Mixtape

Det er ein del dagar sidan eg såg det nemnd først, rundt om på fleire ulike bloggar. Den nye tenesta kalla Muxtape. Namnet og tenesta er inspirert av dei gode gamle kassettane, der ein tok opp melodiar av ulike artistar, laga ein miks ein hadde sans for, som ein sÃ¥ kunne ha som favoritkassett – eller dela med andre.

Muxtape er ein moderne versjon, der internett spelar rolla som kassett. Og på same måte som med ein fysisk kassett, så er det ei grense på kor mange melodiar du får plass til. I muxtape, så er det 12 melodiar som kan streamast.

Sjølvsagt måtte eg prøva sjølv òg, så om du ville, kunne du høyra på min mixtape. Kunne, fordi tenesta er lagt ned.