Open om kven eg er?

Eg skriv at eg har stått fram som den eg er, ein transvestitt. Og det stemmer det – eg har ingen problem å visa meg som dame her eg bur, eller miksa og matcha både klede og kjønnsuttrykk. Likevel, det er tider eg ikkje viser den delen av meg, og eg er forsiktig med kvar eg gir meg til kjenne som transe.

Familien min – foreldre og søsken – både veit og aksepterer den eg er, i alle fall stort sett. Men foreldrene mine og eine søster mi vil ikkje sjå meg som jente; eg er jo guten deira/bror hennar. Så når eg er på besøk heime hjå opphavet så er det som gut, sjølv om eg kan bruka gensrar og bukser frå dameavdelinga.

Ein annan ting er at foreldrene mine er litt redde for kva naboar og kjenningar ville kunna seia om dei fekk veta dette om meg – og så er det enkelte av onklane/tantene mine som kanskje er mindre opne for det som ikkje er heilt A4. Trist, men det kostar meg ikkje noko å ta litt omsyn til dette dei gongane eg er heime. Trass alt, at eg er open om kven eg er er ikkje det same som at eg fortelja eller visa det til alle — berre at eg ikkje skjuler det/lyg om det.