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, skjørt? «Kva er det med skjørt som gjer at gutar og menn ikkje skal kunna bruka det? Det er jo berre eit klesplagg. Men, diverre er det akseptabelt at slike haldningar rår.»