Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'CD & TV' Category

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. SÃ¥ kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg Ã¥ operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk dÃ¥ helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklÃ¥re kjønnsorgan feilaktig har fÃ¥tt kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frÃ¥ Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg Ã¥ pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)

Comments are off for this post

Transedans

Eg ser ikkje sÃ¥ overvettes mykje pÃ¥ TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. BÃ¥de fordi eg synest det kort og godt er gøy Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande Ã¥ følgja med pÃ¥ Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er sÃ¥ veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, sÃ¥ Esben Esther fÃ¥r me sjÃ¥ igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til Ã¥ bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg Ã¥ sjÃ¥ Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpÃ¥ bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er Ã¥ ta transar pÃ¥ alvor, Ã¥ setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (SÃ¥ sant andre preferansar ikkje er kjende.)

2 comments

Alt det forfattarar må læra

PÃ¥ skriveverkstad:
Forelesar:
Du har verkeleg ei utmerka framstilling av det mannlege perspektivet. Dei fleste kvinner finn det svært vanskeleg.
Eg: Wow! Det er det beste komplimentet ein skrivande transvestitt nokon gong kunne høyra.¹

Forfattarar har i grunnen ofte mykje dei må læra og setja seg inn i før dei kan skriva dei historiane dei vil. Det kan vera historiske hendingar og forhold, klesdrakter, geografi, men òg heilt daglegdagse ting på felt dei ikkje har kjennskap til sjølve. Det vera seg arbeidsoppgåvene til ein bibliotekar eller å leggja makeup. Det er gjerne dei små detaljane som gjer historien overtydande og realistisk.

For Ã¥ fÃ¥ tak i opplysningane ein treng, tyr ein gjerne til oppslagsverk av ulike slag, det vera seg pÃ¥ papirform eller pÃ¥ nettet. Veldig greitt for mange ting, men – kva nÃ¥r ein ikkje finn noko av det ein treng? Det er jo ikkje alt som er like interessant Ã¥ publisere heller, sjølv om det er vanleg. I alle fall i bøker og andre oppslagsverk. DÃ¥ er det godt Ã¥ ha nokre Ã¥ spørja.

Nettet er godt ̴ ha d̴, der det er fleire fellesskap der ein hjelper kvarandre ut. Eitt slikt fellesskap der ein passar p̴ at ein f̴r detaljane rett, er passande nok kalla Detail Oriented РFor Great Justice.

Grunnen til at eg tenkjer p̴ dette no, er eit tema som har dukka opp eit par gongar tidlegare i sommar. (Er berre eg som er s̴ treg til ̴ blogga om det.) Temaet er transing, og s̴ var det ein som lurte p̴ kva effekt det ville ha for ein mann som vart opphissa Рmed tanke p̴ ereksjon Рom stellet hans var pakka (tucked, som dei seier p̴ framandlandsk.) Ikkje s̴ uvanleg teknikk for dei som vil unng̴ ̴ f̴ ein kul der damer ikkje har ein kul.

Ikkje alle er like oppglødd over slikt, men fleire var interesserte og ville veta meir enn berre effekten pÃ¥ ereksjonen slik pakking har – dei ville gjerne veta om pakkinga sjølv. Nytting informasjon for enkelte. Og svar fekk dei alle. BÃ¥de om den etterspurte effekten (menn fÃ¥r ikkje ereksjon nÃ¥r stellet er pakka) og framgangsmÃ¥ten for pakking, vist fotografisk for dei som mÃ¥tte ha interesse av det. Ikkje alle har lyst Ã¥ sjÃ¥ slikt, men forfattarar som mÃ¥ setja seg inn i ting for Ã¥ fÃ¥ detaljane rett…

Vel – alt det forfattarar mÃ¥ setja seg inn i, altsÃ¥. 😉

Andre spørsmålet innanfor temaet kom litt seinare, og var langt meir uskuldig. Vedkommande lurte berre på om det kunne finnast ein jobb eller noko, der ein gutt måtte kle seg som jente som del av det. Ikkje fullt så lett å finna svar på det kanskje, men nokre forslag kom.

¹ No mÃ¥ eg vera ærleg nok og innrømma at det ikkje er eg som hadde denne konversasjonen. Eg syntest berre det passa bra som ei innleiing…

4 comments

Utfordring

Av og til fÃ¥r eg — og fleire med meg — spørsmÃ¥l som gÃ¥r pÃ¥ det Ã¥ vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar Ã¥ gÃ¥ i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmÃ¥let Ã¥ svara pÃ¥. Mange har prøvd pÃ¥ ulikt vis, men uansett forklaring sÃ¥ skaper det berre fleire spørsmÃ¥l.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje sÃ¥ mange som kommenterer, men eg kan jo hÃ¥pa pÃ¥ det er ein del som fÃ¥r noko Ã¥ tenkja pÃ¥, i det minste. SÃ¥ kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det sÃ¥ berre er for Ã¥ seia “anar ikkje.” Dersom de greier Ã¥ svara, sÃ¥ er de kanskje pÃ¥ god veg til Ã¥ forstÃ¥ kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de Ã¥ gÃ¥ i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For Ã¥ gjera det litt vanskeleg, sÃ¥ mÃ¥ eg gjera merksam pÃ¥ at det ikkje pÃ¥ nokon mÃ¥te gÃ¥r an Ã¥ bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva Ã¥ svara pÃ¥ det store spørsmÃ¥let, “kvifor?” sÃ¥ forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

8 comments

Eh — puppe, DER?

NÃ¥r eg ser pÃ¥ statistikken min over ord som vert brukt for Ã¥ finna meg, sÃ¥ er det mest populære ordet Ã¥ søka etter pÃ¥ seks bokstavar, og skrivest “pupper.” Ein del gongar sÃ¥ stÃ¥r ordet “store” rett framfor. Vel — ingen skal koma her og klaga over at eg ikkje viser vilje til Ã¥ koma dei søkjande i møte.

BrystvorteEg fann nemleg ein artikkel no nett, om ei 22 Ã¥r gammal jente som utvikla ei ny fin brystvorte og litt brystvev, om enn pÃ¥ ein heller… uvanleg stad pÃ¥ kroppen. Kanskje midt i blinken for dei som har ein fetisj for føter, for det var under fotbladet denne kom.

Slike bryst kan i følgje artikkelen utvikla seg over alt pÃ¥ kroppen, og til og med gi melk. Det var ein ting som vart nemnd heilt pÃ¥ slutten av artikkelen, som eg synest kanskje er det mest interessante: Bryst kan visa seg Ã¥ vera relativt enkelt Ã¥ dyrka fram i ei skÃ¥l…

Det kan kanskje utnyttast på fleire sett, både for dei som har måtta fjerna bryst grunna brystkreft og den slags, men kanskje òg for transepersonar? Det må vera perfekt å kunna få sine eigne, ekte bryst. Enten for første gong, eller tilbake. Lurar på om me vil høyra meir om akkurat det der framover.

Comments are off for this post

Mitt hemmelege sjølv

Eller som originaltittelen på engelsk heiter: My secret self (Lenker:1, 2, 3. Frå 27. april i år.)

Eg fann denne dokumentaren via Transkrift, og sette meg til å sjå med éin gong. Det er ein fin og sterk dokumentar om transkjønna born, der dei intervjuar tre familiar om korleis både foreldrene og borna opplever både situasjonen med at det borna har mellom beina ikkje stemmer med det dei har mellom øyrene, og korleis dagane elles er for dei. Det er ikkje alltid like lett!

No er eg jo ikkje i same situasjon sjølv, men eg kunne no dra kjensel pÃ¥ enkelte ting der, og forhalda meg til det reint personleg. Men uansett sÃ¥ er dette noko eg tilrÃ¥r alle Ã¥ fÃ¥ med seg, for Ã¥ læra om korleis det er for transkjønna, og forstÃ¥ dei betre. Kanskje du sjølv har eller fÃ¥r transkjønna venner — eller, korleis ville du reagert om ditt eige born ein dag kom og sa at Gud hadde gjort ein feil med kroppen…?

Del 1:

Del 2:

Del 3

Del 4:

Del 5:


Comments are off for this post

“M”-Mads oppdagar velbrukt teknikk

Dei som ser nedover lenkelistene eg har her, vil kanskje fÃ¥ ein liten mistanke om at eg har litt sansen for teikneseriar — og det har eg. Er inne kvar dag og fÃ¥r med meg fleire enn dei eg har lista opp her, blant anna “M”. Dei siste par stripene av denne serien viser serieforfattaren i ein situasjon fleire kjenner seg att i, etter Ã¥ ha oppdaga ein teknikk som for mange er velkjent og velbrukt: Kunsten Ã¥ skapa ein illusjon av at du har noko du eigentleg ikkje har…

Mads oppdagar at han kan få 'kløft' vha tape. Han kler seg i kjole og parykk, og makeup...
...og ringer kameraten som òg prøver. Det forandrar alt. Mads må ha litt tid for seg sjølv...

