Ikkje

Når ein ser ordet “ikkje” så tenkjer ein kanskje på at det er noko ein ikkje bør gjera – men eg gjer det likevel eg.

Det har seg nemleg slik at dette ordet har dukka opp ganske mange gongar i statistikken min, over ord som er brukte i søkemotorar for å finna mine sider. Kun ordet “ikkje”, heilt for seg sjølv. Godt inne på topp 10-lista over populære søkeord. Akkurat kva dei er ute etter dei som søker etter dette veit eg ikkje, men eg vil no likevel gjera mitt til at dei finn noko om akkurat ordet “ikkje”:

ikkje, kan verta avstytt til kje. Nektingsadverb.

Ordet kan nyttast til å laga samansette ord med bindestrek, der meininga blir den motsette, som t.d. diskriminering, ikkje-diskriminering.

Til vanleg står nektingsadverbet ikkje mellom infinitivsmerket og infinitiven: Eg skal prøva å ikkje vera så sein. Men det kan òg stå føre infinitivsmerket: Eg skal prøva ikkje å vera så sein. I slike tilfelle gjeld det å ikkje vera tvitydig, som desse døma er: Det gjeld ikkje å gå raskaste vegen … Eg lovar ikkje å søkja stillinga som leiar …

I at-setningar kan ikkje stå anten føre eller etter det tidsbøyde verbet: Eg lovar at eg ikkje skal vera for sein … Eg lovar at eg skal ikkje vera for sein.

Når det gjeld uttale, så skal ordet “ikkje” uttalast med ein kj-lyd. Det virkar logisk, men enkelte har problem med det, og blandar med sj-lyden. I min dialekt er ikkje dette eit problem, då kj-lyden her er meir som ch-lyden i det engelske ordet cheap. Han minnar òg mykje om tj-lyden i ordet tjukk. Eg veit enkelte vil rynka på nasa over dette, men me unngår i alle fall problemet med at folk trur dei sel kjelen sin til djevelen for å oppnå gode resultat …

Kan eg kalla ho “venninne”?

No har eg ikkje tenkt å fundere så veldig mykje på dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brått ned i meg då eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg då kan kalla ho “venninne.”

Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker på, men det reint grammatiske. Språket vårt har jo blitt ganske så kjønnsnøytralt etter kvart – me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes – det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om både menn og kvinner. Det er heilt i orden å seia “kvinneleg lærar”, men ikkje “lærarinne.” Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner – formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og så vidare.

Dei kjønnsbestemte titlane har altså generelt sett forsvunne frå språket vårt. Det er to unntak eg kjem på no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for “vert” og “vertinne”. Og så har me altså “venn” og “venninne”. Men — kor lenge har eg lov å kalla venninnene mine for “venninner”? Kva tid må eg byrja å kalla dei “kvinnelege venner”?

Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…

Ei spesialisert ordbok

Livet og det me gjer og omgir oss med kan delast opp på fleire ulike måtar, kategoriserast og delast opp i ulike fagområde og så vidare. På dei ulike områda er det ikkje uvanleg at det vert brukt kvar sin terminologi og vokabular som andre, utanfor dette miljøet, kanskje ikkje så lett forstår eller har kunnskap om. Heldigvis finst det difor ordbøker av ulikt slag: Medisinsk ordbok, teknisk ordbok, synonymordbok for den del, og så vidare.

Kva så med mitt “felt”? Eller greit nok, eitt av dei – det som kan vera eit tema i denne bloggen. Ta til dømes ordet “transe” – eit ord som kan skapa fleire ulike assosiasjonar hjå ulike folk (ikkje alle like korrekte) men, kva andre ord og vokabular generelt sett blir brukt her, av og om transar?

Eg må innrømma at eg ikkje veit om noko norsk ordbok på feltet. Det kan kanskje gjerast noko med, men fram til så eventuelt skjer, her er den engelskspråklege Trannisaurus. Les og lær! Eller – var det le og lær?

Avhengig?

Samanrulla blad.

Det ligg kanskje ikkje til vår natur å innrømma det – korkje for oss sjølve eller andre – dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja å lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om så er, så er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege “blad.” I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar månad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir – det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje å setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet “kanskje”) men eg greier liksom ikkje heilt å slutta å kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg måtte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar på meg, særleg når det gjeld noveller, men eg greier stort sett å koma meg gjennom alt i løpet av få dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje – dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men – problemet¹ er jo at eg kjøper så masse av det. Og har problem med å stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gå på avvenning? Slikt noko går jo trass alt ut over både økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ når det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver å tenkja etter kva eg kjøper inn kvar månad, i generelle termar, så blir det:

  • 1 stk PC-blad (abonnement)
  • 2 stk (digital)fotoblad (abonnement)³
  • 1 stk “kunst”-blad (abonnement)
  • 2 stk webdesignblad (abonnement)
  • 6 stk teikneseriar/manga
  • 1.5 stk Fantasy/SF-blad (abonnement og laussalg – sistnemnde med kun 6 nr i året)

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff – eg trur ikkje eg tør tenkja på kva eg legg ut på blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altså litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² Må berre få ta meg saman og rydda litt. Til neste år!
³ Når det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd – men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter …