Eg hadde fått på meg nattkjolen og gått til sengs då eg høyrde det small i veggen. Eg rykka til, låg stille og lytta; det var inne — eg var ikkje lengre åleine i huset, men hadde fått ein ubeden gjest på besøk.
Eg hadde ikkje fått slått av lyset heller, så då eg såg i den retninga smellet kom frå, så såg eg den ubudne gjesten. Han var svær, og eg såg fascinert opp på han¹. Han flytta seg og kom nærare meg, og eg formeleg såg ondskapen² lysa ut av augene hans. Var han komen for å røva frå meg all nattesøvn? Skulle eg tilbringa natta i angst og fortviling over herjingane hans?
Fast bestemt på å ta natta tilbake tok eg opp kampen mot inntrengjaren. I motsetning til meg brydde ikkje han seg om lampar, radio og diverse anna som måtte stå i vegen, så han greidde å sno seg unna ein del gongar. Av og til fekk eg tak i han, men sniken greidde å smetta vekk frå meg likevel. Etter lang tids kamp hadde eg han likevel der eg ville ha han – kanskje var han trøytt og utsleten, men eg fekk no til slutt grep rundt han, og strama til. Denne gongen slapp han ikkje unna.
Det er muleg eg har for stor medkjensle, for eg orka ikkje tanken på å skada han eller la han sitja innesperra for ein periode i livet sitt, så eg let han gå. Eller flyga. Eg eskorterte han ut vindauga og slapp han laus, og han forsvann ut i mørket. Sikkert for å finna andre å terrorisere, men det vart i alle fall ikkje meg denne natta.
¹ Det kan for så vidt vore ei ho òg, men sidan både gjest og inntrengjar er hankjønnsord er det korrekt å bruka “han” om vedkommande.
² Det kan ha vore gjenskinnet frå lyset/blitzen som gjorde det, men eg trur no helst det var ondskapen som lyste ut likevel eg.
hei dette er ikke noe skummelt med en møll på rommet jeg har en møll på rommet men det er samme type møll og jeg var ute og gikk med avisen og så en grønn sver larve og den tok jeg hjemm og tok et sont inseks bur og tok larven i etter 2 uker var den vekke og etter 1 uke så skulle jeg vanne nedi buret får de må leve mørkt og fuktig så spraiet jeg på møllen så jeg så den med et u hell og den flyr ikke i fra meg eller noe har hatt den ute den går frivilig på hånden minn 😛 så no skulle jeg gå på nettet og finne ut ka de eter og så ser jeg detter måtte bare le høyt!!! 😆
hahaha du burde vere flau 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 😳 håper jeg får svar av deg 😈
Hehe. No var jo ikkje dette innlegget mitt det mest seriøse då – og illustrasjonen kan nok ha øydelagd litt av den eventuelle spenninga i oppbygginga av historien …
Nei, noko skummelt er det ikkje med møll, men ein smule irriterande å ha han flagrande rundt hovudet når eg skal prøva å sova. 😉