Tre ting få veit om meg

Det er wander som trur eg vil ta opp tråden her – sjølv om ho er litt skeptisk… 😉

Tre jobber jeg har hatt i mitt liv: Lærarinne, butikkmedarbeider (ekspeditrise og oppgradering av PC-ar og slikt. Databutikk), webdesigner

Tre steder jeg har bodd: Bergen, Sørreisa (tja), Sandnes

Tre steder jeg har feriert: Noreg, Sverige, Danmark

Tre av mine favorittretter: Kylling av forskjellig slag, sosekjøt, oksesteik

Tre steder jeg skulle likt å ha vært nå: Ein plass der eg vert dulla og stelt med etter alle kunstens reglar, ved/i sjøen, Hellas

Tre personer jeg tror kommer til å svare på dette: Overrask meg…

Kopiert og besvart
Og snille deg, ikke ødelegg det morsomme.
Kopier det over på din blogg, fjern mine og legg til dine egne svar.
På denne måten får du vite masse nytt og spennende om andre!

Kjøpa bøker etter kilopris

Stabelen med bøker eg har kjøpt til kiloprisDenne veka har det vore Sandnesdagar her i, eh, Sandnes. Det har med andre ord vore ei veke med liv i gågata, masse ulike standar og butikkane har hatt fleire gode tilbod. Ja, ikkje berre dei i gågata då. Når det er slik, så blir ein gjerne gåande rundt og sjå litt ekstra, sånn i tilfelle du oppdagar noko gøy du ikkje visste du kunne tenkja deg … 😉

No har det jo òg vore eit ypperleg vêr – stort sett – til å gå rundt slik ute i gata. Lettkledd og nyta sola og softis, sjå på livet, og kanskje finna nokre tilbod du blir litt nyfiken på. Eitt slikt tilbod var det eine bokhandlaren som baud på.

Utanfor nemnde bokhandel var det stilt opp nokre bord der dei hadde bøker til salgs. Ikkje så uvanleg akkurat det, men her var det fleire bøker enn dei pleier stilla ut slik – og så var dei prisa pr kilo. 25 kr/kg og 50 kr/kg. Slikt stiller etter mi meining i klasse med posesalg, så her måtte eg jo berre snusa litt og sjå om det dukka opp noko interessant. No skal det jo seiast, at til ein slik kilopris så kan ting lett bli meir interessante enn det dei opprinneleg var.

Eg fann litt bøker eg. I tre omgangar. Torsdag fann eg litt, jentene i butikken vog opp, og eg betalte for 1,5 kg. Det same skjedde fredagen. Og i dag, då fann eg jammen litt til, denne gongen 860 gram bøker. Så kan du lura då: Kor mange bøker utgjer 3,86 kg? Vel – eg er ikkje heilt sikker eg, for eg la merke til at fredagen så slo dei litt av på vekta. Etter mi vekt her heime, så har eg til saman kjøpt 4,1 kg. Kor mange bøker det utgjer, det kan du sjå av biletet på sida her.

Ser du godt etter på biletet, så legg du kanskje merke til at det er stort sett éin type bøker som har fanga interessa mi. Alle bøkene er òg i same prisklasse, så om eg seier at eg etter mi vekt har fått 6 kroner i avslag, skulle det vera enkelt å finna ut kva kilopris eg har betalt, og kor mykje eg har betalt til saman.

Det skulle i alle fall vera liten tvil om at det ikkje er noko å seia på prisen…

Einaste problemet då er å finna ut kva for ei eg skal starta med. Kom gjerne med forslag 😉

LOLCats

Eg har fått eit visst inntrykk av at det er LOLCats som er den store farsotten på nettet no for tida. Eller i alle fall ein liten farsott. Det går ikkje ein dag utan at eg ser minst ein LOLCat eller les om det, så då må eg vel nesten kasta meg på bølgja sjølv òg, eller?

