Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?
Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.
Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?
Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?
Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg nyfiken og interessert i svara.
Hmmm… prøve å komme med et litt gjennomtenkt svar her, da…
Det du spør om er hvorfor jeg foretrekker Ã¥ kle meg i kvinneklær… og det skal ikke ha noe med snittet i klærne å gjøre..
Jeg tror faktisk jeg er så hjernedød at jeg ikke engang har tenkt på det den veien; men, jeg kler meg i kvinneklær fordi jeg er vant til det.
Nå går jeg oftest i bukser – og det er vel på en måte mannsklær egentlig, men jeg liker å kle meg i skjørt innimellom, og da føler jeg meg mer feminin. Så det må vel antakeligvis bli svaret: At jeg føler meg mer feminin… jeg vet ikke, jeg… jeg triller ballen tilbake, eller til noen andre.
Men – kva er det med skjørt då som får deg til å føla deg meir feminin? Det er jo fleire menn (imff.net, Skirt Cafe) som kler seg i skjørt utan å føla seg det spor feminine… Og for den del fleire menn som brukar høghælte sko utan å føla seg feminine, òg. (High Heel Place.)
Men uansett – det med å føla seg meir feminin har kanskje noko med kjønnet å gjera? (Eg sa ikkje det skulle vera lett å svara på, dette ;))