Reklame på Hamskifte.com

Vanlegvis å er eg ikkje så overbegeistra for reklame på nettsider, blinkande og forstyrrande som dei ofte er. Ikkje er eg særleg interessert i reklame på mine eigne sider heller, men reklame for reklame går kanskje? I så fall kan eg eg nok visa til ein, i alle fall om du er gammal nok til å spela poker.

I motsett fall får eg vel finna på noko anna…

Kjolegutten

Enkelte gutar likar å kle seg i kjolar. Dei er ikkje transar, men berre likar plagga, og korleis det kjennest ut — fleire finn det svært behageleg. Nokre kunne kanskje vera inspirerte nok til å laga ein nettstad for å fortelja om gledene ved å bruka kjolar — kanskje til og med oppretta eit eige domene for det? Eit namn som kjolegutten.no ville jo passa godt då.

Dette er ikkje ein historie om kjolegutane her i landet.

Dog — firmaet Kjølegutten AS i Spikkestad kunne kanskje ha ein liten bigeskjeft ved å tilby mailadresser og kanskje underdomener til kjolegutar som kunne tenka seg ei fin adresse? 😉