
Så har eg endeleg fått sett ein episode av “Alt for Rognan” – kanskje det var på tide? No veit eg ikkje kva eg har gått glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg å få med seg. Eg får følgja med vidare for Ã¥ sjÃ¥ korleis ting går. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.
Sjølvsagt vart det mykje lått og moro, noko anna er vel ikkje å venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frå gjengen på vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante å få med seg òg – eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall på alle, og vilje til å gjera det beste ut av det.
Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for å gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar, sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det måtte då vera pinleg å måtta kle seg i kvinneklede, men så veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten – og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok på seg sjølv til å takla slikt.
Stilige som damer var dei i alle fall. 🙂
Eg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken – der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen – men når det gjeld oversikt over besøkande så er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk då eg kort tid etter å ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart