Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag såg eg bokstavkjeks i butikken. Mange år sidan eg hadde sett det sist, men då eg høyrde med ei venninne fekk eg veta at joda – eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men – kor lenge sidan då?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for å finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, så det neste som såg ut til å gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i “Typisk norsk” kunne det nok vera passande å snakka med Petter om bokstavkjeks – og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var på plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje lenge sidan, så heilt blind har eg vel ikkje vore. I “min” butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien “Eva og Adam” – Petter Schjerven – hadde lagt merke til noko anna enn berre forma på kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei såg ut til å vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar – motiva på pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til å mistru dei på det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?

3 thoughts on “Bokstavkjeks. Og kjønn?”

  1. På årsmøte i studentmållaget i Oslo fekk me delt ut denne bokstavkjeksen. Eg må seia han var ganske forferdeleg. Dei nostalgiske kvalitetane fekk meg til å fortsetja å eta, men det var ikkje godt. Det smakte på ein måte som sur plastikk, øhm. So, eg vil ikkje tilrå å kaupa desse kjeksane av smak iallfall.

  2. De smaker ikke noe godt lengre nei… husker ikke om de smakte godt den gangen for lenge siden, men nå… uff… 😥

    Men – de er morsomme…

  3. Det er ein heilt annan type kjeks no enn det var før, og dei er ikkje like søte som dei var – men eg synest ikkje dei er så galne eg… Kjøpte ein pakke i dag, og knaska på jobben. Klart, inntrykket kan nok endra seg om ein gumlar i seg kjeksa i eitt, men slik er det vel med alle kjeks?

    Eg tok forresten pakken med den raude bilen. Vrooom!

Comments are closed.