Eg har ei venninne som er som jenter flest: Ho følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med gutar og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men – ho er likevel ikkje heilt fri til å gjera som ho vil.
Det er ikkje slik at det er “forbode” å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…
Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det – heilt til det er nokre av deira eigne. Det er då presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest venninna mi. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.
Kva er det så venninna mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hennar? Ho seier sjølv, at ho kort og godt vil sleppa å måtta vera så “hyperfeminin” heile tida. Dvs, ho er lei av at ho alltid må vera sminka når ho går ut, uansett kva det er. Kleda må vera feminine nok – og tru det eller ei, men bukser er visst ikkje det! Det skal teoretisk sett vera “lov” – men det stillest store krav til person, situasjon og buksene for at slikt skal kunna gå. Greit nok, venninna mi trivest med å vera “hyperfeminin” og kle seg slik vet vert venta av ho, ho har ikkje noko i mot kleda. Det ho ikkje likar er at ho må vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.
Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse “mørkemenn” som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel – det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer jenter som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. “Er det muleg?” spør venninna mi. Ho trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, bukser? “Kva er det med bukser som gjer at jenter og kvinner ikkje skal kunna bruka det? Er det i det heile teke akseptabelt at slike haldningar rår?”
Jeg blir også til stadighet overrasket, men ikke lenger lamslått over at slike arkaiske holdninger hersker, at både gutter og jenter blir ofre for det. Det gjelder mange ting forøvrig, langt fra bare kjønnsroller.
Jeg ble både overrasket og litt sjokkert, jeg… Jeg har aldri opplevd noen som er sånn.
Nå er ikke jeg superfeminin selv og jeg vanker heller ikke i noe miljø som er det, men jeg har jo venninner som har andre miljøer rundt seg.
Men, jeg har faktisk ikke hørt om at man blir så bedømt av klærne sine. Det er miljøer som ser ned på deg om du har feil jobb, men jeg har ikke vært borti akkurat det du snakker om der.
Så jeg blir 😯
Jeg er ikke sjokkert!
Vi lever i en kynisk verden 🙁
Vi trenger flere som kan gjøre opprør og ha selvtillitt nok til å stå i mot 🙂
stakkars vesen … 🙁