Eg er i grunnen glad i musikk eg, og høyrer på mange ulike artistar i mange ulike genrar. Det treng ikkje absolutt vera så veldig kjente artistar, og opp gjennom åra har eg fått tak i ein god del bra (og noko rart) på CD. Etter kvart vart det jo råd å rippe CD-ar og brenne eigne samlingar, til og med laste ned frå nettet. Nokre tematiske samlingar vart det då etter kvart som eg fekk nok melodiar med bestemte tema.
Så var det slik då, at eg fann ut at eg etter kvart hadde ein del melodiar der transvestittar var tema, eller eit litt vidare omgrep, transgender. Eg samla saman det eg hadde, og tenkte tittelen skulle vera “CD CD” – “CrossDresser CD.” Eg fann ut det vart meir enn éin CD – men eg kunne ikkje sløsa vekk masse tom plass på ein CD nummer to heller. Løysinga vart jo sjølvsagt å samla saman enno fleire melodiar…
Vel – om du les lista under over kva eg har, så ville det vera hyggeleg om du kommenterer og fortel meg kva eg ikkje har òg. Og gjerne kor eg kan få tak i det, om mogeleg. Eg veit det er ein del enno. (T.d. Imperial Drag med “Boy or a Girl” EDIT: Har fått tak i denne no 🙂)
- Aerosmith – Dude looks like a lady
- Antony & The Johnsons – For Today I Am A Boy
- Asstronaut – Transvestite
- Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl
- Bitesize – Surprise Ending
- Bitesize – Understudy
- Bitesize – Switch Hitter
- Bitesize – I Forgot my Mantra
- Blink 182 – Transvestite
- Blur – Girls & Boys
- Bob Rivers – Country Transvestite
- Bob Rivers – Walkin’ Round In Womens Underwear
- Bonnie Tyler – If You Were A Woman And I Was A Man
- Coccinelle – Prends Moi Ou Laisse Moi (Love me or leave me)
- Counting Crows – I Wish I Was A Girl
- The Cure – Charlotte Sometimes
- Dana International – A Different Gender (Ofer Nissim Remix)
- The Danglers – Transvestite Bullshit
- David Bowie – Lady Stardust
- David Bowie – Rebel Rebel
- David Bowie – Diamond Dogs
- Demented Are Go – Transvestite Blues
- Garbage – Androgyny
- Garbage – Cherry_Lips
- Green Day – King For A Day
- Hedwig and the Angry Inch – Angry Inch
- HIXX – Hairy Transvestite Blues
- Imperial Drag – Boy or a Girl
- J Church – transvestite show
- June Panic – Gender Bender
- Killers – Somebody Told Me (harris_remix)
- The Kinks – Lola
- KOROVA – My Dad Is A Transvestite
- Manic Street Preachers – Born A Girl
- Marillion – An Accidental Man
- Mina – Sweet Transvestite
- Mister Stick – The Crossdressing Song
- Monty Python – Lumberjack Song
- New Broadway Cast – Sweet Transvestite
- Peter And The Test Tube Babies – Transvestite
- Lou Reed – Walk On The Wild Side
- Lou Reed – Make Up
- R.E.M. – Crush With Eyeliner
- The Sissy Show – I’m Just A Cowboy Transvestite
- Temptress – Dress Up
- Temptress – Queen for a Day
- Temptress – Be a Girl
- Vibralux – Transvestite Boyfriend
- Weird Al Yankovic – Truck Driving Song
- The Who – I’m A Boy
- N.N. – My Girl Became a Dude – The Transsexual Song
- N.N. – My Mom’s a Lumberjack
- N.N. – Rita
- N.N. – touched_by_a_transvestite
- N.N. – Transvestite Bars
OK. Bonnie Tyler burde kanskje ikkje vera der — eller kanskje eg burde hatt med “Feel Like A Woman” med Shania Twain òg? Og så hugsar eg ikkje heilt om alle tekstane til Bitesize er innanfor tema eller om det berre var på grunn av at minst ein av artistane er transseksuell… Orkar ikkje finne ut av det no.
Og hugs: Veit du om noko eg burde hatt her, la meg få veta det. 🙂