Fordelar med å ha ein transvestitt som ektemann

I lang tid har det versert ulike lister på nettet over dei mange fordelane som følgjer med det å ha ein transvestitt som ektemann. Sjølv om det nok heilt sikkert ligg litt alvor og sterke ynskje bak fleire av punkta i desse listene, så er det for det meste meint som eit humoristisk innslag i kvardagen. Og det trengst jo, til tider.

Eg kunne sjølvsagt berre kopiert ei slik liste inn her, men eg brukte heller litt tid på å oversetja ei av dei til norsk, eg. Vonar de kan ha litt glede av det. 🙂

  • De kan ha dykkar eige private “slumber parties”
  • Om han brukar skjørt, så er det enkel tilgang.
  • Du kan ha ei venninne så vel som ein kjæreste som ikkje har noko i mot å venta når du brukar tid på shoppinga.
  • Han er alltid misunneleg på deg, fordi han ville heller ha på seg det du har på deg.
  • Du kan doble garderoben om han brukar same storleik som deg.
  • Du treng aldri bekymra deg for om han er utru med ei anna kvinne. Han er den andre kvinna!
  • Du har alltid ei venninne du kan shoppa og ha lunsj med.
  • Han vil aldri protestere på å vera klesmodell og ha på seg kjole når du treng legga han opp.
  • Når de shoppar, kan du testa ein ny nyanse av neglelakken og han klagar ikkje eller spør om å få sjå ein matchande leppestift.
  • Han vil sjeldan ha det stikkande ettermiddagsskjegget.
  • Han vil aldri spørja deg om å ha ein trekant med ei anna kvinne så lenge han kan bruka dameundertøyet.
  • Han vil vera sympatisk og forstå det med overflødig kroppshår.
  • Han vil ikkje riva i stykker undertøyet når han tek det av deg.
  • Han har ikkje noko i mot å venta på deg og venninnene dine, og han gløymer ikkje å neia.
  • Om du treng ein underkjole til den nye kjolen din så har han nett den du treng, og let deg låna han.
  • Du treng ikkje bruka høge hælar på ein lang handlerunde.
  • Ein mann i kjole er ein god kokk.
  • Han elskar å lukta parfyme og vil gje deg si ærlege meining.
  • Du kan testa ein ny nyanse av leppestift på han.
  • Om du kjøper noko til heimen, så vil det aldri vera for feminint.
  • Endeleg vil toalettringen vera nede.
  • Han er mykje enklare å kjøpa gåver til.
  • Han kjenner den rette måten å elska på, tek seg god tid og veit kva som tenner deg!
  • Han vil forstå mykje betre at det beste ei jente kan få når ho føler seg nedfor, er nye klede.
  • Om han kjøper klede til deg, så veit du han kjøper rett storleik.
  • Du kan ta han med deg til frisøren, og han vil sitja roleg attmed deg mens de begge får stelt håret, og han vil aldri klaga. Tvert om vil han takka deg.
  • Den einaste gongen han vil bry seg om du brukar hårrullar til sengs er om han må bruka dei “oversize”
  • Han forstår kvifor du ikkje har lyst å tilbringa 8 timar for dagen i strømpebukse og høge hælar.
  • Han klagar aldri på at det delikate undertøyet ligg framme til tørk.
  • Du har ein jentekjæreste som ikkje får PMS.
  • Han vil ikkje berre shoppa med deg, men vil betala rekninga òg!
  • Han veit korleis han skal handsama det delikate undertøyet når han tek tøyvasken.
  • Sateng og fløyel er meir kosete enn denim og ull.
  • Han skjønar trongen for kvalitetskosmetikk.
  • Du har fleire unnskuldingar for å shoppa, og han vil til og med bæra posane.
  • Du kan låna smykkene, kleda og sminken hans.
  • Han forstår kvifor forbruket ditt av strømper er høgt.
  • Han reknar ikkje med at du blir klar på 15 minutt eller mindre når de skal ut.
  • Du kan spørja han korleis antrekk ser ut og få eit intelligent svar.
  • Dei nye venene hans brukar ikkje heile dagen på å sjå fotball.
  • Han veit å gå sakte når du har på deg høge hælar.
  • Når han seier “Kjære, du ser vakker ut” så veit du han verkeleg meinar det.
  • Han legg merke til om sminken treng fiksast på betre enn nokon annan mann.
  • Han er som å ha ein privat kosmetolog.
  • Han elskar å shoppa med deg og sjå deg prøva på klede.
  • Han veit korleis han skal handsama ei dame forsiktig og med respekt.
  • Han elskar å kle seg opp og ha lange skravlestunder.
  • De kan ha ein trekant utan ein ekstra partner.
  • Om du er litt bi-nyfiken så kan du eksperimentere litt.
  • Du veit ein av dykk vil ha med seg papirlommetørkle når de treng det.
  • Kle han opp i ei “French Maid”-uniform og du har ei hushjelp den dagen.

Tja   det er då ein del stereotypt der, er det ikkje? Eg er ikkje alltid heilt einig i desse påstandane, så enkelte av dei har mine kommentarar knytta til seg som title-element. Dei vil vanlegvis synast når musa vert halden over dei enkelte påstandane. I alle fall i ein moderne nettlesar som t.d. Opera.

Kva farge har ein svart BH?

Ein ting som irriterar meg med det å ha ein blogg, er dei mengdene med kommentarar som hamnar i kategorien “spam.” Det er heldigvis råd å bøta på det og minimere problemet med ein plugin som Akismet, og det er ei stor lette: Mengder av spam blir stoppa.

Eit fåtal av kommentarane hamnar feil, men det har hendt meg, at ekte kommentarar vert feiltolka som spam. Difor har eg alltid brukt å sjå gjennom dei som er blitt stoppa om det skulle vera nokre som hamna feil der, men det vart berre meir og meir å sjå gjennom. Statistikken min viser at fleire spammarar kjem direkte frå sider/fora som lenkar direkte til plassar der dei kan spamma. Som til dømes bloggen min. Eg gjekk lei.

For sterkt å minska dei som lukkast i det heile å posta noko, så ville eg ha eit ekstra vern mot spambotar. Ein captcha eller noko. Kontaktskjemaet har ein fin funsjon slik, så eg leita etter ein plugin som kunne gjera det same for kommentarane. Eg fann WP-Gatekeeper. Spørsmålet vart endra til eit på norsk, det vart testa, og det fungerer. Etter det har det vore svært så fredeleg her.

Herleg.

Men kommenter gjerne de som forstår norsk, slik at det blir litt liv her. 😉

Ekstra heldig?

Ein gong tilbake i tidleg ungdom så leste eg ei bok om det å lesa i hendene. Eller kanskje fleire bøker, eg lånte fleire bøker om mykje rart i den tida, men det er nokre få ting som heng att frå det om å lesa i hender, blant anna linjene som fortel kor heldig du er som person.

3 linjer ved handleddet

Ved handleddet kan det vera opp til tre linjer tvers over, og det er altså desse som fortel kor heldig du er: Jo fleire, jo betre, og dei går frå null til tre stykke.

Eg for min del har 2,5-3 stykke – den i midten er tydeleg fram til midten, og så er ho svært svak vidare. Men, eg skal i følgje teorien vera ein heldig person då.

Grunnen til at eg kom til å tenkja på det, er at opphavet kom nedover på besøk, for å hjelpa meg med ei skikkeleg reingjering. Han skulle ta med seg ein dampvaskar som skikkeleg gjer veg i vellinga. Det gjorde han òg, men det som overraska meg, var definisjonen han og mammo må ha hatt på “reingjering.” Dei spanderte nemleg nye, større bokhyller med vitrinedører på meg. Og for å få møbleringa til å gå opp, så fekk eg nokre nye CD/DVD-hyller i same slengen. No står det berre att å rydda inn i hyllene og gruppere slik at eg lett finn det eg skal ha tak i. Det vert deilig! 🙂

Så – for min del så stemmer kanskje desse linjene? Rettnok har det skjedd ting eg ikkje ser på som særleg heldige tidlegare, men pyttsann. Eg er heldig, eg. Kva med deg?

Ordre frå legen: Sol deg topplaus!

Topplaus dukke

Eg var såvidt innom legen i går, for å få sjekka eit utslett eg har fått. Eller, for å kontrollere korleis det stod til med eksemen eg hadde behandla ei stund no. Det stod dårleg til med den. Ikkje bere dårleg til, forresten: Eg hadde heilt greidd å kverka han. Ikkje noko meir eksem i sikte.

Godt nytt for meg, men til gjengjeld hadde eg fått eit anna utslett og infeksjonar som biverknadar av denne behandlinga. Det kunne behandlast medisinsk, men legen ville heller at eg skulle sola meg topplaus! Det var god medisin det òg.

Vel, OK. Greit. Han tok vel ikkje akkurat ordet topplaus i munnen, men sidan det er litt i det området som treng den sola, så ligg det jo reint logisk det i det, at eg skal sola meg topplaus, ikkje sant?

Dessutan var det gøy å skriva. Kanskje helst det … 😉

The Who — I’m A Boy

Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen “I’m a Boy”. Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet “Surprise Partie”

Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt “introduksjon”)

Gymball

Eg har kjøpt meg gymball eg. Faktisk skeia eg skikkeleg ut, og kjøpte meg ein pakke med gymball, matte, gummislange (til å strekka armar/bein) og instruksjons-DVD. Ja, og eit lite handklede og pumpe til ballen var òg med.

Grunnen til dette utlegget er jo enkelt nok. Eg har prøvd å trimma litt med gymball før, og det er slett ikkje så dumt. Dessutan så vil kanskje enkelte ymta frampå om at eg har grunnar for å slanka meg litt.

Det er ei god stund sidan dette kjøpet no, så korleis går det med trimmen? Lat meg seia det med ei Nemi-stripe…

Nemi fin ei avslappande stilling med gymball

Utfordring

Av og til får eg — og fleire med meg — spørsmål som går på det å vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar å gå i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmålet å svara på. Mange har prøvd på ulikt vis, men uansett forklaring så skaper det berre fleire spørsmål.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje så mange som kommenterer, men eg kan jo håpa på det er ein del som får noko å tenkja på, i det minste. Så kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det så berre er for å seia “anar ikkje.” Dersom de greier å svara, så er de kanskje på god veg til å forstå kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de å gå i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For å gjera det litt vanskeleg, så må eg gjera merksam på at det ikkje på nokon måte går an å bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva å svara på det store spørsmålet, “kvifor?” så forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

Eg skuffar

Tenk deg situasjonen: Du går nedover gata ein sommardag. Kanskje har du nokre posar i hendene og ein bag over skuldra, kanskje ikkje — men det er mindre viktig. Medan du går der, kjem ein mann opp til deg og seier hei. Du kjenner han ikkje, anar ikkje kven han er, men seier no likevel hei tilbake, og legg merke til at han har følgje av ei kvinne. Så vert du litegrann overraska, for det neste han seier er at han er skuffa over deg: Du går nemleg bere forbi dei kvar gong, utan å slå deg ned med dei …

Eg for min del slepp å tenkja meg situasjonen, for det skjedde meg. Rettnok er det ikkje eit heilt ukjent fenomen at ukjente folk seier hei til meg, og til og med kjem bort til meg for å veksla nokre ord, men at dei er skuffa over meg fordi eg ikkje slår meg ned og tek ein øl eller i alle fall ein prat med dei, den var ny.

Eg prøvde å tenkja etter kven andre “dei” kunne vera, utan at eg i første omgang greidde det. Denne ukjente herremannen med dame ville nemleg spandere ei øl på meg, eller noko anna å drikka (sidan eg er så sær at eg korkje drikk øl eller kaffi) men — eg måtte nok skuffa igjen eg… Tilbodet var svært freistande, men det hadde byrja å regna, det vart kjølig (i alle fall sidan eg hadde på meg miniskjørt,) eg byrja å bli svolten, og innhaldet i posane eg hadde med meg burde slett ikkje bli vått.

Veldig dumt, og eg angra nesten litt på det med ein gong, men likevel… Uansett, eg lova at eg ikkje berre skulle gå forbi neste gong. Så får eg berre passa på at eg har tid til å slå meg ned og ikkje berre springa av garde for å gjera diverse ærend før butikkane stenger. 😉

Eg reknar òg med eg veit kven dei andre er no: Ei gruppe menneske eg har slått meg ned og prata med to-tre gongar tidlegare. Stemmer det, så er det i alle fall hyggelege folk. 🙂

Eh… Javel, ja.

Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.

Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, då hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen — eller Jordan — har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre når dei vert lagra.

Muleg enkelte vil seia at dette må lagrast enno litt lengre, men…

Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.