Ei søsters aksept

Det var ein varm ettermiddag i mai. Erik sat i stova og følgde med på klokka. Mora hadde nettopp reist til butikken, og søstera Elena var på trening. Han ville ha minst to timar for seg sjølv. To timar der han kunne vere… annleis.

Han venta til bilen til mora forsvann rundt svingen før han gjekk opp trappene og inn på rommet til Elena. Døra knirka litt då han opna den, og han stoppa ein augneblink, som om nokon kunne høyre det i det tomme huset. Rommet til Elena var ryddigare enn hans eige, med klede pent hengt opp i skapet og sminke organisert på kommoden.

Erik opna døra til garderobeskapet forsiktig. Der hang dei – dei fine kjolane, skjørta og blusane som Elena ikkje brukte lenger. Dei var for små for henne no, men akkurat passe for Erik. Han strekte ut handa og kjente på det mjuke stoffet i ein blomstrete kjole. Han hadde gjort dette fleire gonger dei siste månadene, men hjarta hans dunka framleis hardt i brystet kvar gong.

Med varsame rørsler tok han ut kjolen og la den på senga. Så fann han fram eit par strømpebukser og eit skjørt som passa til. Han skifta raskt, og kjente korleis dei mjuke stoffa omslutta kroppen hans. Framfor spegelen til Elena snudde han seg frå side til side. Kjolen fall fint rundt han, og han smilte til spegelbiletet sitt.

På kommoden stod Elenas sminkepung. Erik nølte eit augeblikk, men opna den likevel. Han prøvde å hugse korleis Elena hadde gjort det når han hadde sett på ho sminka seg. Litt rouge på kinnbeina, ein forsiktig strek med eyeliner, og så litt leppestift. Resultatet var ikkje perfekt, men han kjente seg vakker.

“Erik? Er du heime?”

Stemma til mora skar gjennom stilla, og Erik fraus til. Ho skulle ikkje kome heim på minst ein time til! Han høyrde stega hennar i trappa, og panikken greip tak i han. Han såg seg rundt etter ein stad å gøyme seg, men det var for seint.

“Erik, eg gløymde lommeboka mi, så eg måtte snu—” Mora stoppa brått i døropninga. Auga hennar vida seg ut då ho såg son sin stå der i kleda til søstera, med sminke i ansiktet.

“Å, Erik…” kviskra ho, med ein tone Erik ikkje kunne tolke. Var det sinne? Skuffelse? Han kjente tårene presse på.

“Mamma, eg…” Erik visste ikkje kva han skulle seie. Korleis skulle han forklare noko han sjølv ikkje fullt ut forstod?

Mora gjekk inn i rommet og sette seg på senga. Ho såg på Erik med eit uttrykk han ikkje kunne lese.

“Kom her,” sa ho og klappa på senga ved sida av seg. Erik gjekk nølande bort og sette seg, med hovudet bøygd i skam.

“Dette er Elenas klede og sminke,” sa mora roleg. “Har du gjort dette før?”

Erik nikka svakt, utan å møte blikket hennar.

Akkurat då høyrde dei ytterdøra opne og lukke seg. “Hallo! Eg er heime!” Elenas stemme ljoma gjennom huset.

“Elena! Kan du kome opp hit ein augneblink?” ropte mora. Erik stivna til. No ville alle vite det. Han ville aldri bli sett på same måte igjen.

Elena kom opp trappa og stoppa i døropninga, akkurat som mora hadde gjort. Ho såg på Erik, på kleda sine, på sminken, og så på mora.

“Elena,” sa mora, “eg har nettopp funne Erik i rommet ditt, ikledd dine klede og med din sminke. Sidan det er dine ting, tenkte eg du kanskje skulle få bestemme kva vi gjer med dette.”

Elena var stille eit augeblikk medan ho såg på broren sin. Så sa ho: “Eg veit akkurat kva eg skal gjere for å stoppe Erik frå å bruke kleda mine.”

Mora nikka. “Greitt, då overlét eg dette til deg medan eg fer tilbake til butikken. Eg må få handla det me treng til middag.” Ho reiste seg og gjekk ut, og let Elena og Erik vere aleine.

Då mora var ute av syne, gjekk Elena bort til kommoden sin og tok ut noko lite og svart. “Sjå her, Erik,” sa ho og viste fram eit lite kamera. “Eg visste allereie kva du dreiv med. Eg sette opp dette då eg merka at tinga mine hadde flytta på seg.”

Erik kjente blodet forsvinne frå ansiktet. “Du… du visste det?”

Elena nikka. “Men er eg sint? Nei. Dette er gamle klede som er for små for meg no.” Ho sette seg ved sida av Erik. “Og for å stoppe deg frå å bruke kleda mine, så gir eg dei gamle kleda mine til deg. Dei er no dine.”

Erik såg opp, forvirra. “Kva?”

“Det einaste eg ikkje likte var at du brukte sminken min – av hygieniske årsaker.” Ho tok fram ein liten pose frå veska si. “Difor har eg også ei lita ekstra overrasking til deg: Eg har kjøpt litt sminke til deg, din eigen.”

Erik opna posen og såg ned på dei nye sminkeprodukta – alt var hans eige. Han kjente tårene presse på igjen, men av ein heilt annan grunn denne gongen.

“Takk.” Stemma hans svikta litt så det kom fram ganske svakt. Han kremta litt for å reinska opp og fortsette: “Men … korleis … kvifor har du …”

Elena smilte og strauk han over kinnet der han leita etter orda. “Eg sa eg hadde sett opp kameraet sidan eg oppdaga at ein del klede hadde blitt flytta på. Trudde først det kunne vera mamma som hadde vore inne og sjekka, men fekk ikkje heilt det til å stemma heller – og det skjedde litt for ofte. Og det var kun etter eg byrja å leggja merke til det. Kanskje du har prøvd litt forskjellig lenge?”

Eric slo ned blikket og nikka forsiktig. “Det er i orden det. Eg hadde ein mistanke då eg slo vekk tanken om at det kunne vera mamma som sjekka storleiken, sidan kleda er for små til meg no. Det er jo slikt eg eigentleg skulle ha gitt vekk eller plassert i klesinnsamling, men eg venta med det – og då eg såg deg på filmen frå kameraet, så var det ikkje at du lånte kleda eg la mest merke til. Det var gleda du viste då du hadde dei på deg.”

“Så … du tok vare på dei … på grunn av meg?” Erik såg på Elena med store auge. Ho nikka. “Det gjorde eg – og no er eg glad for det.”

Det vart stille mellom dei, så tankane fekk synka inn.

“Kom, så viser eg deg korleis du bruker sminken rett,” sa Elena med eit smil. Ho tok fram ein sminkefjerner og tørka vekk den klønete påførte sminken frå ansiktet hans. Så byrja ho å sminka han på nytt, med varsame og presise rørsler.

“Du må passe på å blende foundationen godt inn i halsen, slik at det ikkje ser ut som du har på deg ei maske,” forklarte ho medan ho arbeidde. “Og når det gjeld klede,” heldt ho fram, “så passar denne kjolen fint med dei svarte strømpebuksene, men ikkje med dei grå. Og dette skjørtet her går betre med ein enkel topp, ikkje ein med mønster.”

Ho stoppa litt opp, og såg på Erik, og deretter på kleda. “Kanskje me skal finna eit flott antrekk til deg no? Få deg til å sjå meir feminin ut?”

“Kan me?” Han såg forventningsfullt på henne.

“Absolutt!” Elena smilte til han og fann raskt fram eit antrekk ho elska då ho var mindre. “Du rørte aldri undertøyet mitt, men eg har jo litt av det òg i din storleik no. Vil du ha det på?”

Erik som Erika, fint pynta av Elena

Å sjå augene til Erik lyse opp var godt nok svar, så ho fann fram både truse og BH til han. Enkelte jenter byrja så smått å utvikle bryst i den alderen, men ein BH kunne òg få han til å kjenna seg litt meir som jente, sjølv utan innlegg. Han hadde teke av seg mesteparten av kleda medan Elena hadde funne fram alt til det nye antrekket, og stod der i berre underbuksa, litt sjenert.

Elena smilte. “Eg snur meg rundt eg, så du kan skifte. Sei i frå når eg kan sjå igjen.”

Det tok ikkje lange stunda før han var klar, “OK, du kan snu deg igjen, men … korleis greier du å festa BH-en?”

Då ho snudde seg rundt att stod Erik der i truse og strømpebukse, og prøvde å feste BH-en på ryggen. Ho viste korleis han kunne feste den mens hektene var i front, og deretter snu BH-en rundt og få skulderstroppene på plass etterpå. Og BH-en var den perfekte storleiken, kjende ho, medan Erik var fascinert over korleis den formpressa A-cup-en gav han illusjonen av små bryst. Elena stod smilande og såg på korleis han kjende på dei, litt som ho sjølv gjorde då ho prøvde ein for første gong. “Etter kvart så kan me få litt innlegg i tillegg,” sa ho, “Så kan brysta dine veksa med deg.”

Erik såg raskt på henne, der ho blunka til han. Han smilte og fekk på seg resten av antrekket, og såg forventningsfullt på henne.

“Det er godt du ikke har vore hjå frisøren på ei stund no, sånn at me kan fikse litt på frisyren din,” sa ho og plukka fram hårbørsten og litt hårgele. Ho arbeidde konsentrert med å forme håret så feminint som ho greidde. “Hmmm. Ikkje så gale, men det er noko som manglar …” Ho såg tankefullt på han, før augene lyste begeistra opp. “Kanskje eg har …” Eine kommodeskuffa vart dregen ut, og ho rota litt nederst og innerst i ho. “Jess, der har me det! Det gamle smykkeskrinet mitt.”

Det vart forsiktig opna, og ho fann fram litt hårpynt som ho festa, eit søtt smykke som ho hengde rundt halsen til Erik, og eit par øyreklips.

“Der, no har du det, alt som trengst for å ha komplett antrekk.” Elena såg raskt gjennom resten av innhaldet i smykkeboksen. “Og denne kan du få òg, desse smykkene passar til deg no.”

Då ho var ferdig, leidde ho Erik til den store spegelen. Erik gispa då han såg seg sjølv. Han såg … vakker ut. Som ei jente. Som seg sjølv, men likevel heilt annleis.

“OK, Erika,” sa Elena med eit smil. “Tid for å få dei nye kleda dine inn i din eigen garderobe.”

“Erika?” kviskra Erik.

“Om du vil,” svara Elena. “Det er opp til deg, og kva du synest passar best. Nett no er du veslesøster mi, men kanskje det berre vil vera av og til? Både mamma og pappa vil nok lura litt, dei òg kva du føler.”

Dei tok med seg Elenas gamle klede – no Eriks, eller kanskje Erikas – og gjekk til rommet hans. Saman rydda dei plass i skapet hans og hengte opp kjolane, skjørta og blusane, eitt plagg om gongen.

“Mamma kom heim att for ei lita stund sidan. Skal me gå ned og vise henne?” spurde Elena.

Erik nikka forsiktig.

Mora stod ved kjøkkenbenken og skrelte poteter då dei kom ned. Ho snudde seg og augo hennar vida seg ut då ho såg forandringa.

“Elena…” byrja ho.

“Eg gjorde akkurat det eg sa eg skulle gjere,” sa Elena raskt med eit smil. “Eg stoppa han frå å bruke kleda mine ved å gi dei til han i staden. No er dei Erika sine, og eg og veslesøstera mi skal nok ha våre private motevisingar etter kvart.”

