Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Nyhende' Category

Bøker du bør lesa – den definitive lista

Då eg først byrja å sjå desse listene over bøker ein bør lesa, fordi dei er bøker ein bør lesa, så brydde eg meg i grunnen ikkje. Ikkje noko særleg reaksjon frå meg over responsane på desse listene heller, men når eg no ser Tom Egeland med ei oppsummering så greier eg ikkje heilt å halda meg lengre. Med så mange ulike bøker og forfattarar på dei ulike listene, så har eg bestemt meg for å berre skjera gjennom og presentere den definitive lista over bøker du bør lesa.

Ei vanskeleg oppgåve skulle ein tru, med så mange ulike preferansar ute og går, men om ein held tunga rett i munnen så går det bra likevel. Så for å gå rett på sak, her er lista i prioritert rekkefølgje:

  • Bøkene du likar å lesa, og har glede av

No kan det jo hende det stadig er ein del som er ueinige med meg, men eg vil prøva å grunngje det utvalget eg har gjort.

Først av alt, så finst det mange bøker. Det er så mange at du ikkje greier å lesa alle, uansett. Du er nøydd å gjera eit valg, og sortere etter visse kriterium. Spørsmålet er, kva for nokre?

Ein del bøker har hatt mykje å seia, og gjort store inntrykk. Bør du lesa dei av den grunn? Dersom det berre blir eit pliktløp for at du kan seia at du har lest dei, så bør du heller lata vera. Det er nok av andre bøker å velja mellom. Dersom du er nyfiken på bøkene, fordi du har høyrt om dei, så for all del: Prøv. Men, om du oppdagar at det ikkje var noko givande så legg boka vekk. Ho vil ikkje gi deg noko om du ikkje likar ho.

Bør du lesa bøker fordi forfattarane er berømte? Eller fordi folk du ser opp til har lest dei, kanskje til og med tilrår deg å lesa dei? Eller kanskje bøkene som står på ei eller anna liste over bøker du bør lesa, av ein eller annan grunn? Svaret blir i grunnen som over.

Om du les bestemte bøker kun fordi du får veta at du bør lesa dei, så kastar du bort tida med noko som ikkje gir deg noko. Gir det deg ikkje noko, så vil det verta kjedeleg, og kanskje ta frå deg lysta til å lesa?I så fall er det jo bøker du absolutt bør unngå i staden.

Så over til lista over bøker du bør lesa: Bøker du har glede av.

Det er mykje du kan ha glede av å lesa. Bøker som lærer deg om geologi, romfart, dinosaurar. Bibelhistorie og bøker om profetiane i Bibelen kan vera spennande. Bøker om tal og matematikk kan vera fascinerande. Veldig nyttige bøker alt i hop, og har du glede av dei så er dei så absolutt givande. Men sjølv kiosklitteratur kan vera viktig og givande. Kanskje ikkje i følgje diverse litterære kriteruim, men reint personleg.

Kort oppsummert så kan eg vel seia som så, at den beste litteraturen er den som gir deg lyst til å lesa meir. Kva er vel betre enn det?

No comments

Eh – puppe, DER?

Når eg ser på statistikken min over ord som vert brukt for å finna meg, så er det mest populære ordet å søka etter på seks bokstavar, og skrivest «pupper.» Ein del gongar så står ordet «store» rett framfor. Vel – ingen skal koma her og klaga over at eg ikkje viser vilje til å koma dei søkjande i møte.

BrystvorteEg fann nemleg ein artikkel no nett, om ei 22 år gammal jente som utvikla ei ny fin brystvorte og litt brystvev, om enn på ein heller… uvanleg stad på kroppen. Kanskje midt i blinken for dei som har ein fetisj for føter, for det var under fotbladet denne kom.

Slike bryst kan i følgje artikkelen utvikla seg over alt på kroppen, og til og med gi melk. Det var ein ting som vart nemnd heilt på slutten av artikkelen, som eg synest kanskje er det mest interessante: Bryst kan visa seg å vera relativt enkelt å dyrka fram i ei skål…

Det kan kanskje utnyttast på fleire sett, både for dei som har måtta fjerna bryst grunna brystkreft og den slags, men kanskje òg for transepersonar? Det må vera perfekt å kunna få sine eigne, ekte bryst. Enten for første gong, eller tilbake. Lurar på om me vil høyra meir om akkurat det der framover.

No comments

« Previous Page