Ein av dei fine tradisjonane på nettet i adventstida, er dei ulike adventskalendrane rundt om på dei ulike nettstadane. Nokre med premiar, andre med gode tilbod, og atter andre med dei gode gamle “bilder under lukene” – berre spenninga med å sjå kva som skjuler seg under luka den dagen.
Triumph er ein av dei med premiar kvar dag. Naturleg nok er premiane BH-ar og anna dameundertøy/nattøy. Då skulle ein kanskje tru at Triumph helst tenker på kvinnene i denne konkurransen? Men slik er det ikkje. Eg tillet meg å leggja fram eit skjermbilete av registreringsskjemaet deira som prov. Der står nemleg valget mellom to titlar: “Hr” og “Frk” – med “Hr” som avmerka. Eit strategisk trekk for å dobla kundegruppa, kanskje?
Uansett, eg besøker kalenderen kvar dag eg, og håpar på å vinna. 😉
Det er ei stund sidan eg skreiv her sist no, men diverre ikkje så mange postar sidan første del av Sinnataggen. Så, kva har skjedd, og kvifor kjem ein del 2 her no? Set deg godt til rette, så skal eg fortelja.
Eg skreiv sist at eg ville reformattere harddisken og innstallere alt på nytt, og det gjorde eg. Reformatteringa gjekk fint. Eg kom meg på nett igjen, og fekk innstallert dei viktigaste programma. Chatta litt med venner òg, og fekk høyra at eit par av dei hadde opplevd det same som meg: Etter automatisk oppdatering av Windows så kræsja PC-en, og dei måtte reformattere. Skummelt!
Men uansett, PC-en min var fin igjen, og stikk i strid med det eg sa eg skulle gjera, sÃ¥ sjekka eg ikkje prisar på nye PC-ar. Det skulle eg kanskje gjort, for mindre enn ei veke seinare – same dag som eg skreiv førre innlegg, “guteleiker?”, så kræsja PC-en min igjen. Det skjedde etter automatisk oppdatering av Windows… Eg fekk han ikkje opp og gå igjen den dagen, før eg måtte leggja meg. Fredagen sjekka eg prisar på PC-ar, kom heim igjen og prøvde å få maskina opp og gå igjen. No such luck. Laurdagen la eg ut det eg hadde råd til (eller litt meir) for ein ny PC.
Ein annan ting som skjedde laurdagen, var at eg i eit siste forsøk fekk den rebelske PC-en opp og gå igjen, òg. Fekk teke backup av dei siste dataene då, så eg mista ikkje noko der. Eg får sjå kva som skjer med den etter kvart.
Men som det heiter: Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Ein ny PC er ikkje synonymt med ein problemfri kvardag. Neida, det er ikkje noko gale med den, men eg har òg ein ekstern harddisk, der eg hadde lagra massevis av data, og brukt til å ta backup av det eg hadde. Denne viste no teikn til å gi meg lesefeil, slik at eg ikkje fekk opna filer eg hadde lagra. Fleire og fleire feil, faktisk.
No var eg ikkje høg i hatten! 300GB med data – det ville fylla opp mange DVD-ar det. Ja, for eg måtte jo ta vare på det eg hadde. Heldigvis kom den nye med harddisk på 250GB, så det aller viktigaste vart flytta over der med ein gong. Eg vart glad då det gjekk utan lesefeil – alle foto og uerstattelege data kom feilfritt over. Viktige dokument og brev same eins, og mesteparten av musikken.
Mykje av det andre trengte eg ta ei opprydding i, så eg får sjå det positive i det – og det ser ut til at eg greier å berga det beste, i ei eller anna form. Men likevel, det blir mykje å brenna til DVD framover – og eg skal brenna ut med jamne mellomrom heretter. Så håpar eg at ei reformatering av harddisken er det som skal til for at den skal fungere utan problem etterpå, at det ikkje er noko meir gale med den. I så fall blir eg veldig lei meg…
Ting skal ikkje alltid vera lette her i verda. Særleg ikkje når det gjeld tekniske ting, slik som ein PC. Når det går ein periode der problema synest å ikkje gå vekk, men stadig er der i større eller mindre grad, då kjem Sinnataggen fram.
Som eit heilt tilfeldig valt døme så tek eg min eigen PC. Han kan vera litt vel treg til tider, men eg har lært meg å leva med det. Stort sett, i alle fall. Her om dagen så var det likevel ikkje nok for han å la ting gå i sirup under oppstart av program, og slike ting – neida, no var det visst på tida å laga problem under oppstarten av Windows. Som ein unge i trassalderen sette PC-en seg rett ned og nekta å gjera noko som helst. Berre sat der heilt uanfekta etter eit par små steg, og gjorde absolutt ingenting.
Eg for min del kunne vore freista til å gjera litt av kvart – diverre har eg ikkje råd til ein ny PC, så det får heller venta. I staden prøvde eg å slå av og på maskina, for å sjå om det hjelpte. Med same resultat. Av og på igjen, og prøvde å starte opp med valget “sist fungerande konfigurasjon” (eller noko i den dur.) Og då gjekk det. Eg pusta letta ut.
Det dumme med PC-ar er at dei treng restartast av og til, og slik er det òg med min. No er det ingen poeng for å gjetta at oppstarten ikkje gjekk heilt knirkefritt. Igjen hadde eg same problem, og igjen måtte eg starta opp med sist fungerande konfigurasjon. Bah! Her måtte eg til med å ta kopi av det eg ville ta vare på, og reformattere driten. Tenkte eg. Så langt kom eg ikkje.
Greit nok, eg utsette det litegrann, slik at eg ikkje skulle bli sitjande seint på kvelden og halda på med slikt. Eg hadde ikkje tenkt å slå av eller restarta PC-en med det første uansett, så det arbeidet kunne venta. Dagen etterpå? Vel – då eg sat framfor skjermen så kom det eit kort straumglimt. Lyset blinka, og PC-en byrja som vanleg med ein omstart. Jippi, liksom. Men – denne gongen fungerte alt prikkfritt. Omstarten gjekk som på skinner, og eg smilte glad og lukkeleg. Endeleg såg det ut til at problema faktisk var over. Eg stolte ikkje heilt på det, men …
Kor lenge var Eva i Paris? Ei god stund vart det (masse å shoppa?) men i dag – eller teknisk sett i går – så var det over igjen. Denne gongen var det òg skikkeleg vanskeleg å få sparka ting i gong, det måtte mange ulike forsøk til. Denne gongen er det nok, og sundagen blir nok brukt til å kopiere det siste til ein trygg plass, før eg reformatterer og innstallerer ting på nytt. Og pengar eller ei, eg skal sjå om eg ikkje greier å sjekka kva prisane er for ein god PC no om dagen…
Sinnataggen? Det er då opplagt? Med slike problem som er lagt for dagen, og frustrasjonar som følgje av dei, så dukkar Sinnataggen opp. Denne gongen er det eg som er Sinnataggen – håpar det ikkje vil vara alt for lenge.
Jada, eg er klar over at det er ei heil veke og ein dag til Halloween er her – eller Allehelgensaften som det vel heiter på norsk – men det må no vera eit passande tidspunkt til å lura litt på ulike tradisjonar som måtte finnast her i landet?
At ungane enkelte stadar har byrja å kle seg ut og gå på “trick or treat”-rundar for å få godteri, det har eg fått med meg. Halloween parties der dei vaksne kler seg ut er heller ikkje uvanleg, men så er det éin liten tradisjon til eg har lest om i fleire år over i USA: Å gå utkledd på jobb. Ikkje alle, men ikkje så uvanleg heller.
Og så kjem det eg lurar på: Er det nokre her som går utkledd på jobb på Halloween, eller veit om at det blir gjort? Eg er berre nyfiken…
Så har eg endeleg fått sett ein episode av “Alt for Rognan” – kanskje det var på tide? No veit eg ikkje kva eg har gått glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg å få med seg. Eg får følgja med vidare for Ã¥ sjÃ¥ korleis ting går. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.
Sjølvsagt vart det mykje lått og moro, noko anna er vel ikkje å venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frå gjengen på vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante å få med seg òg – eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall på alle, og vilje til å gjera det beste ut av det.
Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for å gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar, sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det måtte då vera pinleg å måtta kle seg i kvinneklede, men så veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten – og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok på seg sjølv til å takla slikt.
Eg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken – der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen – men når det gjeld oversikt over besøkande så er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk då eg kort tid etter å ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom måten WordPress lagar fine, permanente lenker og å sjå statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.
Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.
Ooops!
No er det vel slik at problem er til for å overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare på kjeldekoden for å sjå om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for å identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frå før og testa – og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!
Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.
Menn er undertrykt, det er vel slått grundig fast no? Mykje er skrive etter artikkelen av Døving — ein oversikt finst hjå tiqui, sjølv om debattar føregår fleire andre stadar òg. Det har vore fleire gode artiklar og kommentarar, men jammen har det vore ein del av det motsette slaget òg, og ein del som har fått meg til å stussa.
Eg må innrømma at då eg leste artikkelen til Døving, så reagerte eg ikkje noko særleg på han. Det stod jo i grunnen ikkje noko nytt ut over det som har kome fram i fleire undersøkingar tidlegare? Men fleire såg ut til å latterleggjera det han sa, til å ignorere problema han peika på og heller hakka på han fordi han skulle ha gitt kvinnene skulda for problema, og at kvinnene var undertrykkarar? Var det slik det var då, at han berre la skulda for situasjonen over på kvinnene? Det var ikkje slik eg hugsa artikkelen, så eg lesta han på nytt.
Stadig ser eg ikkje at Døving skuldar på kvinnene, sjølv om han menar dei ikkje ser situasjonen korleis han verkeleg er, kor mykje makt kvinnene faktisk har. Ikkje dermed sagt av det var ein velskriven artikkel. Døving peika på fleire viktige punkt, utan å gå vidare inn på dei, utan å spørja kvifor det er slik og kva som kan gjerast. Dermed gjer han ingenting med den situasjonen han opnar artikkelen med, inga bevisstgjering om at ting kan bli betre enn dei er: “Vi er klar over at ikke alle menn føler seg undertrykt, men vi vet at de fleste er det. Ingen føler seg undertrykt før de har en drøm, en visjon om noe bedre.” I staden er det lett for dei som les artikkelen å sjå på det som surmaga klaging og avfeia heile greiene. Det er synd.
At situasjonen på fleire felt er mykje verre for menn enn kvinner, at menn er dårlegare stilt og blir dårlegare behandla enn kvinner, det har fleire undersøkingar vist. Program har blitt vist på TV om det, i 60 minutes om skulen i USA, korleis krav om kvotering har ført til mindre tilbod til gutane (grunna laber interesse frå jentene), korleis undervisningsopplegget favoriserte jenter (eit eksperiment der elevane vart delt i gute- og jenteklassar, og gutane fekk eit opplegg tilpassa dei, førte til at gutane gjorde det svært mykje betre.) Dokumentaren “Könskriget” frå svensk TV skapte mykje debatt i fjor og i år. Jack Kammer har skrive ei bok om korleis menn blir diskriminert på ulikt sett, If men have all the power, how come women make all the rules? (Kan lastast ned som pdf-fil.) Mange vil nok le av mykje som står i boka, men tenk litt etter: Kor ofte må menn finna seg i å bli behandla eller omtala på måtar ingen ville finna seg i om det var snakk om kvinner? Kor mykje ubevisst dobbeltmoral er det i samfunnet vårt? Eg kunne nok ha peika på fleire ting som enkelte menn finn viktige, andre menn totalt uinteressante, og kvinne tek som ei sjølvfølge for sin eigen del. Kanskje ein annan gong.
Men, korleis skal me gripa fatt i det Døving skriv om? Korleis skal me løysa dei problema han peikar på? Først og fremst må me bli klar over at det er problem som må gjerast noko med. Først då kan me bøta på manglande forståing for problema, finna ut kva som må gjerast. Det kan kanskje vera vanskeleg til tider, for mykje av det nokre synest er ubetydeleg og kan ignorerast er svært viktig for andre – me må ta slikt på alvor og ikkje avvisa desse poblemstillingane som ikkje-eksisterande, noko begge kjønn likevel gjer, òg ovanfor sine eigne. At det er få som snakkar om eit problem tyder kanskje på at det er mange som ikkje tør snakka om det, og ikkje at det er eit fåtal som opplever problemet? Slikt veit me ikkje før me tek problema på alvor og studerer dei.
Eg ser forresten at mange menn er glade for det Døving skriv, fordi dei kjenner att problema frå eigne liv. Det tyder jo på at artikkelen ikkje var eit totalt bomskot, i alle fall.
At reklamebransjen fiksar litt på bileta dei brukar for å gjera modellane enno meir attraktive enn dei er, det er vel noko flesteparten eigentleg veit — sjølv om me kanskje ikkje tenkjer over det til vanleg. Men, kor mykje vert bileta fiksa på? Vel, kanskje nok ein reklamefilm kan gi oss svaret på det? Dove – Evolution, her i quicktime-format og flash format.
Som dei seier i filmen: No wonder our perception of beauty is distorted.
Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.
Mitt forhold til sko er – variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altså. Ser eg på herresko så er det lett å finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for å gjera plass til breide føter er greit nok – men kvifor den dumme centimeteren med såle utanfor? Den er til stades på alt for mange sko.
Hælar på herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje så lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sånn brei såle stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og så såg han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje på det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.
Men er det så mykje betre på damesida då? For min del er det kanskje vel så mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til må eg opp i 43. Ikkje uventa må eg difor sjå med lengsel på mange par sko eg skulle likt å hatt, men som ikkje finst i min storleik.
Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, så kan eg ana litt frustrasjon der òg – dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder så må dei ta til takke med dei pakkane dei får tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje så mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.
Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller får i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” – låge, solide sko som skal tåla litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjånad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.
Ã… bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:
Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til å gå i høge hælar – har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko å gjera med at eg greier å strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen når dei står på tå.
Det går jo igjen det heile tida, at damer har så mykje rart i veskene sine. Korleis får dei plass til alt? Vel – det er berre til å pakka rett det. Kor flink er du til å pakka? Her har du sjansen til å prøva deg, i eit heilt kjønnsnøytralt puslespel. Ingen handvesker innblanda.
For å snu på brikkene, hald nede Skift-tasten og klikk med musa. Brikkene kan ikkje liggja over kvarandre eller utanfor firkanten, men dei kan røra kvarandre.