Vel – kanskje ikkje, men når det finst ei teneste som gjer det veldig lett å laga til slikt, så er det veldig vanskeleg å ikkje prøva, i alle fall. LOL feeds er ei slik teneste, der du kan ta for deg diverse feedar (din eigen, BBC, CNN, kva du no vil) og litt til, og få automatisk generert LOLCats ut av dei. Overskriftene frå feedane vert sett saman med tilfeldige kattebilete frå flickr, og resultata kan bli… Vel, alt muleg. Enkelte blinkskot kan oppstå.

Uansett, det er mange nok som likar dette til at eg berre nemna det her i bloggen min. 😉

Bøker du bør lesa — den definitive lista

Då eg først byrja å sjå desse listene over bøker ein bør lesa, fordi dei er bøker ein bør lesa, så brydde eg meg i grunnen ikkje. Ikkje noko særleg reaksjon frå meg over responsane på desse listene heller, men når eg no ser Tom Egeland med ei oppsummering så greier eg ikkje heilt å halda meg lengre. Med så mange ulike bøker og forfattarar på dei ulike listene, så har eg bestemt meg for å berre skjera gjennom og presentere den definitive lista over bøker du bør lesa.

Ei vanskeleg oppgåve skulle ein tru, med så mange ulike preferansar ute og går, men om ein held tunga rett i munnen så går det bra likevel. Så for å gå rett på sak, her er lista i prioritert rekkefølgje:

  • Bøkene du likar å lesa, og har glede av

No kan det jo hende det stadig er ein del som er ueinige med meg, men eg vil prøva å grunngje det utvalget eg har gjort.

Først av alt, så finst det mange bøker. Det er så mange at du ikkje greier å lesa alle, uansett. Du er nøydd å gjera eit valg, og sortere etter visse kriterium. Spørsmålet er, kva for nokre?

Ein del bøker har hatt mykje å seia, og gjort store inntrykk. Bør du lesa dei av den grunn? Dersom det berre blir eit pliktløp for at du kan seia at du har lest dei, så bør du heller lata vera. Det er nok av andre bøker å velja mellom. Dersom du er nyfiken på bøkene, fordi du har høyrt om dei, så for all del: Prøv. Men, om du oppdagar at det ikkje var noko givande så legg boka vekk. Ho vil ikkje gi deg noko om du ikkje likar ho.

Bør du lesa bøker fordi forfattarane er berømte? Eller fordi folk du ser opp til har lest dei, kanskje til og med tilrår deg å lesa dei? Eller kanskje bøkene som står på ei eller anna liste over bøker du bør lesa, av ein eller annan grunn? Svaret blir i grunnen som over.

Om du les bestemte bøker kun fordi du får veta at du bør lesa dei, så kastar du bort tida med noko som ikkje gir deg noko. Gir det deg ikkje noko, så vil det verta kjedeleg, og kanskje ta frå deg lysta til å lesa? I så fall er det jo bøker du absolutt bør unngå i staden.

Så over til lista over bøker du bør lesa: Bøker du har glede av.

Det er mykje du kan ha glede av å lesa. Bøker som lærer deg om geologi, romfart, dinosaurar. Bibelhistorie og bøker om profetiane i Bibelen kan vera spennande. Bøker om tal og matematikk kan vera fascinerande. Veldig nyttige bøker alt i hop, og har du glede av dei så er dei så absolutt givande. Men sjølv kiosklitteratur kan vera viktig og givande. Kanskje ikkje i følgje diverse litterære kriteruim, men reint personleg.

Kort oppsummert så kan eg vel seia som så, at den beste litteraturen er den som gir deg lyst til å lesa meir. Kva er vel betre enn det?

Den nye punken?

Mote for menn er — vel, veldig mykje kjedeleg. Tradisjonelt, “trygt” og kjedeleg. Skal du pynta deg, så er det jakke/skjorte/bukse/slips som gjeld, enten det er kjøpt separat eller saman som dress. Av og til høyrer det ein vest til. Kva du enn kallar det, så er det ikkje dei heilt store forskjellane mellom jakkane, og slett ikkje buksene. Du må ty til smoking om du vil skilja deg litt ut, eller i sjeldne tilfelle, ein skjøtemanikk.

