Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Generelt' Category

Det går opp og ned her i livet

Før helga sÃ¥ leverte eg inn DVD-brennaren min, av den enkle grunn at han ikkje fungerte særleg godt. Ein liten nedtur det — bra ny PC, og eg har i grunnen ein god del som skal brennast pÃ¥ DVD no etter kvart. Satsar pÃ¥ at eg fÃ¥r ein fungerande brennar tilbake.

Oppturen derimot fekk eg denne helga, dÃ¥ eg fekk meg ein flatskjerm til ein overkommeleg pris. Med overkommeleg meinar eg her gratis. Ein fin 15 tommar som skal fÃ¥ plass attmed CRT-skjermen min — eg skal greia Ã¥ fÃ¥ plass til begge, og det skal bli gøy med to skjermar. I verste fall kan eg vri flatskjermen 90° slik at han tek mindre plass horisontalt. Rettnok mÃ¥ eg kjøpa meg ein overgang til pluggen, men det skal eg greia Ã¥ stÃ¥ i.

Vel, eg kom heim att i kveld, og fekk nok å gjera med ein gong eg slo på PC-en. Masse å lesa (ikkje ferdig med det, på langt nær) og litt prat og hjelpe ei venninne. Berre hyggeleg det. Nedturen kom ikkje før eg gjekk inn på badet for andre gong, og oppdaga at cisterna på vassklosettet hadde slått seg vrang. Vatnet hadde ikkje fylt seg opp, fordi ting hadde låst seg. Eg greidde å få ting på plass manuelt etter å ha opna cisterna, men ting er stadig ikkje bra nedi der. Det må nok grundigare arbeid til for å få ting i orden. Det kallar eg ein nedtur.

Klart, eg kan ikkje berre leggja meg etter ein slik nedtur? Heldigvis er eg glad i musikk, sÃ¥ kvifor ikkje berre laste ned litt? (Har litt plass pÃ¥ harddisken enno, sjølv om eg ikkje har fÃ¥tt brent ut pÃ¥ DVD det eg skal…) Og nÃ¥r eg snakkar om Ã¥ laste ned, sÃ¥ snakkar eg om Ã¥ laste skikkeleg ned: (Release 1 [3.1G] – 739 MP3s). Release 1 tyder pÃ¥ at det er meir i vente seinare. Prøv sjølv, hjÃ¥ SXSW — eg er godt nøgd med torrentane dei gav ut i fjor, og stolar pÃ¥ det blir mange timar med godlyd denne gongen òg. Uansett, dette kallar eg opptur! 😉

Comments are off for this post

Menn: Kutt ned på klesbudsjettet!

dametruserDagbladet har ute ein artikkel om tollsatsane her i landet, kort og godt om kor komplisert det er, alt i hop. Og kanskje tullete, alt etter som. Uansett, det var overskrifta som fanga merksemda mi, og teksten gav jo berre enno meir oppmuntrande signal.

Kjære menn. Dersom de vil kutta litt ned pÃ¥ klesbudsjettet, gjer som transane og bruk truser, nattøy, singleter, slÃ¥broker og nattskjorter for kvinner. Det blir altsÃ¥ lÃ¥gare tollsats for det om de importerer. 😉

Eg berre greidde ikkje Ã¥ halda slikt godt nytt for meg sjølv… Dessutan, dette kan jo vera ei nyttig pÃ¥minning om eit tidlegare innlegg eg har. Kvifor skulle ikkje menn dra nytte av dette?

Comments are off for this post

Lavendelolje gir deg pupper?

Muleg eg burde kjøpa aksjar i firma som lagar produkt med lavendelolje, for no blir det vel eit rush etter slike produkt? 😉

Uansett, i følgje ein artikkel i New Scientist sÃ¥ er det pÃ¥vist at slike naturlege oljer inneheld bÃ¥de østrogenhermande og androgenhemmande kvalitetar. Tre unge gutar som brukte slike produkt regelmessig utvikla brystvev — men det gjekk tilbake dÃ¥ dei slutta med bruken.

Hmmm — kanskje eg skulle vera litt flinkare til Ã¥ stella med føtene mine? Eg har litt fotkrem som inneheld lavendel…

Comments are off for this post

“Kjønnsskifte” i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) — og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom Ã¥ra. Vel — det er ikkje sÃ¥ mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre nÃ¥r dei opptrer som kvinner — i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i “Real Lifeâ„¢” er menn. Klart, det kjem nok sikkert an pÃ¥ kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel pÃ¥ grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik — men eg lurar pÃ¥ korleis det er no? Har ting blitt betre med Ã¥ra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar Ã¥ ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar — muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok pÃ¥ hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel — ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan Ã¥ stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. 😉

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn

Comments are off for this post

CD CD

Eg er i grunnen glad i musikk eg, og høyrer på mange ulike artistar i mange ulike genrar. Det treng ikkje absolutt vera så veldig kjente artistar, og opp gjennom åra har eg fått tak i ein god del bra (og noko rart) på CD. Etter kvart vart det jo råd å rippe CD-ar og brenne eigne samlingar, til og med laste ned frå nettet. Nokre tematiske samlingar vart det då etter kvart som eg fekk nok melodiar med bestemte tema.

SÃ¥ var det slik dÃ¥, at eg fann ut at eg etter kvart hadde ein del melodiar der transvestittar var tema, eller eit litt vidare omgrep, transgender. Eg samla saman det eg hadde, og tenkte tittelen skulle vera “CD CD” — “CrossDresser CD.” Eg  fann ut det vart meir enn éin CD — men eg kunne ikkje sløsa vekk masse tom plass pÃ¥ ein CD nummer to heller. Løysinga vart jo sjølvsagt Ã¥ samla saman enno fleire melodiar…

Vel — om du les lista under over kva eg har, sÃ¥ ville det vera hyggeleg om du kommenterer og fortel meg kva eg ikkje har òg. Og gjerne kor eg kan fÃ¥ tak i det, om mogeleg. Eg veit det er ein del enno. (T.d. Imperial Drag med “Boy or a Girl” EDIT: Har fÃ¥tt tak i denne no 🙂)

  1. Aerosmith – Dude looks like a lady
  2. Antony & The Johnsons – For Today I Am A Boy
  3. Asstronaut – Transvestite
  4. Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl
  5. Bitesize – Surprise Ending
  6. Bitesize – Understudy
  7. Bitesize – Switch Hitter
  8. Bitesize – I Forgot my Mantra
  9. Blink 182 – Transvestite
  10. Blur – Girls & Boys
  11. Bob Rivers – Country Transvestite
  12. Bob Rivers – Walkin’ Round In Womens Underwear
  13. Bonnie Tyler – If You Were A Woman And I Was A Man
  14. Coccinelle – Prends Moi Ou Laisse Moi (Love me or leave me)
  15. Counting Crows – I Wish I Was A Girl
  16. The Cure – Charlotte Sometimes
  17. Dana International – A Different Gender (Ofer Nissim Remix)
  18. The Danglers – Transvestite Bullshit
  19. David Bowie – Lady Stardust
  20. David Bowie – Rebel Rebel
  21. David Bowie – Diamond Dogs
  22. Demented Are Go – Transvestite Blues
  23. Garbage – Androgyny
  24. Garbage – Cherry_Lips
  25. Green Day – King For A Day
  26. Hedwig and the Angry Inch – Angry Inch
  27. HIXX – Hairy Transvestite Blues
  28. Imperial Drag – Boy or a Girl
  29. J Church – transvestite show
  30. June Panic – Gender Bender
  31. Killers – Somebody Told Me (harris_remix)
  32. The Kinks – Lola
  33. KOROVA – My Dad Is A Transvestite
  34. Manic Street Preachers – Born A Girl
  35. Marillion – An Accidental Man
  36. Mina – Sweet Transvestite
  37. Mister Stick – The Crossdressing Song
  38. Monty Python – Lumberjack Song
  39. New Broadway Cast – Sweet Transvestite
  40. Peter And The Test Tube Babies – Transvestite
  41. Lou Reed – Walk On The Wild Side
  42. Lou Reed – Make Up
  43. R.E.M. – Crush With Eyeliner
  44. The Sissy Show – I’m Just A Cowboy Transvestite
  45. Temptress – Dress Up
  46. Temptress – Queen for a Day
  47. Temptress – Be a Girl
  48. Vibralux – Transvestite Boyfriend
  49. Weird Al Yankovic – Truck Driving Song
  50. The Who – I’m A Boy
  51. N.N. – My Girl Became a Dude – The Transsexual Song
  52. N.N. – My Mom’s a Lumberjack
  53. N.N. – Rita
  54. N.N. – touched_by_a_transvestite
  55. N.N. – Transvestite Bars

OK. Bonnie Tyler burde kanskje ikkje vera der — eller kanskje eg burde hatt med “Feel Like A Woman” med Shania Twain òg? Og sÃ¥ hugsar eg ikkje heilt om alle tekstane til Bitesize er innanfor tema eller om det berre var pÃ¥ grunn av at minst ein av artistane er transseksuell… Orkar ikkje finne ut av det no.

Og hugs: Veit du om noko eg burde hatt her, la meg få veta det. 🙂

1 comment

Hjerne-sex?

Neida, det er ikkje om Ã¥ ha sex pÃ¥ hjernen, men kor vidt ein tenderar mot Ã¥ ha ein mannleg eller kvinneleg hjerne. Tidlegare i dag sÃ¥ kom eg nemleg over ein test hjÃ¥ BBC — brain sex test — der du kan testa korleis du er opp mot mÃ¥lingar av korleis menn og kvinner statistisk sett gjer det pÃ¥ testen.

