Eg har leika meg litt eg i kveld, med å utvida kommentarane i bloggen min til å inkludere gravatarar, for dei som har det. Eg kom vel eigentleg i tankar om det då eg leika meg med desse dokkene for eit par innlegg sidan, at eg kunne bruka eit utsnitt av dei som avatar.
På nettstaden gravatar.com laga eg meg ein profil og gravatar, og så såg eg på PHP-koden som skulle til — det innstikket til WordPress dei hadde der nemnde versjon 1.2 av WP, og det var nemleg litt gammalt… Men, eg kom fram til at eit innstikk var greiaste metoden likevel, så eg gjorde eit raskt søk, og ZenPax Gravatars2 Plugin såg ut til å vera det som skulle til. Oppdatert for ikkje så lenge sidan òg.
Innstallasjonen gjekk i grunnen greit den, så no er det på plass. No kan det jo hende eg kjem til å flikke litt på plassering og slikt framover for å sjå kva eg trivest best med, men ting fungerer i alle fall fint. 🙂
Trur eg laga ein gravatar for eit år sidan. *Testepost*.
Elles trur eg ikkje eg vil hava det på mi side, vert for mykje støy 🙂
Det kan bli litt støy om eg ikkje er forsiktig, ja — men eg vil no sjå korleis eg får det til og korleis det fungerer her blandt kommentarane som dukkar opp. Og litt av moroa med dei er jo å eksperimentere litt. 😉
Nå har jeg også fikset meg en gravatar, da…
Men, om jeg skal ha den på siden min må jeg nok ha litt hjelp, ja… 😉