I dag hadde eg tenkt å ta meg i saman, og få skrive eit veldig seriøst innlegg her, om kjønn og sånt. Eit innlegg eg har utsett og utsett, men kva trur de det er som skjer? Joda, eg set meg ned og leikar med dokker i staden…
Greit nok, der er ikkje akkurat Barbie det er snakk om her, men digitale Candybar-dokker – du lagar dine eigne gute- og/eller jentedokker, med ulik frisyre, ansikt, auge, munn, klede … du kan stilla inn på det meste, og få det til å likna deg sjølv nokolunde. Eg skulle berre sjekka litt raskt kva det var for noko eg, men tida gjekk den…
Det vart til at eg laga meg to dokker: Ei av meg som dame, og ei av meg som mann, med to ulike klesskift. Når eg ser på dei, så lengtar eg nok tydleg etter sol og varme no… Og eg har nok pynta litegranne på korleis eg ser ut. 😳
Det dumme med dette er at det ikkje var så heilt lett å lagra dokkene med Opera – eg sendte av garde ei lita melding til Opera-folka i håp om at dei finn ut av dette. Dei er jo flinke til det, både i samarbeid med dei som lagar websidene det er problem med og elles. Klart, om fleire finn ut at dei vil hinta frampå om problem så blir det kanskje prioritert høgare… 😉
Og – no byrja eg å lura på ein ting. Eg veit eg har ein del som er innom sidene mine og les no og då, nokre er sikkert dødsseriøse og veldig opptekne og sånt altså, men likevel: Kor mange vil prøva å laga dokker av seg sjølve, og kor mange vil visa i kommentarane her korleis resultatet blir? Eg kryssar fingrane og håpar det blir nokre eg. Så, ta turen innom eLouai’s Candybar Doll Maker 3 og ha det litt gøy då. 😀
Eg synest no alle dine tri såg ut som nokre pene jentor eg då ( :s ).
Elles hev eg planlagt å leggja meg sers lengje no, so kjem du og øydelegg alt. Heldigvis sat eg ikkje alt for lengje; fann ikkje noko hår som passar mitt (masse hår på sidone, men tynt på toppen – likevel nok til at det er heilt dekka…). So det ser nok litt verre ut enn normalt, men utanom det so er jo dokkone so stiliserte at eg vart no fleire hakk penare enn kva eg eigentleg er. Men det fær so vera 😉 (fann ikkje høveleg skjegg då 🙁 )
Um biletet ikkje kjem fram, kann de sjå Odin-dokka heller 🙂
Huff – slemme meg som øydelegg for deg. Fy skamme meg…
Som du seier, det er ikkje så lett å finna det perfekte håret (eller kroppsforma 😉 ) men – litt gøy likevel. Eg ser kanskje litt jentete ut uansett over ja, så her er eit bonusbilete av meg på jobb i tillegg:
Eg kan no vera snill òg, ser du…
Ã… lage meg var ikke helt enkelt, nei… men, dette er indre meg… 😉