Kvifor vera redd?

Som eg nemnde i førre innlegg, så turde eg etter kvart å prøva litt klede før eg kjøpte dei. Eller let vera, om dei ikkje passa eller var fine på meg. Ikkje at eg slapp meg heilt laus i butikkane heller, eg var stadig forsiktig og diskrét, sjølv om eg hadde hatt ei positiv oppleving.

Å gå ut som kvinne dog, og visa meg offentleg i dagslys, nei det var uaktuelt. Det fekk vera nok at eg hadde opna meg for venner på internett. Eg heldt meg stadig inne eller ute på nattestid når eg var kledd som kvinne. Det gjorde godt å gå ut slik, godt å vera ute, og ikkje vera redd for å møte folk i dagslys der dei lett kunne sjå kva eg var. Tenkte eg.

Girl walking out at night
Illustrasjonsfoto: Ute og går nattestid

Ein dag eg kom heim, var ikkje avisa levert i postkassen enno, men eg kledde meg heilt om som kvinne likevel – og heldt meg inne. Turde ikkje gå ut og henta avisa då den kom, så eg venta til etter midnatt før eg vågde meg ut og henta inn den.

Dagen etter slo tanken meg: Kvifor skal eg gå rundt å vera redd for kva totalt framande folk tenkjer om meg? Det var mange andre ting som var mykje verre og som eg kunne vera redd for. Eg var trass alt i live – og det var ikkje ei sjølvfølge: Eg hadde vore i ei ulukke, der ein person rett attmed meg var ein av dei som ikkje overlevde – og det var visst berre minuttar om å gjere for meg òg. Kva dei eg ikkje kjenner tenkjer om meg er berre uviktige bagatellar i samanlikning, og ikkje noko eg treng bry meg om uansett. Trass alt – når eg ikkje kjenner dei, kvifor skulle eg bry meg om kva dei tenkjer?

Éin ting er å tenkja det. Ein annan ting er å gjera noko med det. Så kva gjorde eg? Eg kledde meg om som kvinne, brukte parykk og sminke for å i alle fall vera ein smule overbevisande, og gjekk ut i sola. Helste på husverten då eg gjekk forbi han, og fortsette til Kvadrat for å sjå og handla. Negative kommentarar kunne eg ved dagens slutt telja på mindre enn éi hand …

Jente i skjørt og topp på kjøpesenter
Illustrasjonsfoto: Ute på kjøpesenter

Ein barriere var broten! Ikkje berre hadde eg turt å gå ut som kvinne, utan å vera redd for kva andre måtte tenkja om meg – eg hadde ikkje fått ein einaste negativ kommentar, det var vel helst litt oppmuntrande smil og positive kommentarar. Og no fekk eg kjenna på det andre hadde fortalt om på Usenet/News: Det var som å sleppa ut i fridom – aldri om eg skulle inn i fangenskap igjen. Eg var ikkje lengre redd for å visa meg som kvinne!