Eg har fått eit visst inntrykk av at det er LOLCats som er den store farsotten på nettet no for tida. Eller i alle fall ein liten farsott. Det går ikkje ein dag utan at eg ser minst ein LOLCat eller les om det, så då må eg vel nesten kasta meg på bølgja sjølv òg, eller?
Vel – kanskje ikkje, men når det finst ei teneste som gjer det veldig lett å laga til slikt, så er det veldig vanskeleg å ikkje prøva, i alle fall. LOL feeds er ei slik teneste, der du kan ta for deg diverse feedar (din eigen, BBC, CNN, kva du no vil) og litt til, og få automatisk generert LOLCats ut av dei. Overskriftene frå feedane vert sett saman med tilfeldige kattebilete frå flickr, og resultata kan bli… Vel, alt muleg. Enkelte blinkskot kan oppstå.
Uansett, det er mange nok som likar dette til at eg berre må nemna det her i bloggen min. 😉