Eg er sanneleg ikkje sikker på den eksakte ordleggjinga, men Lindex har jo lenge reklamert med at dei er litt meir kvinneleg. Utan at dei nemner kven eller kva dei samanliknar seg med, men nett no har eg lyst til å tolka dette som at ein person iført varer frå Lindex er meir kvinneleg enn når vedkomande ikkje er iført desse varene. Grunnen er nemleg eit besøk eg nyleg gjorde i ein Lindex-butikk…
Ikkje overraskande var det jo ein del fint og feminint tøy der, men eg var ikkje ute etter noko slikt denne gongen. Søte sokkar, spennande strømper, fint undertøy – men det er jo likevel ikkje noko som skiller seg så særleg ut frå andre klesbutikkar. Likevel, det var i undertøysavdelinga eg såg noko som nok kunne skilta med å gjera meg litt meir kvinneleg.
To ting som i relativt sterk grad seier “kvinne” er hoftene og puppene. Blant dei som har noko å skilta med av det sistnemnde finst det push-up BH-ar, mens dei som har mindre treng litt ekstra hjelp. Og at det finst ulikt å fylle ut litt ekstra i ein BH med, det er heller ikkje noko stor løyndom. Det er alt i frå formpressa skumgummi til silikonputer som aukar cup-storleiken. Og dette fann eg jo der, no som tidlegare. Men eg fann òg noko eg kun har sett på nettet før, på stadar som rettar seg mot transar. Eg fann falske brystvorter.
Vel, kvifor ikkje? Det kan vel vera pirrande for nokon ein kvar å ha konturen av eit par framtredande brystvorter under toppen, like mykje som litt større pupper…
Likevel, slagordet “litt meir kvinneleg” får etter kvart ei litt anna tyding for meg no, når Lindex så smått byrjar å gå transebutikkar etter i næringa. 😉
Og i dag såg eg det motsette hjå Nille: Nipple cover – silikonputer for å skjula brystvortene, slik at det blir ein heilt glatt kontur…
Wohoo, byter du ut «de» med «u» får du ein supertøff kernel som plar vera basis for høvelege operativsystem. Yey!