Forvirra naboar?

Kom over eit bilete på nettet, ei gammal framside av eit blad. Frå 1952. Det er jo kanskje passande nok for å kunna visast her i seg sjølv, men, eg såg litt nærare på boka som ligg på bordet …

Mann som med litt kreativitet skaper ein feminin silhuett av seg sjølv på nedtrekt rullegardin

«How to confuse your neighbours»

Vel – det fekk meg jo til å tenkja på mine naboar. Er dei forvirra over meg, og kven eller kva eg er? Eg presenterer meg ikkje forskjellig frå nokre av dei, eg er meg sjølv heile tida eg, men altså – eg blir kalla både ein kjekk mann og søt dame …

Men det er vel sånn eg er, då. 🙂

Geraldine

Eg har skrive om denne videoen tidlegare. Originalen finst stadig på YouTube, men eitt eller anna har skjedd. Ein annan versjon vart posta seinare, reparert, men utan starten. Det var jo litt dumt, syntest eg.

Sååå – eg kombinerte litt eg, og fiksa litt, så no er tittelsidene og startskriket tilbake. Undertittelen viser jo med éin gong kva situasjonen er.

Gammal, men dog – skadar ikkje med ein repetisjon, eller?

Sååå – kva no?

Spørsmål og svar

OK, denne bloggen har ikkje akkurat sett så mykje aktivitet i nokså mange år no, og brått har den eit litt nytt design. Så kva skjer?

Spørsmål og svar

Kvifor har bloggen vore død så lenge?

Fordi eg ikkje har oppdatert den!

Og grunnen til det då?

Det er mange grunnar til det, men mesteparten er nok relatert til PTSD og følgjene av det som eg til slutt ikkje greidde å overvinna; konsentrasjonen og energien var vekke, og ein del fysiske plager. Sistnemnde har heldigvis blitt betre, om ikkje heilt vekke.

Vil eg starta opp igjen no då?

Det er det eg satsar på, for eg har lenge irritert meg over situasjonen. Så no vil eg prøva igjen.

Greier eg det?

Eg kryssar fingrane. Har fått litt ekstra inspirasjon ei stund no, så …

Og kor ofte vil eg blogge?

Vel, basert på det eg har sagt over så tør eg jo ikkje lova for mykje. Eg håpar eg greier å blogge kvar veke, men det er betre å blogge irregulært enn ikkje i det heile. Synest eg då, for min eigen del.

Og innhaldet?

Vil vera mykje det same som før, reknar eg med:

  • Personlege opplevingar, nye og gamle
  • Interessante artiklar frå nettet
  • Videoar
  • Musikk
  • Bilete
  • Historiar

Og elles får eg sjå på kva innspel eg kan få etter kvart.

Og alt det andre du måtte lura på?

Spør meg, så skal eg prøva å svara.

Ny butikk: Chywe’s – The Whole Shebang

Ting kan av og til skje fort. For halvannan månad sidan så starta eg forsiktig med å ha ein liten nettbutikk i Second Life, dvs. eg hadde kun varene mine på XstreetXL.com, og ikkje i butikklokale i sjølve SL. På den måten kunne eg bygga meg opp eit passande vareutvalg litt etter litt, utan å ha utgifter til butikklokale. Aberet er at Xstreet tek 5% kommisjon av kvart salg, men det er det verd. Eit større aber er kanskje at sidan eg ikkje har nokre utgifter der, så hastar det ikkje med å få opp masse ulike varer som gjer det freistande for kundar å bruka tid og handla så masse. Noko har eg jo seld, og fått inn nok til å kunna unna meg litt ekstra, men utvalget har ikkje auka så fort.

Men, ting kan altså skje litt fort, av og til. Ei venninne av meg gjorde meg merksam på eit godt tilbod. Så pass godt at ho insisterte på at eg burde slå til på det.

Oversiktebilete over butikklokalet
Oversiktebilete over butikklokalet

Vel – tilbodet gjekk ut på å få butikklokale i tre månadar – gratis. Som ei hjelp til dei som startar opp. Eg tok kontakt med eigaren av lokala, og fekk tilslag. Sikra meg eitt av dei ledige lokala, og meir var litt vanskeleg å gjera nett då. Dette var i går. I dag flytta eg inn med det eg har laga så langt. I alle fall det som er klart for salg.

No er eg i gong.

Klart, det er jo eit aber med dette òg: No må eg laga alt det eg har planar om å laga, for å få eit utvalg som er interessant å sjå gjennom. Nyttar ikkje å berre tenka “seinare” no lengre. Men, det er sikkert berre ein fordel, det.

Og så gjeld det så klart å få kundane inn og sjå kva eg har.

Om du er i Second Life, sp er du kanskje litt nyfiken? I så fall finn du butikklokalet mitt her.

Sorrows End

Slutt på sorgene. Sorgenfri. Gi slepp på bekymringar.

Det tek nok ei stund før eg er der her i livet, men optimist som eg er så har eg eit håp om at eg skal ta eit stort steg mot det målet i år. I mellomtida går livet sin vante gang.

I Second Life går livet òg sin gang. No er det ikkje så lenge sidan eg var innom bloggen sist og nemnde det, kun… eit halvt år. Ting har skjedd sidan då.

Heimen min i Second Life
Heimen min i Second Life


Den gongen hadde eg i grunnen ingen større planar om å bruka penger på dette. Det gjekk jo så fint utan òg. Er du nok om deg så kan du faktisk skaffa deg alt du har bruk for og meir til utan å betala noko som helst for det. Klart, har du pengar, så kan du gjera enno meir…

Eg veit ikkje heilt kva tid det endra seg littegrann for min del, og eg fann ut eg kunne no kjøpa meg litt Linden dollar, sånn at eg kunne ha litt i bakhand til dei gongane eg faktisk hadde lyst på litt meir. Enkelt, og utan å leita rundt over alt etter gratisalternativ. Det var vel kanskje tilbake til oktober i fjor. Eg spanderte på meg nokre få kroner, som vart ein god slump Linden dollar, og dei varte lenge. Eg fekk til og med ha ein skybox (eit hus, solid fundamentert i lause lufta, nokre hundre meter oppe) hjå ei venninne, heilt gratis, sånn at eg hadde ein liten plass for meg sjølv. Litt koseleg.

Det var då det nye året kom og eg snakka med ei anna venninne, at ho spurte kva tid eg skulle kjøpa meg mitt eige land, då …? Oi. Det kom litt bardus på. Eg hadde jo i grunnen absolutt ingen planar om å kjøpa meg land, og bruka pengar på dette i den grad. Åh nei. Men …

…det var jo noko forlokkande med eige land òg då, kunne forma det som eg ville, og bruka ressursane nett som eg ville sjølv. Kunne eg ta meg råd til det? Etter litt tenketid så fann eg ut at eg kunne ta meg råd til ei lita øy – det tilsvara prisen på eitt blad per månad. Og slik vart eg landeigar, to år etter eg først registrerte meg på Second Life.

Øya mi kalla eg Sorrows End – delvis fordi eg er glad i Alvefolket/Elfquest, der dette er namnet ulveryttarane gav det nye landet dei kom til, fritt for dei sorgene dei flykta frå, og delvis fordi det var ein plass eg kunne “flykta” til og berre kosa meg. Og her har eg forma landskapet og bygd meg hus og meir.

Og drøymer om enno større plass…