Auga for auga

Alt eg vil med denne posten, er å dela. Det er så hyggeleg når andre deler gode lenker og opplevingar med meg, så eg må gjera ei teneste igjen, synest eg. Eg vil dela ei lenke.

Som eg har nemnd tidlegare så likar eg SF og Fantasy, og éin nettstad eg har glede av med tanke på dette, er 365 tomorrows. Som namnet hintar om er det ein ny, kort historie kvar dag, innan Science Fiction-sjangeren. Veldig greitt å abonnere på feed-en der.

Eg kom nett på det, då eg gjekk tilbake og leste ein litt eldre historie, Eye For An Eye, og tenkte at slikt skulle eg kunna hatt her òg …

Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frå bza om å skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd å setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altså.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar … Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange år etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

Sånn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

Så var det å senda vidare oppfordringa, då … Tenker eg satsar på Odin og Rebecca og Helge.

Ulogisk?

Ein tanke slo meg brått her eg sat og filte neglene mine: Det seiest at kvinner frys lettare enn menn – i alle fall er det det eg har høyrt fleire gongar. Er det ikkje då litt ulogisk at i selskap, fine tilstellingar og slikt, så kler kvinnene seg lett og tynt, gjerne viser ein god del hud, mens menn kler godt på seg, gjerne i fleire lag (skjorte, vest, jakke – gjerne i tungt stoff) slik at minimalt med hud visest?

Transedans

Eg ser ikkje så overvettes mykje på TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. Både fordi eg synest det kort og godt er gøy å sjå på, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande å følgja med på Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er så veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, så Esben Esther får me sjå igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til å bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg å sjå Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpå bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er å ta transar på alvor, å setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (Så sant andre preferansar ikkje er kjende.)

Skriv du som ein mann eller ei dame?

Eg kom over ein test her om dagen, som baserer seg på resultata frå nokre israelske forskarar om ulikskapane i tekstar skrivne av menn og kvinner. Det viser seg at menn og kvinner ordleggjer seg på ulikt sett for å formidla det dei vil, og dette kan kjennast att på bestemte nøkkelord i tekstane. Nøkkelorda vert vektlagde ulikt, og ved hjelp av ein algoritme som baserer seg på desse nøkkelorda og talet på ord i teksten så kunne kjønnet på forfattaren bestemmast 80% sikkert.

Testen eg tok baserer seg på engelske tekstar, men sidan eg har skrive ein del engelsk opp gjennom åra så hadde eg noko materiale å ta av her. Eg prøvde meg med ein del ulike tekstar, og kjønnet eg i følge teksten skal ha er … Sånn rundt om halvparten mann og halvparten kvinne. Passande?

No kunne det vore artig å hatt denne testen for norsk språk, men det er nok ikkje heilt rett fram å tilpassa han norsk. I alle fall ikkje med mine kunnskapar. Likevel, til de av dykk som har nokre tekstar på engelsk: Ta testen, og fortel kor godt det stemmer overeins, då. 🙂

Oppdatert

Så har eg oppdatert bloggen min til siste versjon av WordPress. No blir det litt spennande å sjå om alle pluginane eg har innstallert fortset å virka, eller om eg må gjera noko på den fronten. Sånn ved første raske overblikk så ser det no heller fint ut.

Med den nye versjonen kjem òg noko nytt til: Tagging. Eller nøkkelord, som det òg kan kallast. For å dra nytte av dette, så måtte eg jo oppdatere temaet litt, men siden eg allereie hadde gjort dette for eit par andre jenter, så gjekk det fort og greitt. Det største arbeidet på dette feltet vil vera å gå gjennom alle dei gamle postane mine og leggja till nøkkelord til dei. Det skal no gå greitt det òg, etter kvart, men det får venta litt i første omgang. Først får eg sjekka litt at alt står bra til elles.