WordPressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg – det om å leika med dokker – at eg kom til å tenkja på at det kunne vera praktisk av og til om besøkande på sidene mine kunne lasta opp bilete for å bruka i kommentarane. Det er jo ikkje råd å gjera som standard, så eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre – det næraste eg kom var litt hjelp med å endra i ei WordPress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt på veg den endringa då – eg må berre hugsa på denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk å kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig på jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, så eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til å laga noko slikt etter å ha lese dette. 😉

2 thoughts on “WordPressplugin: Eit ønske”

  1. Hmm, du kann jo laga ein sjølv? Eg trur ikkje eg vil prioriera det sjølv sidan eg ikkje treng det. Det er mange andre instikk eg heller lyt gjera fyrst. Likevel hev eg framleis ikkje gjort anna enn ein p-inni-blockquote-fiks :p

    Men det virkar veldig greitt å skriva innstikk til WordPress.

  2. Det kunne vore gøy å laga eit innstikk sjølv, men enn så lenge veit eg ikkje korleis. Eg treng i alle fall å lesa og læra korleis innstikk skal lagast, korleis eg skal få til å laga ei opplastingsrutine, og kombinere desse to.

    Mulig det er relativt lett å gjera, men nett no er eg ikkje opplagt til å læra noko særleg i det heile… 😕

    Uansett, det vil ikkje bli prioritert over alt det andre eg bør gjera, sidan dette kun hamnar i kategorien “kunne vore kjekt å ha” 😉

Comments are closed.