Guteleiker?

porsche 356

Eg var i leikebutikkar i går for å kjøpa ein presang til eine nevøen min – det er jo slikt eg gjerne gjer når dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje åleine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei såg, og bønene om å få det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til å tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 år, og skulle tydlegvis få eitt eller anna, så dei vandra rundt mellom reolane for å finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo – det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men så var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sånt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt på at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje så farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og såg på nye ting. Eg for min del var nyfiken på kva det var som hadde skapt store reaksjonar, så eg kikka rundt hjørna på reolen og fann – bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, så både pris og alder kunne vera grunn til å seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstå kvifor det skulle vera så farleg om jenta likte bilar/guteleiker – særleg ikkje i våre dagar når det er lagt så mykje vekt på likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at då eg var liten, så var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle få leika med dei same leikene – det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk … Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell på å gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og å gjera det fordi ungane har lyst på det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

5 thoughts on “Guteleiker?”

  1. Det er vel enkelte som har litt gammeldags holdning. Ser jo i barnehagen at der leker gutter med dukker og jenter med biler. Grunnen til at mange barn leker “tradisjonellt” er vel holdninger i samfunnet. Dsverre er vel mange uopplyste. Synd.

  2. Det er jo dessverre mange som fortsatt er opphengt i hva som egner seg for hvilket kjønn. Egentlig tror jeg det er best å la ungene velge selv.

  3. Pingback: Hamskifte

Comments are closed.