Leika med dokker

I dag hadde eg tenkt å ta meg i saman, og få skrive eit veldig seriøst innlegg her, om kjønn og sånt. Eit innlegg eg har utsett og utsett, men kva trur de det er som skjer? Joda, eg set meg ned og leikar med dokker i staden…

Greit nok, der er ikkje akkurat Barbie det er snakk om her, men digitale Candybar-dokker – du lagar dine eigne gute- og/eller jentedokker, med ulik frisyre, ansikt, auge, munn, klede … du kan stilla inn på det meste, og få det til å likna deg sjølv nokolunde. Eg skulle berre sjekka litt raskt kva det var for noko eg, men tida gjekk den…

Meg som dame
Meg som mann
Meg som mann igjen, fritidskledd

Det vart til at eg laga meg to dokker: Ei av meg som dame, og ei av meg som mann, med to ulike klesskift. Når eg ser på dei, så lengtar eg nok tydleg etter sol og varme no… Og eg har nok pynta litegranne på korleis eg ser ut. 😳

Det dumme med dette er at det ikkje var så heilt lett å lagra dokkene med Opera – eg sendte av garde ei lita melding til Opera-folka i håp om at dei finn ut av dette. Dei er jo flinke til det, både i samarbeid med dei som lagar websidene det er problem med og elles. Klart, om fleire finn ut at dei vil hinta frampå om problem så blir det kanskje prioritert høgare… 😉

Og – no byrja eg å lura på ein ting. Eg veit eg har ein del som er innom sidene mine og les no og då, nokre er sikkert dødsseriøse og veldig opptekne og sånt altså, men likevel: Kor mange vil prøva å laga dokker av seg sjølve, og kor mange vil visa i kommentarane her korleis resultatet blir? Eg kryssar fingrane og håpar det blir nokre eg. Så, ta turen innom eLouai’s Candybar Doll Maker 3 og ha det litt gøy då. 😀

Mitt hemmelege sjølv

Eller som originaltittelen på engelsk heiter: My secret self (Lenker:1, 2, 3. Frå 27. april i år.)

Eg fann denne dokumentaren via Transkrift, og sette meg til å sjå med éin gong. Det er ein fin og sterk dokumentar om transkjønna born, der dei intervjuar tre familiar om korleis både foreldrene og borna opplever både situasjonen med at det borna har mellom beina ikkje stemmer med det dei har mellom øyrene, og korleis dagane elles er for dei. Det er ikkje alltid like lett!

No er eg jo ikkje i same situasjon sjølv, men eg kunne no dra kjensel på enkelte ting der, og forhalda meg til det reint personleg. Men uansett så er dette noko eg tilrår alle å få med seg, for å læra om korleis det er for transkjønna, og forstå dei betre. Kanskje du sjølv har eller får transkjønna venner – eller, korleis ville du reagert om ditt eige born ein dag kom og sa at Gud hadde gjort ein feil med kroppen…?

Viktige ord

Day by Day-cartoon

Gutar leikar ikkje med dokker, sånn er det berre. Actionfigurar og denslags derimot, det er heilt greit. Me vil kanskje flira av ei sånn ordveksling som i teikneserien over, men etter ei stund så hadde visst det der kverna litt i bakhovudet, for eg kom til å tenkja på at det var i grunnen ei veldig kjent ordveksling det der, om enn på eit anna område: Klesplagg.

Eg går ut i frå at flesteparten er klar over at det finst eit herreplagg som går under namnet “kilt.” Det er òg fleire sterke meiningar om og rundt kilten, at han skal vera skotskrutete og brukast av skottar til dømes, men òg: Er kilten eit skjørt? I følgje definisjonen av eit skjørt er kilten ein bestemt type skjørt, men det er likevel mange som slett ikkje vil ha noko sånt snakk; ein kilt er ikkje eit skjørt!

Eg veit det er fleire døme på at det finst herre- og dameversjonar av same tingen, der herreversjonen slett ikkje må kallast det same som dameversjonen. Eg har vore ute for slikt – men ikkje kul om eg greier å koma på døme nett no… Hjelp?

Uansett, det eg undrar på er dette: Kvifor denne sterke motviljen mot å bruka same ord for same ting, enten det er for menn eller kvinner? Kvifor er det så viktig å bruka eigne namn – gjerne kun eigne namn – for herreversjonane?

Sommartid – katastrofalt for klimaet?

Mange ser nok på innføringa av sommartid som noko positivt. Lange lyse kveldar og alt det der, men er det så udelt positivt? Har nokre tenkt i gjennom konsekvensane dette har for miljøet, og klimaet? Jada, de les heilt rett. Dette påverkar faktisk negativt til den globale oppvarminga. 16. april stod det ein interessant tekst i Arkansas Democrat Gazette, vel verd å få med seg.

“M”-Mads oppdagar velbrukt teknikk

Dei som ser nedover lenkelistene eg har her, vil kanskje få ein liten mistanke om at eg har litt sansen for teikneseriar – og det har eg. Er inne kvar dag og får med meg fleire enn dei eg har lista opp her, blant anna “M”. Dei siste par stripene av denne serien viser serieforfattaren i ein situasjon fleire kjenner seg att i, etter å ha oppdaga ein teknikk som for mange er velkjent og velbrukt: Kunsten å skapa ein illusjon av at du har noko du eigentleg ikkje har…

Mads oppdagar at han kan få 'kløft' vha tape. Han kler seg i kjole og parykk, og makeup...
...og ringer kameraten som òg prøver. Det forandrar alt. Mads må ha litt tid for seg sjølv...


Og no lurer eg – tek han det lengre i morgon? Kjem han på noko meir å prøva rundt dette? 😀

Glen or Glenda

Til å gå med den førre posten min, så vil eg her presentere eit meisterverk av den berømte filmskaparen Ed Wood. I filmen “Glen or Glenda” frå 1953 presenterer han oss for det kompliserte temaet “kjønn” – her ved hjelp av to historiar, om ein transvestitt som må fortelja forloveden sin om trongen til å kle seg i dameklede, og om ei transseksuell som vil skifte kjønn vha operasjon.

Ein gripande og god film du berre få med deg. Eller kanskje ikkje. Uansett, her er filmen:

CD Film

Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.

Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:

  1. Some like it hot.
  2. Mrs. Doubtfire
  3. Diverse Snurre Sprett-filmar
  4. Just like a woman
  5. The Rocky Horror Picture Show
  6. Priscilla, Queen of the Desert
  7. Switch
  8. Shrek 2
  9. Robotene
  10. Diverse Tom & Jerry
  11. Twin Peaks (OK, det er frå TV-serien eg har det, men…)
  12. Bruno (evt. The Dress Code)
  13. Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
  14. Krigen er Pyton (Privates on Parade)
  15. White Christmas
  16. Diverse Monty Python-filmar
  17. Alt om min far
  18. The Rose
  19. Crocodile Dundee
  20. Crocodile Dundee 2
  21. Erik the Viking
  22. Revenge of the nerds
  23. Tootsie
  24. Victor/Victoria
  25. Sorority Boys
  26. Yentl
  27. Ace Ventura: Pet Detective
  28. The Birdcage
  29. The Crying Game
  30. Eddie Izzard: Dress to kill
  31. Huckleberry Finn
  32. 100% menneske
  33. Nobody’s Perfect
  34. Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
  35. Ranma ½: Nihao My Concubine
  36. Ed Wood
  37. Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, såg eg teaterversjonen på NRK i påsken…

Oisann – det vart visst litt fleire enn eg trudde det, då eg starta å rekna opp. Rettnok måtte eg grava djupt for å få fram frå minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.

Så er det ein del fleire filmar då, som eg har bestemt meg for eg skal sjå. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…

  1. Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
  2. Connie and Carla
  3. Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
  4. Kinky Boots
  5. Iron Ladies
  6. Transamerica
  7. Breakfast on Pluto
  8. Finding Neverland
  9. Hedwig and the Angry Inch

Det er det eg veit eg skal sjå, men det finst sikkert mange fleire eg burde få med meg. Kjenner de til nokre, så er det eit kommentarfelt under her… 😉

Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag såg eg bokstavkjeks i butikken. Mange år sidan eg hadde sett det sist, men då eg høyrde med ei venninne fekk eg veta at joda – eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men – kor lenge sidan då?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for å finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, så det neste som såg ut til å gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i “Typisk norsk” kunne det nok vera passande å snakka med Petter om bokstavkjeks – og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var på plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje lenge sidan, så heilt blind har eg vel ikkje vore. I “min” butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien “Eva og Adam” – Petter Schjerven – hadde lagt merke til noko anna enn berre forma på kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei såg ut til å vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar – motiva på pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til å mistru dei på det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?