Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉
Category: Musikkvideo
Hedwig and the Angry Inch — Wig in a Box
Eg har hatt ein del musikkvideoar her i helgene no – men ingen karaoke. Dersom de saknar det siste, så er det ein ørliten sjanse til å få med seg det her. Berre pass på at du ikkje blunkar på feil tidspunkt… 😉
Her er videoen frå musicalen – kanskje den finaste melodien?
R.E.M. — Crush With An Eyeliner
Til å gå med førre innlegget om åbli sminka, kva er meir naturleg enn å la musikkvideoen denne helga vera R.E.M. med “Crush With An Eyeliner”?
Nyt musikken, sjølv om de måtte ha visse problem med eyelineren. 😉
Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl
Vel — i dette tilfellet er det kun Steven Page frå Barenaked Ladies som opptrer med songen deira, men vakker song er det. Om enn litt trist.
Imperial Drag – Boy Or a Girl
Musikkvideoen denne helga, av eit band som vart oppløyst etter å ha gitt ut første albumet. Eg leita lenge etter denne etter først å ha høyrt ein del av songen i musikkvideoen her, og fekk tak i det eg ville til slutt.
Personleg likar eg det bra. Håpar de set pris på musikken og videoen, de òg.
Opplading til Melodi Grand Prix
Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart – og i følgje VGTV så er det nokre som ikkje set særleg stor pris på artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, så då må han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?
Uansett, her er Ukraina sitt bidrag: Dancing.
Kelly van der Veer – I’m What I Am
Eg lurte litt på kva musikkvideo eg skulle ha denne helga, men med tanke på innhaldet i posten “Akseptabelt?” og kommentarane så langt, så passar det kanskje med “I’m what I am” med Kelly van der Veer?
Så får me håpa me alle får vera den me er.
Blur – Girls & Boys
Det er ein del år sidan eg høyrde ein melodi på radioen, der refrenget berre fekk meg til å stoppa opp og høyra etter: Jenter som ville vera gutar, ville ha gutane sine til å vera jenter og ein heil masse genderbending. Kva melodien heitte og kven som song, det fekk eg ikkje veta då, men etter å ha skrive refrenget (ikkje heilt korrekt) på Usenet fekk eg veta det.
Her er dei: Blur, med “Girls & Boys”
Dana International – Lola
Her om dagen fekk eg eit besøk via israelske Google, etter eit søk etter Lola av Dana International. Videoen var ikkje klar då, men eg hadde allereie funne fram ei lenke etter å ha sjekka kvaliteten på ulike versjonar på YouTube. Den du får sjå her skal vera i bra kvalitet, om ikkje perfekt.
Språket seier meg eigentleg ikkje så mykje – men det skal visst vera om framtida for den overskridande hermafroditt? Eller noko sånt. Om det er nokre som kan fortelja kva det eigentleg handlar om så blir eg glad for det.
Venus Flytrap – Visa For Love
VG har ein liten videoreportasje om dette jentebandet, men om du er interessert i å høyra og sjå videoen som er nemnd i den reportasjen – Visa For Love – så treng du ikkje gå vidare. Hamskifte bringer sakene!
Fleire videoar kjem etter kvart – men eg kan jo ikkje gi alt på éin gong. 😉