Eg har for ikkje så alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje så mykje om frustrasjonar – vanlegvis. Det handlar nemleg om sålar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren får besøk no og då for å halda fottøyet ved like. Når hælane på fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert på eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. Når det er snakk om stiletthælar, så må nesten den vesle sålen bli sett på som forbruksvare.
Dog.
Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.
Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men – ei lita åtvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare å gå på, særleg på fliser, og det ville vera lettare å gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid på å tenka meg om, men bestemte meg for uansett å ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid på fredag. Skomakaren rådde meg til å bruka sånne ekstra hetter på hælane (normalt for å verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera så glatte, og så ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart så høge smell når eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.
Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.
Eg hadde ikkje gått meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg måtte kikka ned for å sjå at hetta satt på plass på hælen – og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt på skuldrane og fortsette å gå, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var på. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.
Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, så då eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og såg etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sålen på hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: Metallsålen på hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart då at det var lett å høyra når eg gjekk — eg gjekk jo rett på metalltuppane.
Men — det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. Må vel nesten vera rekord? 😉
Åssen klarer du å slite sko så lett? Har aldri fått til det jeg.. Ja bortsett fra mine elskede vintersko som var utslitt etter fjor. Nevnte jeg at jeg kjøpte dem i 8 klasse *fnis*
Små stiletthælar blir raskt sletne ut – er reine fysiske lover det. Andre sko har eg hatt i fleire år utan skomakarbesøk. 🙂