Og no lurer eg — tek han det lengre i morgon? Kjem han pÃ¥ noko meir Ã¥ prøva rundt dette? 😀

1 comment

Glen or Glenda

Til Ã¥ gÃ¥ med den førre posten min, sÃ¥ vil eg her presentere eit meisterverk av den berømte filmskaparen Ed Wood. I filmen “Glen or Glenda” frÃ¥ 1953 presenterer han oss for det kompliserte temaet “kjønn” — her ved hjelp av to historiar, om ein transvestitt som mÃ¥ fortelja forloveden sin om trongen til Ã¥ kle seg i dameklede, og om ei transseksuell som vil skifte kjønn vha operasjon.

Ein gripande og god film du berre må få med deg. Eller kanskje ikkje. Uansett, her er filmen:

Comments are off for this post

CD Film

Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.

Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:

  1. Some like it hot.
  2. Mrs. Doubtfire
  3. Diverse Snurre Sprett-filmar
  4. Just like a woman
  5. The Rocky Horror Picture Show
  6. Priscilla, Queen of the Desert
  7. Switch
  8. Shrek 2
  9. Robotene
  10. Diverse Tom & Jerry
  11. Twin Peaks (OK, det er frÃ¥ TV-serien eg har det, men…)
  12. Bruno (evt. The Dress Code)
  13. Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
  14. Krigen er Pyton (Privates on Parade)
  15. White Christmas
  16. Diverse Monty Python-filmar
  17. Alt om min far
  18. The Rose
  19. Crocodile Dundee
  20. Crocodile Dundee 2
  21. Erik the Viking
  22. Revenge of the nerds
  23. Tootsie
  24. Victor/Victoria
  25. Sorority Boys
  26. Yentl
  27. Ace Ventura: Pet Detective
  28. The Birdcage
  29. The Crying Game
  30. Eddie Izzard: Dress to kill
  31. Huckleberry Finn
  32. 100% menneske
  33. Nobody’s Perfect
  34. Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
  35. Ranma ½: Nihao My Concubine
  36. Ed Wood
  37. Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, sÃ¥g eg teaterversjonen pÃ¥ NRK i pÃ¥sken…

Oisann Рdet vart visst litt fleire enn eg trudde det, d̴ eg starta ̴ rekna opp. Rettnok m̴tte eg grava djupt for ̴ f̴ fram fr̴ minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.

SÃ¥ er det ein del fleire filmar dÃ¥, som eg har bestemt meg for eg skal sjÃ¥. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…

  1. Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
  2. Connie and Carla
  3. Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
  4. Kinky Boots
  5. Iron Ladies
  6. Transamerica
  7. Breakfast on Pluto
  8. Finding Neverland
  9. Hedwig and the Angry Inch

Det er det eg veit eg skal sjÃ¥, men det finst sikkert mange fleire eg burde fÃ¥ med meg. Kjenner de til nokre, sÃ¥ er det eit kommentarfelt under her… 😉

Comments are off for this post

Transgender filmar

Just like a WomanDet er kanskje ein del som hyggar seg med filmar no i pÃ¥sken. Me har jo gjerne meir tid til det no om dagane, men korleis er det om me vil kosa oss med “transefilmar” — finst det noko særleg av det? PÃ¥ transetreffet vart det i gÃ¥r etterlyst slike filmar, sÃ¥ kva alternativ er tilgjengelege for dei som vil kosa seg med slikt?

Dersom me tenkjer pÃ¥ filmar som “Tootsie” og “Some like it hot” i denne kategorien, sÃ¥ er det i alle fall ein del. Eg kom for eit par Ã¥r sidan (eller sÃ¥) over ein oversikt som har blitt laga — og det er faktisk ein god del. Sikkert ikkje like lett Ã¥ fÃ¥ tak i alt her i landet, men likevel, det er ein del Ã¥ kosa seg med. 😉

1 comment

« Previous PageNext Page »