Geraldine

Eg har skrive om denne videoen tidlegare. Originalen finst stadig på YouTube, men eitt eller anna har skjedd. Ein annan versjon vart posta seinare, reparert, men utan starten. Det var jo litt dumt, syntest eg.

Sååå – eg kombinerte litt eg, og fiksa litt, så no er tittelsidene og startskriket tilbake. Undertittelen viser jo med éin gong kva situasjonen er.

Gammal, men dog – skadar ikkje med ein repetisjon, eller?

Alt går ikkje alltid som planlagt

No har eg hatt ein del dagar på meg her, etter å ha kome tilbake frå ein aldri så liten ferie. Eg hadde store planar om å få gjort masse, både blogga litt og forska litt og… gjort ein del. Men, så har det vore ting som har kome i vegen: Mindre fint vêr som gjorde meg giddalaus, og deretter nydeleg vêr som var alt for fint til å kasta vekk inne…

Kort sagt, alt går ikkje som planlagt:

Ta vare på YouTube-filmane

Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?

YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.

Har du Opera eller Firefox, så kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er å høgreklikke og velge ‘lagre målet som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo måtta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.

Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:

Ny karriere i Japan?

No er det vel neppe så aktuelt for dei fleste å flytta til Japan for å arbeide i kafé, men der borte ser det ut til at ingen nisje er for liten til å satsa på. Så dersom du er mann, likar å kle deg i dameklede, og kunne tenkja deg å måtta vera kledd som dame for å jobba…

Lurar på om det hadde vore råd å gjort noko sånt her i landet…?

Djengis khan

Dersom nokre måtte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, så må eg nok skuffa litt. Eg kom berre til å tenkja på han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen “Koi no dance site” med Morning Musume som fekk meg til å assosiere:

Rettnok oppfattar eg korkje “Temudjin” eller “djenghis khan” iteksten der (sjølv om det godt kan gå forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, så kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:

Når det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk på nettet? No byrja eg lura på korleis det høyrest ut…