I byrjinga var angsten …

Sidan eg har lyst å gjenopplive denne bloggen, så har eg stilt meg spørsmålet: Korleis skal eg gjera det? Skal eg fortsetja i same stil som før, eller bør eg endra på noko? Det blir litt som å starte på nytt, så kvifor ikkje starte med starten?

For å ta det kort om dei aller tidlegaste gongane, så var eg ikkje store guten før eg fann nokre av mamma sine gamle minikjolar i skapet. Ikkje klesskapet hennar, for ho brukte dei ikkje. Men eg måtte jo prøva dei på, og dei vart fotside kjolar på meg. Var jo moro det, og etter kvart som eg vart eldre fann eg litt meir og prøvde. Men, eg heldt det hemmeleg. Gutar skulle jo ikkje bruke dameklede – og eg var litt redd for reaksjonen.

Liten gut i mammas kjole
Illustrasjonsbilete: Liten gut i mammas kjole.

Og sånn fortsette det. Etter kvart som eg vart eldre, så skaffa eg meg litt etter litt mine eigne dameklede. Og damesko. Eg prøvde ikkje på før eg kjøpte, det var for skummelt, så det var å ta sjansen på noko billig. for det måtte jo haldast hemmeleg!

Det byrja så smått å endra seg etter eg fekk meg internett. ICQ var ein av dei stadane der eg fekk god kontakt med enkelte – og IRC, News, og ein del eg ikkje hugsar namna på. Ei av dei eg hadde kontakt med på ICQ fortalde meg ein gong om kva ho fantaserte litt om der og då: Meg i ein sexy, kort sjukepleiaruniform For kvinner. Og krølla hår og makeup, slik at eg framstod som ei vakker sjukepleierske. Som ei kvinne, med andre ord.

Dette måtte eg jo sjølvsagt protestere på. Eg hadde ikkje krølla hår … men opptakten til å opna meg litt og stå fram som transe var no lagt. Dei to eg var i samtale med då ho fortalde om fantasien sin var jo dei første eg fortalde det til, og andre? Vel, eg var veldig forsiktig med det. Eg veit eg fortalde det til éi til på eitt eller anna tidspunkt.

Men det var på internett. Korleis gjekk det på heimebane, offline? Vel – eg greidde etter kvart å gå ut som dame – i nattemørket. Slik kunne eg unngå å møte folk, og det ville i alle fall ikkje vera så lett å sjå at eg var mann om eg skulle møta nokon … Skummelt, men det kjentest godt, òg.

Men å kjøpa klede? Det var jo stadig å ta sjansen og kjøpa billig. Å prøva kleda først? Vel – kanskje om eg kunne greia å ta med meg noko til prøveromma i herreavdelinga … eg skal ikkje påstå at eg ikkje gjorde det, for det hugsar eg ikkje så klart. Men éin dag så endra det seg. Det var eit par fine kjolar eg såg, men dei kosta for mykje til å berre ta sjansen, så eg tok mot til meg og spurte ekspeditrisa om ho trudde dei ville passa … vel, meg?

Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken
Illustrasjonsbilete: Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken

Svaret og tonefallet hennar var vel ikkje heilt det eg venta meg: “Det er berre til å prøva det.” Og det sa ho som om det skulle vera den naturlegaste ting i verda. Så då prøvde eg kjolane eg. Eine passa, andre var for liten. Og eg fann ut at OK, det var ikkje farleg å prøve kleda i prøverom.

Men å gå ut som dame, nei det var stadig alt for skremmande!

One thought on “I byrjinga var angsten …”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *