Kjøpa bøker etter kilopris

Stabelen med bøker eg har kjøpt til kiloprisDenne veka har det vore Sandnesdagar her i, eh, Sandnes. Det har med andre ord vore ei veke med liv i gågata, masse ulike standar og butikkane har hatt fleire gode tilbod. Ja, ikkje berre dei i gågata då. Når det er slik, så blir ein gjerne gåande rundt og sjå litt ekstra, sånn i tilfelle du oppdagar noko gøy du ikkje visste du kunne tenkja deg … 😉

No har det jo òg vore eit ypperleg vêr – stort sett – til å gå rundt slik ute i gata. Lettkledd og nyta sola og softis, sjå på livet, og kanskje finna nokre tilbod du blir litt nyfiken på. Eitt slikt tilbod var det eine bokhandlaren som baud på.

Utanfor nemnde bokhandel var det stilt opp nokre bord der dei hadde bøker til salgs. Ikkje så uvanleg akkurat det, men her var det fleire bøker enn dei pleier stilla ut slik – og så var dei prisa pr kilo. 25 kr/kg og 50 kr/kg. Slikt stiller etter mi meining i klasse med posesalg, så her måtte eg jo berre snusa litt og sjå om det dukka opp noko interessant. No skal det jo seiast, at til ein slik kilopris så kan ting lett bli meir interessante enn det dei opprinneleg var.

Eg fann litt bøker eg. I tre omgangar. Torsdag fann eg litt, jentene i butikken vog opp, og eg betalte for 1,5 kg. Det same skjedde fredagen. Og i dag, då fann eg jammen litt til, denne gongen 860 gram bøker. Så kan du lura då: Kor mange bøker utgjer 3,86 kg? Vel – eg er ikkje heilt sikker eg, for eg la merke til at fredagen så slo dei litt av på vekta. Etter mi vekt her heime, så har eg til saman kjøpt 4,1 kg. Kor mange bøker det utgjer, det kan du sjå av biletet på sida her.

Ser du godt etter på biletet, så legg du kanskje merke til at det er stort sett éin type bøker som har fanga interessa mi. Alle bøkene er òg i same prisklasse, så om eg seier at eg etter mi vekt har fått 6 kroner i avslag, skulle det vera enkelt å finna ut kva kilopris eg har betalt, og kor mykje eg har betalt til saman.

Det skulle i alle fall vera liten tvil om at det ikkje er noko å seia på prisen…

Einaste problemet då er å finna ut kva for ei eg skal starta med. Kom gjerne med forslag 😉

2 thoughts on “Kjøpa bøker etter kilopris”

  1. Teoretisk sett, om dei 20-kronersbokene er nokre skikkelege mursteinar, så kan kiloprisen koma ned mot den eg betalte. Slike bøker finst jo, men det skal nok godt gjerast likevel. 😉

Comments are closed.