Mora såg på Erik, no vakker og tryggare enn ho hadde sett han på lenge. Ho sukka, men det var ikkje av sinne eller skuffelse. Det var meir som… aksept.

“Vel, eg kan ikkje vere sint,” sa ho og rista på hovudet med eit lite smil. “Elena har jo gjort akkurat det ho sa ho skulle gjere.”

“Mamma,” sa Erik mjukt, “er det… er det greitt?”

Mora la frå seg potetskrellaren og tørka hendene på forkleet. Ho gjekk bort til Erik og strøk han over håret. “Erik – eller er det Erika no? – det er greitt. Det vil ta tid for meg å forstå alt dette, men eg elskar deg uansett kven du er eller korleis du kler deg. Det vil eg alltid gjera! Men du må nok fortelja både meg og pappa kva du føler og kjenner deg som, når han kjem heim, og ikkje vera redd for å fortelja oss alt.”

Den kvelden åt dei middag saman, som ein familie. Og for første gong kunne han visa ei side av seg sjølv, utan å vere redd for reaksjonane. Han visste ikkje kva framtida ville bringe, eller kven han eigentleg var enno, men han visste at han ikkje var aleine. Og akkurat no, var det nok.

Ute av skapet, eller?

Som nemnd i førre del i desse innlegga om starten min som Monica, fortalde eg korleis eg turde gå ut som kvinne offentleg i fullt dagslys, og inn på kjøpesenteret. Eg var ikkje lengre redd for kva folk eg ikkje kjente måtte tru om meg. Men – kva med dei eg kjente? Kollegaer på jobb? Ville eg tørra å stå fram for dei?

Eg gjorde jo det, men det skjedde ikkje med éin gong. Det vart først ein del gongar ut etter arbeidstid, ein del fine kommentarar frå tilfeldige personar no og då gjorde meg nok litt tryggare òg. (Sjølv om eg ikkje akkurat tek igjen alle kjenslene mine frå den tida.)

Så var det ein dag då, eg fekk eit lite gnagsår på hælen frå eit par pumps eg hadde på meg. Lite nok til at eg ikkje brydde meg om å gjera noko med det – alternativt hadde eg ikkje plaster til å setja på. Uansett, på jobben så var det irriterande nok til at eg spurde ho i resepsjonen om me hadde noko plaster; eg hadde fått eit gnagsår på hælen av nokre pumps.
– Pumps? spurte ho.
– Det er ein type sko …

Og slik kom eg ut for ei av dei eg jobba med.

Eg hadde òg eit bilete av meg sjølv som Monica, lagt ut på ei heimeside eg hadde den gongen, så eg måtte jo visa henne det. Ei venninne av henne kom innom akkurat då òg, så ho vart jo introdusert for Monica òg, av kollegaen min. Dei var begge opne og nyfikne, ingen problem der. Men – eg hadde fått plasteret eg skulle ha, så eg fór inn på kontoret mitt igjen eg.

Ikkje så alt for lenge etter det, så kom avdelingsleiaren inn til meg. Han hadde oppdaga at eit bilete av meg som dame gjekk runden blant kollegaene mine, og var litt bekymra for korleis eg ville ta det … Eg var jo litt overraska over kor raskt det gjekk, men så var det i alle fall kjent. Og nei, eg bekymra meg ikkje for eventuelle vitsar om det heller – humoren min var den same som før, og eg rekna ikkje med kollegaene mine plutseleg ville byrja å fortelja vitsar og humor som ville gå ut over meg – og skulle det dukka opp ein og annan vits skulle eg nok takla det greit. Forholdet mitt til kollegaer var som før òg. Eg måtte jo vera litt tilbakeholden med korleis eg kledde meg på jobb, mykje på grunn av kundar som måtte koma innom, men utanfor arbeidstid var det ikkje noko problem å møta dei som Monica. Der vart det då både teater-besøk og berre litt sosialt på kafé og diverse.