Ikkje misforstå meg, det kan sjå fint og stilig ut alt dette, men… Når alle menn går så og seie i det same og ser like ut, gi og ta ein pondus, så blir resultatet veldig kjedeleg og lite inspirerande. Heilt på sin plass nokre gongar, ei liding andre gongar.

Går me vekk i frå det stivpynta og ser på det som er litt meir ledig, og fritida, så er situasjonen mykje betre. Eller? Rett nok finn me ein god del fleire fargar og mønster/trykk på plagga, men ser me vekk i frå det, så er ikkje variasjonen så alt for stor likevel? Skjorter er skjorter, kor tjukke plagga er og kva stoff dei er laga av har litt å seia, halsopningar varierer litt, men ikkje så mykje. Her er det om å gjera å ikkje visa for mykje hud. Vel — det med å ikkje visa for mykje hud gjeld no meir enn berre halsen og området rundt den. Armane går greit å visa, men beina? Kortbuksene er ikkje korte no lengre, men likevel er dei visst uanstendig korte i enkelte situasjonar. Menn må ikkje rekna med at dei har lov å visa leggene sine, sjølv om det er sommar og sol. Det er vel gjerne fordi det ikkje er fint nok i dei situasjonane, og om menn skal vera fine — vel, sjå opp eit par avsnitt.

Når det gjeld sko så er vel situasjonen enno tydlegare: Nokre få typar i nokre få fargar, gjerne klumpete og lite elegante. Sandalar har luftehol, slik at lufta slepp fint til, men ikkje så mykje sol. Det er vel det med å visa for mykje hud som spelar inn igjen?

Det viser seg igjen i butikkane dette. Er butikken delt i kvinne- og herreavdeling, er sistnemnde klart minst. Minst utvalg tek minst plass. Men det er berre éin del av historien. Ta to like store butikkar, ein som sel herreklede, og ein som sel dameklede. Sistnemnde har likevel bra større utvalg. Kvifor? I herrebutikken ser du mange eksemplar av eit fåtal typar plagg, i damebutikken ser du mange ulike typar plagg, og heller færre eksemplar av kvart. Med andre ord: Menn skal kle seg likt (det er kjedeleg det) og kvinner skal kunne variere masse (det er ikkje kjedeleg.)

Har eg overdrive her? Eg er sikker på at det er mange menn som er såre nøgd med situasjonen slik han er, og det er greit nok det — for dei. Andre igjen er ikkje heilt nøgde, og leitar opp dei butikkane som tilbyr litt meir variasjon — men likevel på den trygge sida. Godt for dei, og hyggeleg at dei har eit valg dei er nøgde med.

Men altså, det er ein del som gjer eit opprør mot det etablerte moteregimet. Menn som ikkje vil bli tvungne inn i noko dei ikkje trivest med. Menn som tek i bruk sjokkerande metodar for å få uttrykka seg i klesvegen som dei sjølve vil. Rettnok, ikkje meir sjokkerande enn at kvinner har gjort det same dei siste 50 åra eller så. Dette er altså menn som bryt reglar for korleis herremoten skal vera. Sjølv om det ikkje passar alle, så er det vel greit at desse skal få velja å bruka det dei vil, slik som andre kan?

Akkurat det med den valgfridomen er ikkje like lett for alle, som med jamne mellomrom seier at ting dei ikkje likar sjølve (skjørt for menn, kremar/hudpleie for menn, metroseksuelle menn, etc) berre var eit moteblaff som no er over. Dei som stadig held på med slikt har ikkje forstått noko. Synd då, at marknaden for dei som ikkje har forstått noko berre blir større og meir attraktiv? For menn med skjørt, med høge hælar, dinglande øyredobbar, og som likevel er trygge på seg sjølve som menn, det er stadig eitt eller anna som gjer folk nyfikne der. Ser ein litt lengre enn sin eigen nasetipp, vert dei ikkje færre, og nye designarar er inne og lagar klede for regelbrytarane. Som Marjan Pejoski og herrekolleksjonen hans. (PDF)

Eg for min del synest det er gøy og spennande å sjå slike ting som bryt med det konvensjonelle. Sjølv om det òg kan dukka opp ein del designer-raritetar — men slik er det jo for alle designarar. 😉

Pink Floyd — Arnold Layne

Arnold Layne er den første singelen Pink Floyd gav ut etter å ha signert kontrakt med EMI. Tittelfiguren i denne er visstnok basert på ein ekte person, ein transvestitt som (slemt nok) stal dametøy frå klessnorene i Cambridge. Mødrene til Syd Barret og Roger Waters skal jamnleg fått mindre undertøy på denne måten…

Musikkvideoen/”reklamefilmen” dei laga inneheld ikkje ei einaste klessnor.

Faith No More – Easy

Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉

Eh – puppe, DER?

Når eg ser på statistikken min over ord som vert brukt for å finna meg, så er det mest populære ordet å søka etter på seks bokstavar, og skrivest “pupper.” Ein del gongar så står ordet “store” rett framfor. Vel — ingen skal koma her og klaga over at eg ikkje viser vilje til å koma dei søkjande i møte.

Brystvorte

Eg fann nemleg ein artikkel no nett, om ei 22 år gammal jente som utvikla ei ny fin brystvorte og litt brystvev, om enn på ein heller… uvanleg stad på kroppen. Kanskje midt i blinken for dei som har ein fetisj for føter, for det var under fotbladet denne kom.

Slike bryst kan i følgje artikkelen utvikla seg over alt på kroppen, og til og med gi melk. Det var ein ting som vart nemnd heilt på slutten av artikkelen, som eg synest kanskje er det mest interessante: Bryst kan visa seg å vera relativt enkelt å dyrka fram i ei skål…

Det kan kanskje utnyttast på fleire sett, både for dei som har måtta fjerna bryst grunna brystkreft og den slags, men kanskje òg for transepersonar? Det må vera perfekt å kunna få sine eigne, ekte bryst. Enten for første gong, eller tilbake. Lurar på om me vil høyra meir om akkurat det der framover.

Gravatar

Eg har leika meg litt eg i kveld, med å utvida kommentarane i bloggen min til å inkludere gravatarar, for dei som har det. Eg kom vel eigentleg i tankar om det då eg leika meg med desse dokkene for eit par innlegg sidan, at eg kunne bruka eit utsnitt av dei som avatar.

På nettstaden gravatar.com laga eg meg ein profil og gravatar, og så såg eg på PHP-koden som skulle til — det innstikket til WordPress dei hadde der nemnde versjon 1.2 av WP, og det var nemleg litt gammalt… Men, eg kom fram til at eit innstikk var greiaste metoden likevel, så eg gjorde eit raskt søk, og ZenPax Gravatars2 Plugin såg ut til å vera det som skulle til. Oppdatert for ikkje så lenge sidan òg.

Innstallasjonen gjekk i grunnen greit den, så no er det på plass. No kan det jo hende eg kjem til å flikke litt på plassering og slikt framover for å sjå kva eg trivest best med, men ting fungerer i alle fall fint. 🙂

WordPressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg – det om å leika med dokker – at eg kom til å tenkja på at det kunne vera praktisk av og til om besøkande på sidene mine kunne lasta opp bilete for å bruka i kommentarane. Det er jo ikkje råd å gjera som standard, så eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre – det næraste eg kom var litt hjelp med å endra i ei WordPress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt på veg den endringa då – eg må berre hugsa på denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk å kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig på jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, så eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til å laga noko slikt etter å ha lese dette. 😉