Me var to stykke på jobb i dag som skulle på toalettet samtidig. Meg i skjørt, og dama i bukser. Framme ved dørene insisterte dama at eg skulle gå inn på det rommet som var symbolisert med ein person i bukser, og ho skulle nytta rommet symbolisert med ein person i skjørt.
Hmmm… Skal me eigentleg berre ignorere sånne skilt, då?
haha. Drittøft 🙂
Hei Skiltforvirring.
Da du kastet fra deg buksa så kastet du vel ikke fra deg pikken også. Er enig i at vi burde hatt et “unisex” toalett. Intil videre får du nok gå på toalettet for menn. Det er ikke sikkert at noen damer ville like å se deg hvis du viftet med pikken din der. Lystene kunne kanskje bli for sterke. Ja det gjelder jo fra begge hold da.
Du får nok prøve å påvirke noen til å forandre dette med toalettene.
Mann i skjørt.
No sa eg ikkje med eit ord at eg hadde tenkt meg inn på dametoalettet – i dette tilfellet var det dama som ikkje vlle inn på herretoalettet. Elles er me uformelle nok der til å bruka det toalettet som er ledig, uansett kva me måtte ha mellom beina.
Når det gjeld utstyret, enten det no går utover eller innover, så er me òg bluferdige nok til å ha dette innanfor kleda til me er inne på sjølve toalettet, åleina og med låst dør.
I vårt tilfelle på jobben er det berre snakk om to separate rom då, men du tenker kanskje på større rom, med ulike avlukke? Slik er det gjerne i større offentlege bygg. I slike tilfelle, vel – då ser eg på kva som passar seg. Framstår eg som dame, så går eg på damedo. Om damer skulle ha noko i mot å sjå dei edlare delane, så får dei la vera å pressa seg inn i same avlukke som meg. Til no har ikkje det vore noko problem – eg har fått vore i fred.