Så – då var eg ute av skapet? Eg trur eg vil påstå det, sjølv om eg ikkje slo på stortromma og gjorde det offentleg kjent for alle; det var nok at dei eg hadde å gjera med til dagleg eller ofte visste det. Men det vart jo veldig offentleg kjent på eit seinare tidspunkt, då.

No er eg fri!

Ute i sola

[verse 1]
I mørket fant eg klede,
minikjoler gjømt vekk frå mor.
I stilla kledde eg meg i drømmer,
redd for kva dei andre tror.

[pre-chorus]
Men bakom skjermen, kom eg fram,
på ICQ og IRC fann eg ham.
Ei venninne såg meg som eg var,
i fantasien byrja eg å bli klar.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[verse 2]
Eg har gått i natta, gjømt meg i frykt,
berre mørket fekk vite kor eg var.
Men så kom dagen, ei ulykke slo hardt,
livet viste meg kva som er viktigast.

[pre-chorus]
Ein ekspeditrise, eit smil, ei hand,
på Kvadrat møtte eg ei trygg hamn.
Ingen spørsmål, ingen fordommar,
berre lys, ingen mareritt lenger kvar.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[bridge]
Eit steg i lyset, dagen er mi scene,
parykk, sminke, dette er mi stemme.
Ulykkene lærte meg, frykta er forgjeves,
no står eg sterk, heilt uanfekta.

[chorus]
No er eg fri, ingen veg tilbake,
frykta er borte, eg kan ikkje vente.
Eg går ut i lyset, ingen skygger mer,
aksepten kom, og eg er her.
No er eg fri, fri til å vere meg,
livet smiler, og det er greit.

[outro]
No er eg fri, eg er fri,
det er min tur å leve, min tur å bli.

Kvifor vera redd?

Som eg nemnde i førre innlegg, så turde eg etter kvart å prøva litt klede før eg kjøpte dei. Eller let vera, om dei ikkje passa eller var fine på meg. Ikkje at eg slapp meg heilt laus i butikkane heller, eg var stadig forsiktig og diskrét, sjølv om eg hadde hatt ei positiv oppleving.

Å gå ut som kvinne dog, og visa meg offentleg i dagslys, nei det var uaktuelt. Det fekk vera nok at eg hadde opna meg for venner på internett. Eg heldt meg stadig inne eller ute på nattestid når eg var kledd som kvinne. Det gjorde godt å gå ut slik, godt å vera ute, og ikkje vera redd for å møte folk i dagslys der dei lett kunne sjå kva eg var. Tenkte eg.

Girl walking out at night
Illustrasjonsfoto: Ute og går nattestid

Ein dag eg kom heim, var ikkje avisa levert i postkassen enno, men eg kledde meg heilt om som kvinne likevel – og heldt meg inne. Turde ikkje gå ut og henta avisa då den kom, så eg venta til etter midnatt før eg vågde meg ut og henta inn den.

Dagen etter slo tanken meg: Kvifor skal eg gå rundt å vera redd for kva totalt framande folk tenkjer om meg? Det var mange andre ting som var mykje verre og som eg kunne vera redd for. Eg var trass alt i live – og det var ikkje ei sjølvfølge: Eg hadde vore i ei ulukke, der ein person rett attmed meg var ein av dei som ikkje overlevde – og det var visst berre minuttar om å gjere for meg òg. Kva dei eg ikkje kjenner tenkjer om meg er berre uviktige bagatellar i samanlikning, og ikkje noko eg treng bry meg om uansett. Trass alt – når eg ikkje kjenner dei, kvifor skulle eg bry meg om kva dei tenkjer?