Korleis eg personleg gjer det pÃ¥ denne testen fÃ¥r eg sjekka nærare i detalj nÃ¥r eg er meir opplagt, men eg hellar til ein maskulin hjerne. Ikkje sÃ¥ rart, kanskje? No ser eg at eg ikkje er den einaste som har teke denne testen — Mihoe har ei god posting om den same, med nokre tankar rundt det. Eg mÃ¥tte smila litt dÃ¥ eg leste følgjande:

Rent personlig er jeg umåtelig interessert i å finne ut om jeg har en hjerne som stemmer overens med min tilbøyelighet til å gå i skjørt, det hadde jo vært litt pinlig om jeg fant ut at jeg hadde en undertrykt mannehjerne liksom. Resultatet var, i forhold til skjørtbæring, delvis tilfredsstillende.

Vel — min mannehjerne er ikkje noko hinder for meg og mine preferansar for skjørt… 😉 (Men no er det no fleire menn pÃ¥ imff.net og Skirt Cafe som ikkje ser pÃ¥ skjørt som eit utprega kvinneplagg heller, dÃ¥.)

Om testen seier noko meir enn kva du er god og mindre god i, og korleis du ligg i forhold til korleis menn og kvinner statistisk gjer det, det spørst — men ikkje la det vera noko hinder. Fram med mÃ¥lebandet for Ã¥ mÃ¥la litt pÃ¥ anatomien, og ta testen sjølve. Kan vera litt moro, om ikkje anna.

Comments are off for this post

Avhengig?

Samanrulla blad.Det ligg kanskje ikkje til vÃ¥r natur Ã¥ innrømma det — korkje for oss sjølve eller andre — dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja Ã¥ lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om sÃ¥ er, sÃ¥ er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege “blad.” I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar mÃ¥nad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir — det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje Ã¥ setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet “kanskje”) men eg greier liksom ikkje heilt Ã¥ slutta Ã¥ kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg mÃ¥tte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar pÃ¥ meg, særleg nÃ¥r det gjeld noveller, men eg greier stort sett Ã¥ koma meg gjennom alt i løpet av fÃ¥ dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje — dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men — problemet¹ er jo at eg kjøper sÃ¥ masse av det. Og har problem med Ã¥ stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gÃ¥ pÃ¥ avvenning? Slikt noko gÃ¥r jo trass alt ut over bÃ¥de økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ nÃ¥r det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver Ã¥ tenkja etter kva eg kjøper inn kvar mÃ¥nad, i generelle termar, sÃ¥ blir det:

  • 1 stk PC-blad (abonnement)
  • 2 stk (digital)fotoblad (abonnement)³
  • 1 stk “kunst”-blad (abonnement)
  • 2 stk webdesignblad (abonnement)
  • 6 stk teikneseriar/manga
  • 1.5 stk Fantasy/SF-blad (abonnement og laussalg – sistnemnde med kun 6 nr i Ã¥ret)

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff — eg trur ikkje eg tør tenkja pÃ¥ kva eg legg ut pÃ¥ blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altsÃ¥ litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² MÃ¥ berre fÃ¥ ta meg saman og rydda litt. Til neste Ã¥r!
³ NÃ¥r det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd — men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter…
3 comments

Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil vÃ¥ga den pÃ¥standen at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje Ã¥ undrast over at det dÃ¥ er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, KolumbusDet er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser pÃ¥ kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje sÃ¥ gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpÃ¥ ettermiddagen gÃ¥r bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje gÃ¥r — eller gÃ¥r svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!

Comments are off for this post

Ny barbermaskin?

Vil ha!

Ikkje likar eg skjegg, og ikkje likar eg Ã¥ barbere meg. Ei barbermaskin som sender skjeggveksten inn i dvale ved hjelp av lys mÃ¥ dÃ¥ vera midt i blinken? Satsar pÃ¥ at dette blir noko av – og at barbermaskina git skikkeleg tett barbering — elles er det jo mindre vits i…

Comments are off for this post

Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre Ã¥r no — at det er premiar Ã¥ vinna har sjølvsagt vore ein medverkande Ã¥rsak til dette. Uansett grunn sÃ¥ har det blitt ein tradisjon dette, Ã¥ vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande Ã¥rska til at det er sÃ¥ hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart Ã¥r dei siste Ã¥ra sÃ¥ har eg vore sÃ¥ heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok… Nesten sÃ¥ det hadde vore freistande Ã¥ spørja “Kva blir det i Ã¥r?” og ikkje “Blir det noko i Ã¥r?” — men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med Ã¥ vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frÃ¥ Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst pÃ¥ ein sÃ¥nn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg hÃ¥par det er noko sÃ¥ enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sÃ¥nn liten plastfolie pÃ¥ plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje sÃ¥ særleg lang dÃ¥ eg drog han ut…

Vel — eg mÃ¥ berre fÃ¥ meg eit nytt batteri og sjÃ¥ korleis det gÃ¥r, og sÃ¥… SÃ¥ fÃ¥r eg gÃ¥! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – sÃ¥ dÃ¥ er det stegteljaren dÃ¥. 🙁

Comments are off for this post

« Previous PageNext Page »