Bært! Bært! *Vinke*

Eg anar ikkje kven han er, men eg har sett han ein del gongar. Det skal nok noko til å oversjå han òg, for kvar gong han køyrer forbi meg, så fløytar han på meg og vinkar ivrig. Det har han gjort sidan i vår. Han har til og med teke omvegen innom ein liten blindveg for å kunna køyra forbi meg og fløyta, vinka og smila.

Eg? Vel, eg greier jo ikkje la vera å smila, då. 🙂

Ei spesialisert ordbok

Livet og det me gjer og omgir oss med kan delast opp på fleire ulike måtar, kategoriserast og delast opp i ulike fagområde og så vidare. På dei ulike områda er det ikkje uvanleg at det vert brukt kvar sin terminologi og vokabular som andre, utanfor dette miljøet, kanskje ikkje så lett forstår eller har kunnskap om. Heldigvis finst det difor ordbøker av ulikt slag: Medisinsk ordbok, teknisk ordbok, synonymordbok for den del, og så vidare.

Kva så med mitt “felt”? Eller greit nok, eitt av dei – det som kan vera eit tema i denne bloggen. Ta til dømes ordet “transe” – eit ord som kan skapa fleire ulike assosiasjonar hjå ulike folk (ikkje alle like korrekte) men, kva andre ord og vokabular generelt sett blir brukt her, av og om transar?

Eg må innrømma at eg ikkje veit om noko norsk ordbok på feltet. Det kan kanskje gjerast noko med, men fram til så eventuelt skjer, her er den engelskspråklege Trannisaurus. Les og lær! Eller – var det le og lær?

Hjerne-sex?

Neida, det er ikkje om å ha sex på hjernen, men kor vidt ein tenderar mot å ha ein mannleg eller kvinneleg hjerne. Tidlegare i dag så kom eg nemleg over ein test hjå BBC – brain sex test – der du kan testa korleis du er opp mot målingar av korleis menn og kvinner statistisk sett gjer det på testen.

Korleis eg personleg gjer det på denne testen før eg sjekka nærare i detalj når eg er meir opplagt, men eg hellar til ein maskulin hjerne. Ikkje så rart, kanskje? No ser eg at eg ikkje er den einaste som har teke denne testen — Mihoe har ei god posting om den same, med nokre tankar rundt det. Eg måtte smila litt då eg leste følgjande:

Rent personlig er jeg umåtelig interessert i å finne ut om jeg har en hjerne som stemmer overens med min tilbøyelighet til å gå i skjørt, det hadde jo vært litt pinlig om jeg fant ut at jeg hadde en undertrykt mannehjerne liksom. Resultatet var, i forhold til skjørtbæring, delvis tilfredsstillende.

Vel – min mannehjerne er ikkje noko hinder for meg og mine preferansar for skjørt… 😉 (Men no er det no fleire menn på imff.net og Skirt Cafe som ikkje ser på skjørt som eit utprega kvinneplagg heller, då.)

Om testen seier noko meir enn kva du er god og mindre god i, og korleis du ligg i forhold til korleis menn og kvinner statistisk gjer det, det spørst – men ikkje la det vera noko hinder. Fram med målebandet for å måla litt på anatomien, og ta testen sjølve. Kan vera litt moro, om ikkje anna.

Avhengig?

Samanrulla blad.

Det ligg kanskje ikkje til vår natur å innrømma det – korkje for oss sjølve eller andre – dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja å lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om så er, så er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege “blad.” I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar månad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir – det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje å setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet “kanskje”) men eg greier liksom ikkje heilt å slutta å kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg måtte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar på meg, særleg når det gjeld noveller, men eg greier stort sett å koma meg gjennom alt i løpet av få dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje – dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men – problemet¹ er jo at eg kjøper så masse av det. Og har problem med å stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gå på avvenning? Slikt noko går jo trass alt ut over både økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ når det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver å tenkja etter kva eg kjøper inn kvar månad, i generelle termar, så blir det:

  • 1 stk PC-blad (abonnement)
  • 2 stk (digital)fotoblad (abonnement)³
  • 1 stk “kunst”-blad (abonnement)
  • 2 stk webdesignblad (abonnement)
  • 6 stk teikneseriar/manga
  • 1.5 stk Fantasy/SF-blad (abonnement og laussalg – sistnemnde med kun 6 nr i året)

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff – eg trur ikkje eg tør tenkja på kva eg legg ut på blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altså litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² Må berre få ta meg saman og rydda litt. Til neste år!
³ Når det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd – men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter …

Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil våga den påstanden at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje å undrast over at det då er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, Kolumbus

Det er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser på kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje så gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpå ettermiddagen går bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje går – eller går svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!

Genderbending?

Genderbending – å tøye grensene for kva som er mannleg og kvinneleg, er det eit reint menneskeleg fenomen? Vel, eg veit svaret på det: Nei! Det finst i alle fall ein type blekksprut, der enkelte hannar kan “forkle” seg som hokjønn for å snika seg til ei hyrdestund med andre hoer, bak ryggen på typen deira – men det overlet eg til vår eminente blekksprutbloggar å leita fram dei saftige detaljane om. Om han har lyst.

Eg for min del vil nøya meg med å dra fram ein aldri så liten dokumentarfilm om kor langt slik genderbending faktisk går.

Det er ein dokumentarfilm, er det ikkje?

Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre år no – at det er premiar å vinna har sjølvsagt vore ein medverkande årsak til dette. Uansett grunn så har det blitt ein tradisjon dette, å vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande årsak til at det er så hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart år dei siste åra så har eg vore så heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok … Nesten så det hadde vore freistande å spørja “Kva blir det i år?” og ikkje “Blir det noko i år?” – men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med å vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frå Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst på ein sånn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg håpar det er noko så enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sånn liten plastfolie på plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje så særleg lang då eg drog han ut…

Vel — eg må berre få meg eit nytt batteri og sjå korleis det går, og så … Så får eg gå! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – så då er det stegteljaren då. 🙁

Triumph sin adventskalender

Ein av dei fine tradisjonane på nettet i adventstida, er dei ulike adventskalendrane rundt om på dei ulike nettstadane. Nokre med premiar, andre med gode tilbod, og atter andre med dei gode gamle “bilder under lukene” – berre spenninga med å sjå kva som skjuler seg under luka den dagen.

Triumph er ein av dei med premiar kvar dag. Naturleg nok er premiane BH-ar og anna dameundertøy/nattøy. Då skulle ein kanskje tru at Triumph helst tenker på kvinnene i denne konkurransen? Men slik er det ikkje. Eg tillet meg å leggja fram eit skjermbilete av registreringsskjemaet deira som prov. Der står nemleg valget mellom to titlar: “Hr” og “Frk” – med “Hr” som avmerka. Eit strategisk trekk for å dobla kundegruppa, kanskje?

Uansett, eg besøker kalenderen kvar dag eg, og håpar på å vinna. 😉