Éin ting er å tenkja det. Ein annan ting er å gjera noko med det. Så kva gjorde eg? Eg kledde meg om som kvinne, brukte parykk og sminke for å i alle fall vera ein smule overbevisande, og gjekk ut i sola. Helste på husverten då eg gjekk forbi han, og fortsette til Kvadrat for å sjå og handla. Negative kommentarar kunne eg ved dagens slutt telja på mindre enn éi hand …

Jente i skjørt og topp på kjøpesenter
Illustrasjonsfoto: Ute på kjøpesenter

Ein barriere var broten! Ikkje berre hadde eg turt å gå ut som kvinne, utan å vera redd for kva andre måtte tenkja om meg – eg hadde ikkje fått ein einaste negativ kommentar, det var vel helst litt oppmuntrande smil og positive kommentarar. Og no fekk eg kjenna på det andre hadde fortalt om på Usenet/News: Det var som å sleppa ut i fridom – aldri om eg skulle inn i fangenskap igjen. Eg var ikkje lengre redd for å visa meg som kvinne!

I byrjinga var angsten …

Sidan eg har lyst å gjenopplive denne bloggen, så har eg stilt meg spørsmålet: Korleis skal eg gjera det? Skal eg fortsetja i same stil som før, eller bør eg endra på noko? Det blir litt som å starte på nytt, så kvifor ikkje starte med starten?

For å ta det kort om dei aller tidlegaste gongane, så var eg ikkje store guten før eg fann nokre av mamma sine gamle minikjolar i skapet. Ikkje klesskapet hennar, for ho brukte dei ikkje. Men eg måtte jo prøva dei på, og dei vart fotside kjolar på meg. Var jo moro det, og etter kvart som eg vart eldre fann eg litt meir og prøvde. Men, eg heldt det hemmeleg. Gutar skulle jo ikkje bruke dameklede – og eg var litt redd for reaksjonen.

Liten gut i mammas kjole
Illustrasjonsbilete: Liten gut i mammas kjole.

Og sånn fortsette det. Etter kvart som eg vart eldre, så skaffa eg meg litt etter litt mine eigne dameklede. Og damesko. Eg prøvde ikkje på før eg kjøpte, det var for skummelt, så det var å ta sjansen på noko billig. for det måtte jo haldast hemmeleg!

Det byrja så smått å endra seg etter eg fekk meg internett. ICQ var ein av dei stadane der eg fekk god kontakt med enkelte – og IRC, News, og ein del eg ikkje hugsar namna på. Ei av dei eg hadde kontakt med på ICQ fortalde meg ein gong om kva ho fantaserte litt om der og då: Meg i ein sexy, kort sjukepleiaruniform For kvinner. Og krølla hår og makeup, slik at eg framstod som ei vakker sjukepleierske. Som ei kvinne, med andre ord.

Dette måtte eg jo sjølvsagt protestere på. Eg hadde ikkje krølla hår … men opptakten til å opna meg litt og stå fram som transe var no lagt. Dei to eg var i samtale med då ho fortalde om fantasien sin var jo dei første eg fortalde det til, og andre? Vel, eg var veldig forsiktig med det. Eg veit eg fortalde det til éi til på eitt eller anna tidspunkt.

Men det var på internett. Korleis gjekk det på heimebane, offline? Vel – eg greidde etter kvart å gå ut som dame – i nattemørket. Slik kunne eg unngå å møte folk, og det ville i alle fall ikkje vera så lett å sjå at eg var mann om eg skulle møta nokon … Skummelt, men det kjentest godt, òg.

Men å kjøpa klede? Det var jo stadig å ta sjansen og kjøpa billig. Å prøva kleda først? Vel – kanskje om eg kunne greia å ta med meg noko til prøveromma i herreavdelinga … eg skal ikkje påstå at eg ikkje gjorde det, for det hugsar eg ikkje så klart. Men éin dag så endra det seg. Det var eit par fine kjolar eg såg, men dei kosta for mykje til å berre ta sjansen, så eg tok mot til meg og spurte ekspeditrisa om ho trudde dei ville passa … vel, meg?

Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken
Illustrasjonsbilete: Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken

Svaret og tonefallet hennar var vel ikkje heilt det eg venta meg: “Det er berre til å prøva det.” Og det sa ho som om det skulle vera den naturlegaste ting i verda. Så då prøvde eg kjolane eg. Eine passa, andre var for liten. Og eg fann ut at OK, det var ikkje farleg å prøve kleda i prøverom.

Men å gå ut som dame, nei det var stadig alt for skremmande!

SheZow

Meininga var jo å oppdatere litt her, men … det stoppa litt opp med det innlegget eg hadde i tankane. Sååå … plan B?

Eg har ingen plan B, men eg kan jo alltids gjera det enkelt og gje lenka til ein serie som gjekk på TV for ein del år sidan. Ikkje norsk TV då, men … og det gjekk berre i éin sesong.

Personleg har eg ikkje kome lenger enn til å finna ut at denne serien skal eg sjå:

Å bli ein superhelt ved hjelp av ein ring kan jo vera draumen for mange. Men … vel. Det er jo ein grunn til at eg lenker til denne serien her, sant?

Forvirra naboar?

Kom over eit bilete på nettet, ei gammal framside av eit blad. Frå 1952. Det er jo kanskje passande nok for å kunna visast her i seg sjølv, men, eg såg litt nærare på boka som ligg på bordet …

Mann som med litt kreativitet skaper ein feminin silhuett av seg sjølv på nedtrekt rullegardin

«How to confuse your neighbours»

Vel – det fekk meg jo til å tenkja på mine naboar. Er dei forvirra over meg, og kven eller kva eg er? Eg presenterer meg ikkje forskjellig frå nokre av dei, eg er meg sjølv heile tida eg, men altså – eg blir kalla både ein kjekk mann og søt dame …

Men det er vel sånn eg er, då. 🙂

Geraldine

Eg har skrive om denne videoen tidlegare. Originalen finst stadig på YouTube, men eitt eller anna har skjedd. Ein annan versjon vart posta seinare, reparert, men utan starten. Det var jo litt dumt, syntest eg.

Sååå – eg kombinerte litt eg, og fiksa litt, så no er tittelsidene og startskriket tilbake. Undertittelen viser jo med éin gong kva situasjonen er.

Gammal, men dog – skadar ikkje med ein repetisjon, eller?

Sååå – kva no?

Spørsmål og svar

OK, denne bloggen har ikkje akkurat sett så mykje aktivitet i nokså mange år no, og brått har den eit litt nytt design. Så kva skjer?

Spørsmål og svar

Kvifor har bloggen vore død så lenge?

Fordi eg ikkje har oppdatert den!

Og grunnen til det då?

Det er mange grunnar til det, men mesteparten er nok relatert til PTSD og følgjene av det som eg til slutt ikkje greidde å overvinna; konsentrasjonen og energien var vekke, og ein del fysiske plager. Sistnemnde har heldigvis blitt betre, om ikkje heilt vekke.

Vil eg starta opp igjen no då?

Det er det eg satsar på, for eg har lenge irritert meg over situasjonen. Så no vil eg prøva igjen.

Greier eg det?

Eg kryssar fingrane. Har fått litt ekstra inspirasjon ei stund no, så …

Og kor ofte vil eg blogge?

Vel, basert på det eg har sagt over så tør eg jo ikkje lova for mykje. Eg håpar eg greier å blogge kvar veke, men det er betre å blogge irregulært enn ikkje i det heile. Synest eg då, for min eigen del.

Og innhaldet?

Vil vera mykje det same som før, reknar eg med:

  • Personlege opplevingar, nye og gamle
  • Interessante artiklar frå nettet
  • Videoar
  • Musikk
  • Bilete
  • Historiar

Og elles får eg sjå på kva innspel eg kan få etter kvart.

Og alt det andre du måtte lura på?

Spør meg, så skal eg prøva å svara.